JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Aktivitetar for yngre med demens

Når dei skriv eit dikt i lag med andre, eller måler sitt fyrste bilete på mange år, kjenner dei at dei framleis duger. Det viktigaste dei tilsette kan gjere, er å styrke sjølvkjensla til dei som tidleg vert råka av demens.

2013100308322420131214211016

karin.svendsen@fagforbundet.no

– Desse jentene ser det dei skal sjå.

Mannen som sit på setet bak meg i bussen, kakkar meg på skuldra og gjentar at dei som arbeider på Råkhaugen, har blikk for å sjå korleis folk har det.

Trygve nyttar kvart eit høve til å snakke godt om dei tilsette ved Råkhaugen dagsenter i Molde. Den tidlegare matematikklæraren vart tidleg råka av demens. Han tykte det var rart at forståinga av mate­matikken forsvann. Men han kjenner endå sterkare at diagnosen gjekk ut over sjølvkjensla.

– Men her har vi det godt. Desse jentene ser med ein gong om nokon ikkje har det bra, fortel han.

Form viktigare enn alder

Råkhaugen dagsenter er eit tilbod for personar med demens. Yngre personar med demens har eigne dagar på dagsenteret. Men for å fylle opp plassane har også eldre som framleis bur heime, fått plass. Det er ikkje fordi det ikkje er så mange yngre med ei demensliding i Molde. Men for mange tek det tid å få ein diagnose. Det kan også vere ein bøyg å definere seg sjølv som brukar med demens.

– Difor hadde vi berre nokre få brukarar den fyrste perioden, fortel Marit Angen, hjelpepleiar og dagleg leiar på Råkhaugen. Ho og kollegaene meiner alder er mindre viktig enn fysisk form. Difor har dagsenteret no brukarar frå 42 til 88 år. Felles for dei er at dei er fysisk spreke og har glede av ymse aktivitetar og av å møtast.

Gjev sjølvtillit

– Den viktigaste oppgåva vår er å gjere det til ei god oppleving å vere på dagsenteret, meiner Marit Angen.

– Dei som vert ramma av demens, får gjerne låg sjølvkjensle. Difor må nokon gje dei høve til å meistre, seier ho. Og den oppgåva tek ho og medarbeidarane hennar på seg – seks dagar og to kveldar kvar veke.

Dagsenteret har eigen buss, og fleire av dei tilsette har løyve til å kjøre Blåbussen. I dag er det Elisabeth Gravdehaug som køyrer, medan Anne Karin Gjendem er guide.

Gjennom mikrofonen presenterer ho både fakta, folkesnakk og folketru om stader, bygg og natur­fenomen på vegen ut mot Hustadvika. Bussturen gjev høve til å sjå og høyre, minnes og snakke om det vi ­passerer – og ikkje minst le av guidens mange vittige kommentarar til det vi ser langs vegen.

Den viktige frukosten

Dagen på Råkhaugen byrjar alltid med ein lang frukost. Men før dei kjem så langt, er alle brukarane henta heime. Og med lange avstandar kan det for ein og annan verte ein lang tur. Sjåføren køyrer ut for å hente folk klokka åtte, og fyrst i titida er alle framme.

Om morgonturen er lang, skal han helst ikkje vere langdryg. Også den turen skal vere ei god oppleving med historier og andre kommentarar til utsikten frå bussetet.

Dei tilsette på Råkhaugen er samde om at livet ikkje er slutt om nokon får ein demensdiagnose. Difor er brukarane på Råkhaugen ute på tur eller opptekne med ymse aktivitetar innandørs mest kvar dag heile året.

Men av alle aktivitetane er frukosten den viktigaste. Brukarane kjem inn til fire–fem dekka bord med stearinlys og bordkort i stein. Aktivitøren har også sett fram brødskiver og pålegg på alle borda. Kvar og ein finn sin plass. Dei tilsette et i lag med brukarane og får med seg korleis det står til både med mathugen og humøret til kvar og ein.

Fort forfall

Dei som arbeider på Råkhaugen, treng inga forsking som fortel at dei gjer ein verdfull jobb. Dagsenteret er stengd på alle raude dagar og dermed heile påska. Dei fortel at det var som å byrje på nytt igjen etter at brukarane hadde vore heime i påska.

– Nokre av dei bur åleine, og hadde ikkje vore saman med andre på over ei veke. Dei var utrygge og passive då vi møttest igjen. Det var trist å sjå, tykkjer Marit Angen.

Men snart var dei tilbake i rutinane, og humøret og forma vende også tilbake.

– Vi ser tydeleg at tilbodet held dei oppe. Og vi er heilt sikre på at vi forlenger den tida dei kan bu heime.

Lever livet

Marit Angen er klar på at eit menneske som har fått ei demensliding, ikkje skal sitje på eit rom for seg sjølv.

– Dei skal framleis vere ute der livet vert levd. Det er så mykje dei framleis kan vere med på, kjenne glede ved å gjere – og ikkje minst oppleve at dei lukkast.

Difor er brukarane ute på busstur, dei reiser på bowling og kafé. Eller dei er på dagsenteret og speler bingo, syng, skriv dikt eller måler bilete.

Leiaren på Råkhaugen har inga røynsle med at brukarane vil sitje passive åleine framfor å vere med på tur eller aktivitet.

– Det handlar om korleis vi legg det fram. Viss vi viser entusiasme og glede og seier at no drar vi på tur, så er dei med på det. Her er dei med på alt. Til og med å synge for 200 tilhøyrarar som vi skal gjere i morgon, seier ho.

Og frå setet bak oss, supplerer Trygve.

– Eg gler meg til i morgon. Det skal bli ein suksess.

Demensplan 2015 gjev alle med ein demensdiagnose rett til eit ­aktivitetstilbod som passar for dei. Dagleg leiar ved Råkhaugen råder andre til å byrje i det små, lage ein handlingsplan og skred­darsy tilbod til yngre personar med demens.

Alle kan søkje om støtte frå Helsedirek­toratet. Dei rår over 350 millionar kroner som skal nyttast til å sette i gang nye tiltak for personar med demens.

Målgruppa for Råkhaugen er personar med demens som framleis bur heime. Dagsenteret vart opna i 2008 og har i dag 23 brukarar. Dei har vedtak på mellom ein og seks dagar i veka.

Senteret er ope frå måndag til laurdag samt to kveldar i veka.

Råkhaugen har to filialar med ein ambulerande sjukepleiar. Her er til saman seks brukarar.

Ein kveld i månaden inviterer Råkhaugen til skule for pårørande. I samtalegrupper og plenum får dei tips om kva brukarane treng.

Dei er åtte tilsette i seks årsverk på dagsenteret. Her arbeider sjukepleiar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, aktivitør, vernepleiar og bustadassistent. Alle har vidareutdanning i demensomsorg. Nokre har sertifikat for å køyre buss. Dei har også tatt kurset Demensomsorgens ABC.

Råkhaugen samarbeidar med Fagforbundet om fagleg utvikling. Medan leiar på Råkhaugen organiserer, betaler og forbundet to fagdagar i året. Dei er opne for alle som arbeider i demensomsorgen i kommunen.

Rebecca-losjen støtter aktivitetar på Råkhaugen. Dagsenteret har også fått frie midlar frå Helsedirektoratet til aktivitetar.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy