JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Rett hjem: Lita tid og mykje slit i heimetenesta

Mange av dei et matpakka i bilen på veg frå den eine brukaren til den andre. Og dei har ikkje tid til å ta omsyn til eigen kropp eller arbeide to og to for å auke tryggleiken og minske belastningane.

2004022112300520131216040542

Arbeidstilsynet har nyleg gjennomført ei kampanje for å betre tilhøva for dei som arbeider i heimehjelpa og –sjukepleia. Inspektørar frå tilsynet har vore i om lag 430 kommunar for å kartleggje arbeidsvilkåra og hjelpe til for å gjere dei betre der det har vore naudsynt. – Når vi er ute på tilsyn, vitjar vi dei ytste ledda i kommunen, fortel prosjektleiar Edle Utaaker. Det er ikkje få distrikt, soner og tilrettelagde bustader inspektørane har vore innom siste året. Og dei har snakka med helseleiarar, tilsette og tillitsvalde i dei aller fleste kommunane. Det er om lag 85.000 tilsette i heimetenestene her til lands. Kartlegginga til Arbeidstilsynet syner at nær 50.000 av desse ikkje er nøgde med arbeidstilhøva.

Tidspress

– Vi har fokusert på fire tema. Framfor alt har vi undersøkt om dei tilsette er råka av for stort tidspress. Kartlegginga syner at sju av ti einingar opplever tidspress som eit problem. Fire av dei sju som kjenner dette problemet, var allereie i gang med å finne ein veg ut av uføret då vi var på vitjing. Dei som ikkje var komne så langt, fekk pålegg frå oss om å sette i verk tiltak for å komme problemet til livs, seier prosjektleiaren. Ho kan opplyse at mange tilsette i heimetenesta kjenner tidspresset meir tyngjande i dag enn det dei gjorde for eit par år sidan. Ein grunn til det kan vere at fleire gamle no bur heime framfor å komme på sjukeheim. Difor er brukarane av heimetenestene meir skrøpelege no enn dei har vore før.

Utan pausar

– Vi har undersøkt om dei tilsette har pausar i lag med arbeidskollegaer. Men diverre er det slik at nokre av dei av og til eller ofte må ete matpakka i bilen. Når dei tilsette ikkje har felles matpause, mistar dei ein naudsynt møteplass for å gi tilbakemeldingar og organisere arbeidet. Mange opplever også at dei må gå frå brukarane før dei er ferdige med arbeidet, eller dei må arbeide lengre enn den tilmålte tida. Som døme på tiltak som kan vere effektive for å minske tidspress nemner Utaaker ein arbeidsplan som gir rom for å tilkalle vikarar ved sjukefråvere. – Arbeidsplanen kan og gi rom for å prioritere bort nokre oppgåver dersom ein brukar har vorte dårlegare og difor treng meir pleie enn elles. Og somme stader må ein tenkje på at dei tilsette kjører langt for å komme ut til alle brukarane. Da må ein ta omsyn til at føret ikkje er det same heile året.

Belastningar

Arbeidstilsynet har også undersøkt om dei ulike einingane gjer nok for å førebygge belastningssjukdommar hos dei tilsette i heimetenesta. – Åtte av ti tilsette opplyser at dei opplever belastningar ved tunge lyft eller uheldige arbeidsstillingar, og at dei reknar med at dette kan gi skader eller sjukdommar, opplyser Utaaker. Ho legg vekt på at tidspress kan spele ei viktig rolle også for utviklinga av skader som skuldast belastningar. – Er tidspresset stort, tek ein seg ikkje tid til å tenkje på eigen kropp. Det blir heller ikkje tid til å bruke hjelpemiddel eller reise to saman, seier ho. For å førebygge belastningsskadar meiner Utaaker det er naudsynt at to og to arbeider saman til dømes når dei skal hjelpe ein brukar som er avhengig av pasientheis. Og blant dei som bur heime, er det mange som har små og tronge bad. I staden for at dei tilsette i heimetenesta skal arbeide i feil stilling, bør ein tenkje på mogelegheita til å kjøre brukaren til ein institusjon for å ta seg eit bad. Skikkeleg utstyr for reingjering kan også verke førebyggande. Enkelte kommunar sørgjer sjølv for slikt utstyr.

Vald og trakassering

Dei som har ansvar for omsorg og reinhald i heimen til andre menneske, opplever i blant å bli utsette for vald eller trugande åtferd av utagerande brukarar eller pårørande. – Seks av ti rapporterer at vald, trugsmål eller trakassering er eit problem. Eg trur ikkje vi kan bli heilt kvitt denne typen problem. Men det krev at dei tilsette får opplæring i korleis dei kan dempe aggresjon. Og dei treng oppfølging når dei har vore utsette for kjefting, spytting og det som verre er. Naudsynte tiltak for å betre tryggleiken til dei tilsette kan vere at dei aldri går åleine til brukarar som kan opptre trugande, eller som har vener eller familie som kan gjere det. I tillegg må ein vurdere å utstyre dei tilsette med mobiltelefon eller alarm slik at dei kan tilkalle hjelp dersom dei kjenner seg utrygge.

Pålegg må følgjast

Dei einingane som er blitt pålagde å gjere noko for å minske tidspresset, førebygge belastningsskadar på grunn av tunge lyft eller uheldige arbeidsstillingar, eller å gjere noko for å auke tryggleiken til dei tilsette, må melde frå om kva for tiltak dei har sett i verk. Arbeidstilsynet sjekkar om pålegga er følgt og om tiltaka verkar. – Både dei tilsette, mellomleiarane og dei fleste kommunane er positive til kampanjen, seier prosjektleiaren. Ogdet sjølv om dei får dagsbøter om ikkje pålegga blir følgt opp.

KVALITETSARKIVET - KVALITETSHS

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy