JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Velkomen ut i det grøne

Menneske med ein demenssjukdom har mange tap bak seg og treng eit løft. Dagar på eit gardstun eller i fjellet styrker fysiske, sosiale og mentale funksjonar. Eit slikt dagtilbod gjev også dei pårøyrande eit pustehol.

2008021212543420131216035719

Ho stig ut av minibussen, og den kalde vinden treffer kinna og tek tak i skautet. Ho vender om og set seg inn att. Gunhild (80) meiner ho har det betre inni bussen enn utanfor i dag. Saman med fire andre frå dagsenteret for personar med demens har ho vore med bussen frå Vågåmo til Tesse i nabokommunen Lom.

Vegen har svinga seg vestover og oppover, og temperaturen er ein heilt annan enn nede i dalen. Men Jenny (79) og Leif (82) syns det er godt å komme ut og røre på seg. Dei følgjer vegen vidare, småpratar om alle sætrene som ligg her oppe, og undrar seg på om vegen fører heilt bort til Vestlandet.

Men no er det lenge sidan frukost. Dei vender om og treffer dei andre ved bussen. Jorunn Heier, sjukepleiar og turleiar, har funne ei stove som kan gje ly for vinden. Ivar (82) opnar grinda og blir galant ståande og helse kvar og ein velkomen.

Mat og trim Jorunn har førebudd måltidet. No byr ho fram ferdigsmurt lefse, eplebitar og kaffi. Serviettar og glas har ho òg tatt med.

– Eg ordna dette medan Ragnar Olderløkken køyrde rundt og henta alle deltakarane, fortel ho.

Sjukepleiaren nyttar høvet til å servere litt mat med næring og frukt når gruppa treffas.

– Kosthaldet til heimebuande med demens er ofte mangelfullt, særleg for dei som bur åleine.

To dagar i veka møtes dei for å vere ute og i aktivitet. Henting og heimkøyring er ein del av aktivitetsdagen. Og ofte nyttar dei kommunens minibuss også til å køyre ut på tur.

– Uansett om vi køyrer ut eller blir på Klones vidaregåande kor vi samlas, er vi alltid ute og i aktivitet ei stund. Fysisk fostring blir ikkje mindre viktig med alderen, seier Jorunn Heier.

Grøn omsorg Jorunn Heier, som har tatt vidareutdanning som demenssjukepleiar, er koordinator for demensteamet i Vågå kommune. Ho har også arbeidd med grøn omsorg for heimebuande som har fått ein demensdiagnose, sidan dette aktivitetstilbodet blei oppretta for seks år sidan.

Dagtilbodet har heile tida hatt base på Klones vidaregåande skule. For nokre år sidan hadde dei fleire liner på skulen, mellom anna helse og sosial. No er det berre landbruksline att. Gruppa kan bruke verkstad, fjøs, gymnastikksal og utarealet på skulen.

Demenssjukepleiaren er den einaste tilsette som har vore engasjert i dette dagtilbodet heile tida. No har ho med seg Ragnar Olderløkken ein gong i veka. Han er snikkar og miljøarbeidar, men fungerer også som sjåfør. Den andre dagen blir ho assistert av ein aktivitør. Tidlegare har både ein ergoterapeut, frivillige, ein aktivitørlærling og elevar frå helse- og sosiallina på skulen vore knytt til dette grøne tilbodet.

Balanse – Målet vårt er at kvar og ein etter ein dag i grøn omsorg skal oppleve at brukaren har meistra noko, at han eller ho har betydd noko for dei andre og har kjent glede, fortel Jorunn Heier. Ho har heile tida i bakhovudet at dette er menneske som har opplevd mange tap og nederlag.

– Vi prøver å finne aktivitetar som brukarane kan meistre, noko dei har halde på med før og som dei framleis har interesse for, seier ho.

– Det er til dømes populært å arbeide her på garden. Mange har sjølv gått på skulen i ei tid då folk kanskje var vande med meir orden enn no. «Det er ikkje slik det skal sjå ut på ein landbruksskule,» sa ein av brukarane ein dag då vi var ute og raka og rydda. Dei kjende verkeleg at dei gjorde noko nyttig den dagen.

Eit døme på kor vanskeleg det er å vete kva kvar enkelt kan og ikkje kan, er mannen som ikkje lenger klarte å smøre brødskiva si sjølv.

– Då me var ute for å arbeide med ved ein dag, vart vi difor gledeleg overraska over at han faktisk var han i stand til å kløyve.

Det er ei utfordring både å sjå og ta vare på dei sterke sidene hos den einskilde brukar og grensene for kva han eller ho kan ha glede av å vere med på.

– Vi prøver og feilar heile vegen. Ein gong reiste vi til dømes til Gjende for å ro ut og fiske. Mange av dei som den gongen var med, hadde vore ivrige fiskarar tidlegare. Men det synte seg diverre at dei ikkje lenger klarte å ro, fortel ho.

Velkomen Kvar dag i denne grøne omsorgsgruppa byrjar med at Jorunn ønskjer velkommen ved å møte blikket, handhelse og nemne namnet til kvar og ein.

– Stemninga er alltid særs god når vi er saman, fortel ho.

– Brukarane er hyggelege mot kvarandre, og dei liker godt å snakke tull, eller å rive kjeft, som det heiter her.

Slikt blir det mykje moro av. På bussturen tilbake til Vågåmo seier Gunhild, som alltid har ein kjapp, ertande og treffande replikk, meir enn ein gong at «det var ikkje så ilt meint som det var sagt».

Og då minibussen møter ein bil, vinkar Leif. Dei andre spurde om det var ein kar frå Lom.

– Nei, det kan ikkje ha vore det. Han helste tilbake, svarer vagværen med glimt i auget.

Kan takke pårøyrande Kriteria for å bli med i dagtilbodet er at brukaren er vurdert av demensteamet i kommunen, at han eller ho har ein merkbar mental svikt, bur heime og at gangfunksjonen framleis er intakt.

Tilbodet blei oppretta då fleire innbyggjarar under 65 år blei ramma av demens på 1990-talet. Etter initiativ frå pårøyrande og med støtte frå helse- og sosialsjefen i kommunen, blei fyrst demensteamet etablert og sidan aktivitetstilbodet til dei som var ramma.

Til no har elleve brukarar vore med i gruppa.

– På den eine sida har dette vore ein fristad for brukarane. Her skal dei vere seg sjølv og sleppe alt som kan minne om prestasjonspress, seier Jorunn Heier.

Og kanskje like viktig: Det er eit avlastingstilbod til dei pårøyrande.

– Det er tungt å vere saman med eit menneske med demens heile døgeret heile veka. Når ektefellen får høve til å følgje eigne lyster og behov to gonger i veka, er det klart at dei sparer krefter og kan ha mannen eller kona heime mykje lenger enn dei ville ha klart utan dette tilbodet.

Verdt prisen Helse- og sosialsjefen har heile tida vore ein varm forsvarar av det grøne omsorgstilbodet. For han veg det tungt at innbyggjarane har ein juridisk rett til tilrettelagde tilbod når dei får behov for det.

– Dette har framfor alt med livskvalitet og etikk å gjere. Dei som er ramma av sjukdom, får det betre med slike tilbod, meiner Svein Holen.

– Dei pårøyrande treng også eit pustehol og har krav på avlasting, seier han.

Helse- og sosialsjefen meiner også at tiltaket er god økonomi for kommunen.

– Dette er eit billig tiltak for seks-sju brukarar. Dei er stort sett ute, og kommunen bruker mindre enn eit årsverk på å aktivisere dei og halde funksjonsnivået ved like. Slik utset vi trongen til sjukeheimsplass.

Kor store summar kommunen sparer, er ikkje lett å slå fast. Men ein plass på dagtilbodet kostar om lag 50.000 kronar i året medan ein sjukeheimsplass kostar meir enn det tidobbelte.

– Eg har snakka med pårøyrande som meiner dei har vore i stand til å ha ektefellen heime eit år eller halvanna lenger takk vere grøn omsorg. Så det er truleg høge summar vi sparer på dette aktivitetstilbodet, seier Holen.

Kjelder:

Elin Fjaslestad, Jorunn Heier, Tove Kleiven: «Så bra at eg trefte på døkk», Grøn omsorg, Dagsenter for personar med demens, Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens. 2002

Elin H. Aarø Strandli: Den beste dagen på mange år, Dagtilbud for personer med demens i Grønn omsorg, Forlaget Aldring og helse. 2007

KVALITETSARKIVET - KVALITETSHS

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy