JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kva er gale med profitt?

To barnehageinvestorar som eig fleire barnehagar i Bodø, Lofoten og Tromsø tok på tre år ut eit utbytte på til saman 17 millionar kroner, skriv Fagbladets redaktør Johnny Daugstad.

2008061310080420131216054235

To barnehageinvestorar som eig fleire barnehagar i Bodø, Lofoten og Tromsø tok på tre år ut eit utbytte på til saman 17 millionar kroner.

No vil riksrevisjonen granske saka. Fagforbundet ynskjer eit forbod mot utbytte. May Helen Molvær Grimstad (KrF) vil setje eit tak. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell vil sjå på saka.

Fagforbundet viser til at det ikkje er lov å hente ut overskot frå friskular. Styreleiar Ragnar Johansen i Norske fag- og friskolers landsforbund tykkjer det er naturleg at private barnehagar og skular skal ha same regelverket.

Men det meiner ikkje marknads­liberalarane i miljøet kring tenke­tanken Civita og tidsskriftet Minerva. Der lurer dei på kva som er så gale med profittmotivet.

«Høyre, og faktisk hele det politiske spektrum bortsett fra ytterste venstre aksepterer dette som legitimt og akseptabelt i hele privat sektor, og erkjenner at det er en viktig drivkraft for effektivitet og innovasjon. Profittmotivet er også akseptert for de aller fleste private aktører som yter tjenester til det offentlige, gjennom anbud, stykkpris og direktekjøp,» skriv Jan Arild Snoen i Minerva.

 Sidan han meiner at profittmotivet er det normale, og helst også i offentleg sektor, er Snoen frustrert over at Bondevik si regjering, med Kristin Clemet i spissen, klart slo fast at ingen skulle tene pengar på å drive skular. Han meiner at det ikkje er nokon prinsipiell skilnad mellom å tene pengar på barnehagar og skular. Og han har rett! Det er det same! Diverre for liberalistane vil det norske folket at skattepengane skal gå til gode offentlege tenester og ikkje til privat profitt.

Trass i marknadsliberalistane sin propaganda: Profittstyrte offentlege teneseter opplever ikkje effektivisering, nyskaping og fagleg utvikling. I barnehagesek­toren er det no slik at dei som satsar på kvalitet og eit best mogeleg pedagogisk tilbod til borna, slit med dårleg økonomi og underskot. Samstundes kan profitørane le heile vegen til banken.

Ja, du må nok sjå på dette Solhjell.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy