JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Yrkeshemmede kløyver ved og gamle haldningar

Gjennom godt utførd arbeid syner dei seg sjølve og andre at dei duger til litt av kvart. Dei tilsette på arbeids- og treningssenteret vinn jobbar på pris og kvalitet.

2011101713390420131216172103

karin.svendsen@fagforbundet.no

Han kløyver ved til den store gullmedaljen. Tor Stian England hiver ein ferdig kløyvd vedkubbe ned i kassa og bøyer seg for å ta tak i ein ny. Med vande rørsler legg han kubben på plass i kløyvemaskina.

Han er rutinert, så det er ingen kunst å smile og helse på forbipasserande midt i arbeidsprosessen. Men når det kjem til sjølve kløyvinga, er England fullt konsentrert om oppgåva. For når han dreg i spaken, sett han i gang ein hydraulisk kløyvar som er skarp nok til å kløyve tjukke vedkubbar, så her må ein vere varsam så ikkje fingrane kjem i vegen.

Variert arbeid

I fire år har England kappa, kløyvd og pakka ved på Luster Arbeids- og treningssenter (ATS) i kommunesenteret Gaupne.

– Før var eg her fire dagar i veka, no arbeider eg fem, fortel England. Han bur i nabokommunen Sogndal, og vert henta for å byrje arbeidsdagen klokka ni kvar morgon.

– Eg arbeider heilt til klokka halv tre, opplyser 26-åringen. Når han ikkje produserer ved, er han med på køyring av ved eller andre produkt frå ATS. Eller han er ute og gjer grøntarbeid her eller hos private kundar.

– Gaupne er eit bra sted å vere, meiner England.

Og det kjem godt med at han arbeider som om han skulle fått medalje for innsatsen. For vedprodukta frå Gaupne er etterspurte. Luster ATS kjøper trevirke lokalt pluss noko frå Hallingdal. Dei produserer 9000 sekker i året, og nesten alt blir kjøpt opp av private kundar. Det gjer bedrifta til den største leverandøren av ved i distriktet, og er ei viktig kjelde til inntekt for verksemda.

Skubbar på haldninger

Odd Atle Stegegjerdet har vore dagleg leiar ved ATS i Luster kommune i Sogn og Fjordane sidan 1998. Han er oppteken av å skubbe på inngrodde haldninger. Det har han og dei tilsette mellom anna gjort gjennom val av arbeidsoppgåver. ATS har til dømes tre bilar, og Stegegjerdet spurde seg sjølv og medarbeidarane kva dei kunne bruke desse bilane til.

– Kva er det folk treng?

Svaret var mellom anna flyttehjelp. Så no hjelper folk med yrkeshemming til når privatpersonar eller verksemder treng hjelp for å få pakka ned og køyrd stort og smått.

– Når me tek på oss mange ulike oppgåver, og klarer det, gjer det noko med haldningane til folk. Både dei som er yrkeshemma og dei som kjøper tenester, ser at moglegheitene er fleire enn me trudde, seier Stegegjerdet.

Transporttenesta er omfattande. Dei køyrer mellom anna tøy til og frå eige vaskeri og mat frå kjøkenet. Tre karar er også engasjerte i postruta til kommunen.

Viser at dei kan

Ynskjet om å endre på etablerte og begrensande haldningar har motivert Odd Atle Stegegjerdet til å finne nye oppgåver for ATS. Difor har dei tilsette og brukarane fleire oppgåver enn dei som tradisjonelt høyrer til på eit slikt senter.

Han likar at folk må spørre seg: Går dette an å gjere for folk med yrkeshemming? Kan folk med utviklingshemming klare noko sånt?

Og ikkje minst likar han at dei får det til.

– Pris og kvalitet gjer at me er etterspurte på mange område, slår han fast.

Så her pakker dei strøsand; private verksemder engasjerer dei for å pakke og sende ut julegåver til tilsette og kundar; dei ordnar opp i hagen til folk, og dei sel filler til industrien som nyttar bomullstøy i staden for tvist. I tillegg driv dei vaskeri – med mange private bedrifter, kommunale einingar og privatpersonar som kundar, og kjøken som produserer mat til møter og selskap både i kommunal og privat regi.

Infiltratørar

Brukarane på Luster ATS er ei samansett gruppe. Det einaste dei har til felles, er at dei er yrkeshemma. Dei som har kognitiv svikt eller annan funksjonshemming, eller eit rusproblem, har ofte eit altfor lite sosialt nettverk.

– Når me leverer produkt og tenester, veks det fram kontaktpunkt mellom brukarane som arbeider her og dei øvrige innbyggjarane, seier Odd Atle Stegegjerdet.

– Når folk frå senteret arbeider nokre timer i hagen til folk, blir dei også kjende med kvarandre. Alle kundar betyr eit nytt kontaktpunkt mellom senteret og brukarane våre og lokalsamfunnet, seier Stegegjerdet.

– Slik infiltrerer me lokalsamfunnet, smiler han, med von om at nye haldningar til folk med yrkeshemming veks fram.

Catwalk

Ei av dei morosame oppgåvene Odd Atle Stegegjerdet kan sjå tilbake på, er då ein tekstilbedrift hyra inn ti brukarar til catwalk med moteklede.

– Her er mange private bedrifter med kreativt engasjement, sier han. Dagleg leiar ved ATS er takksam for at så mange privatpersonar og private verksemder ynskjer å inkludere dei som av ein eller annan grunn kontinuerlig eller for ein periode har falle utanfor den ordinære arbeidsmarknaden.

Den lokale Ap-politikaren er ikkje glad for å måtte seie at det iblant er problematisk å få oppgåver frå offentleg verksemd. Kommunen er riktignok ein viktig samarbeidspartnar, men dei har også sine tilsette og sine tillitsvalde. Då kan det verte konflikter når ATS og dei tilsette konkurrerer om dei same oppdraga.

Rett til kjeft

Eit arbeids- og treningssenter kan vere vegen frå eit tilvere utan kontaktnett, oppgåver og ansvar til ei rolle i samfunnet. Odd Atle Stegegjerdet trur det er viktig at nokon reknar med at du kjem på jobben, og at du tek ansvar for å utføre oppgåver.

– Alle har rett til å få kjeft om dei ikkje kjem. Det syner at dei er naudsynte, seier han.

Han meiner det tyder mykje for oss alle å høyre til på eit lag og å ha oppgåver.

Men om ein brukar ikkje kjem, eller ikkje blir ferdig med ein jobb i tide, blir han ikkje skvisa.

– Det er ein grunn til at dei får plass her. Nokon av dei, særleg dei som har problem med rusmiddel, er stabilt ustabile.

ATS: Arbeids- og treningssenter, blir administrert og finansiert av kommunen.

Tiltak som Nav administrer og finansierer:

VTA: Varig tilrettelagd arbeid.

ASVO: Tidligare brukt om Arbeidssamvirke i offentleg sektor.

Vekstbedrift: Nyare nemning for ein kommunal bedrift som organiserer VTA, normalt eit aksjeselskap med kommunal aksjemajoritet.

Senteret ligg i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det vart etablert for 20 år sidan. Her er ni tilsette i personalgruppa, fordelte på 5,4 faste stillingar. I tillegg har dei iblant ein eller fleire prosjektstillingar. Viktigaste kriteriet for å arbeide her er at du er flink med folk. Praktisk erfaring og realkompetanse er også eit pluss.

Inngangsporten for brukarane er at dei er yrkeshemma. Dei blir tilviste gjennom Nav, fastlege, ruskonsulent eller heimetenesta. Det er om lag 35 brukarar på senteret.

Luster ATS er formelt ein kommunal resultateining, men i praksis ei blanding av arbeids- og treningssenter og varig tilrettelagd arbeid. Dei fekk 3,4 millionar kroner over kommunebudsjettet for 2011. I 2010 tente dei inn 1,4 millionar.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy