JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lær om fagrørslas historie

Er du tillitsvald og vil kjenne historia til rørsla du er ein del av? Har du leita forgjeves etter studietilbod? Ikkje så rart, for det finst knapt. Heldigvis er det håp. I Trondheim startar eit skreddarsydd studium no i vår.

2009021010084920131216084751

Høgskolen i Sør-Trøndelag står bak. Dei har utvikla tilbodet i tett samarbeid med LO Trondheim, Fagforbundet og Utdanningsforbundet. Samlingar, ekskursjonar, oppgåver og it-basert læring skal gi 30 studiepoeng ved fullført løp.

Født på TMV

Ideen kjem frå Per Overrein og Svein Olav Aarlott. Dei var arbeidskameratar den gongen TMV var eit skipsverft midt i Trondheim sentrum. Sia gikk dei kvar sin veg. I dag er Aarlott forhandlingsleiar for Fagforbundet i Trondheim kommune. Overrein er førsteamanuensis ved Høgskolen i Sør-Trøndelag.

Sjølv er Overrein samfunnsvitar, men blant kollegene på HiST finst solid og relevant historisk kompetanse: Ein skreiv hovudoppgåve om Mo i Rana, ein annan om Postforbundet, ein tredje om Senterpartiet.

Solid støtte

I oppbygginga av studiet har Overrein og Aarlott hatt solid støtte av ei referansegruppe der blant andre tidlegare studieleiar Finn Bærland i Fagforbundet har vore med. Bærland er ein veteran med stor kjennskap til fagrørslas historie. Kristin Bjørlykke frå LO Trondheim og Agneta Gudmundsen frå Utdanningsforbundet Trondheim har også deltatt. No er det faglege innhaldet klart. Samtidig vil studentane få stor fridom til å velje oppgåver sjølve. Initiativtakarane ser for seg at noen kanskje vil bruke studiet til å lage ein plan for historia om si eiga fagforeining.

Blant dei eksterne lærekreftene som er engasjerte, trekker initiativtakarane særleg fram historikar Harald Berntsen og historikar og statsvitar Trond Nordby.

Ny studentgruppe

– For oss på HiST blir det spanande å få ei studentgruppe der det går an å komme inn utan generell studiekompetanse. Vi har lagt vekt på at realkompetanse, til dømes frå fagrørsla, også skal gi rett til studieplass, fortel Per Overrein. Han trur dette tilfanget vil gjere studiemiljøet ved høgskolen rikare.

Initiativtakarane har og handla med overlegg når dei har rekruttert ut over LO-familien i oppbygginga av studiet. Både lærarane og sjukepleiarane vart inviterte. Sistnemnde takka nei, men Utdanningsforbundet er med.

– Avstanden, konfliktane og etter kvart samarbeidet mellom dei ulike delane av fagrørsla er ein viktig del av historia. Dette handlar blant anna om korleis enkelte organisasjonar har gått vegen frå laug til fagforeining. Derfor syntest vi det var viktig å rekruttere breitt, seier Aarlott.

Tilnærminga rimar godt med samarbeidet i det som gjerne blir kalla Trondheimsmodellen.

Frå krav til lov

Tittelen på studiet er «Arbeidsliv, fagorganisering og demokratisering». Gjennomføringa blir dels tematisk, dels kronologisk.

Dei tematiske hovudområda blir for det første arbeidsliv, organisering og avtaleverk, for det andre demokrati og velferd, og for det tredje økonomi og ideologi.

– Eitt av fenomena vi ønskjer å sjå nærmare på, er korleis rettar vi ser på som sjølvsagte i dag, har vorte kjempa fram av fagrørsla opp gjennom historia. I dag er mange av dei lovfesta, men dei har nesten alltid vorte oppnådde som del av tariffavtalar før dei kom så langt, poengterer Aarlott. Forkortingane i arbeidstid er berre eitt av mange døme.

Tar til i 1850

Den kronologiske gjennomgangen blir delt inn i fire epokar. Perioden frå 1850 til første verdskrigen tar for seg utviklinga frå dei første forsøka fram til ei velorganisert fagrørsle. Bonderørsla og dei Venstre-inspirerte arbeidarforeiningane tilhøyrer forløparane til fagrørsla i denne epoken. Det same gjer thranittar-rørsla, med sine 30.000 medlemmar.

Perioden frå 1914 til 1945 gjennomgår klassekamp, konfliktdemping og okkupasjonstid. Frå 1945 til -75 ligg fokus på sosialdemokratisk orden, velferdsstat og spirar til ny radikalisering, mens tida deretter handlar om høgrebølgja, avindustrialisering og globalisering.

Ope for alle

Det seier seg sjølv at slik kunnskap vil vere spesielt verdifull for fagorganiserte, men studiet er ope for alle interesserte.

Fagforbundet lokalt og sentralt, LO kommune og Utdanningsforbundet har til saman skote inn omkring 300.000 kroner for å sikre finansieringa av studiet.

Kursavgifta blir 13.000 kroner, men det går an å søke støtte hos organisasjonen sin. Første samling er helga 17. og 18. april. Påmeldingsfristen er 15. februar.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy