JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

IA-bedrift: Frisk med ny turnus

Dei sleit med høgt sjukefråvere i lang tid. Da kommunen blei ein IA-bedrift, blei det lettare for omsorgtenesta å ta tak i problema. Av alle gode tiltak hadde nok innføring av ynskjeturnus størst verknad.

2004102114463520131216040612

Dei sit og nippar av sherryen, smattar nøgd, men somme tykkjer nok han kunne ha vore mindre kald. Fredag føremiddag er det feststemning på Utneheimen. Miljøarbeidar Torhild Pettersen skjenkar heimelaga vin i glasa til dei som ynskjer det. Får ho hjelp nok og tid til det, leiar ho allsongen. Og dersom Kjellaug Solheim er på vakt, blir det trekkspel og kanskje ein dans på dei som ynskjer det.

Ein heim

Dei tilsette på Utneheimen er svært så klar over at dette framfor alt er ein heim for dei som bur her, og ein heim skal vere triveleg. Difor ei sosial samling på slutten av kvar veke. Det er også difor folk til dømes får ete når dei sjølv ynskjer det. Og det er bakgrunnen for at pleiarane aldri går inn på eit rom utan først å banke på døra. – Når vi går inn til bebuarane, går vi inn i deira private område, understrekar Turid Kvestad, sjukepleiar og nestleiar ved Omsorgstenesta vest. Ho er glad for at så mange ferievikarar seier dei er gledeleg overraska over den respekten dei tilsette ved Utneheimen viser bebuarane.

Dyktig stab

På Utneheimen er det ei demens- og ei somatisk avdeling. Også dei heimebaserte tenestene og omsorgsbustadene i Ullensvang kommune høyrer til i Omsorgstenesta vest. Inkludert kjøken, vaskeri og kontor har omsorgtenesta om lag 65 tilsette. Tenestene blei samla for eit par år sida, og det gjekk ifølgje nestleiaren knirkefritt. – Dei fleste pleiarane her er fagarbeidarar, og mange av dei har tatt etterutdanning i demensomsorg eller geriatri. Og så har vi nokre assistentar med god realkompetanse, fortel Kvestad, som karakteriserer staben som svært så dyktige.

IA-bedrift

Men alt har ikkje alltid vore berre vent og vakkert på Utneheimen. For ikkje lenge sidan var sjukefråveret oppe i heile 14 prosent. – Vi hadde lenge eit slitsamt arbeidsmiljø. Det låg ein del ting her, seier Kvestad vagt. Og vi let den historia liggje. Frå januar 2003 har Ullensvang kommunen vore ein IA-bedrift. – Det blei med eitt mykje lettare å ta tak i til dømes langtidsfråveret, tykkjer nestleiaren. Av seks tilsette som då hadde vore lenge borte frå arbeidet, er no fem tilbake i full jobb, og sjukefråveret er kome ned i seks prosent.

Ynskjeturnus

Bente Måkestad, hjelpepleiar og tillitsvald i omsorgstenesta, seier at av alle dei gode tiltaka som blei sette inn for å betre arbeidsmiljøet og redusere fråveret, var nok innføring av ynskjeturnusen det som hadde mest å seie. – Vi styrer no arbeidstid og fritid betre. Det gjev større trivsel mellom dei tilsette. Slik blir vi meir tilfredse med arbeidet og i stand til å ta meir ansvar og yte meir, seier ho og får støtte av omsorgsarbeidar Kari Buttedal, ein av forhandlingsleiarane på turnus. Også Turid Kvestad er nøgd med ordninga. – Denne sommaren klarte dei tilsette å sette opp ferieturnusen på ein måte som leiinga aldri kunne ha gjort. Hadde vi prøvd oss, hadde vi nok fått så øyro flagra, spøkjer ho, og blir supplert av Buttedal. – Vi klarte oss nesten utan ferievikarar, og det var alltid minst ein kjend pleiar på vakt, fortel ho. Ein grunn til at ferien let seg avvikle så greitt, er at dei tilsette kan gå doble vakter utan overtidsbetaling. Dei samlar i staden timane i kva sin timebank. Medan Kvestad tidlegare brukte mykje tid på å dekkje opp fråver, treng ho nesten aldri ta slike telefonar lenger. – Og vi som er heime, treng ikkje lener vere redd for å ta telefonen, legg Måkestad og Buttedal til. Kvestad bruker mest inga tid på å dekkje opp, og kan arbeide to heile dagar ute i avdelinga.

Trening og vegleiing

Den gjennomsnittlege alderen til innbyggjarane i Ullensvang blir stadig høgare. Ungdomen reiser ut for å ta ei utdanning, og ikkje alle vender heim att. – Vi kan ikkje rekne med å rekruttere mange unge til omsorgstenesta. Her gjeld det difor å halde på folk og å halde dei friske, seier Turid Kvestad. Dei tilsette fekk difor tilbod om psykosomatisk fysioterapi med badetrening, og seks av dei var med i eit år. Kommunen har og ein psykiatrisk sjukepleiar som heldt vegleiing for fleire grupper med 5-6 tilsette kvar veke i eit år. – Der kunne vi komme med alt vi hadde på hjartet, og vi utvikla arbeidsmiljøet gjennom at vi hadde mange gode samtaler og blei godt kjend med kvarandre, seier Måkestad.

KVALITETSARKIVET - KVALITETSHS

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy