JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Flest sjukepleiarar på etterutdanning:

Fagforbundet har sponsa kursstad med millionar: Berre ein av fem studentar er helsefagarbeidar

FLEST SYKEPLEIARAR: Sykepleiarane er i stort fleirtal på vidareutdanninga på Verdighetssenteret. ILLUTRASJONSFOTO

FLEST SYKEPLEIARAR: Sykepleiarane er i stort fleirtal på vidareutdanninga på Verdighetssenteret. ILLUTRASJONSFOTO

Erik M. Sundt

Fagforbundet har sponsa Verdighetsenteret med millionbeløp sidan 2008. På etterutdanninga i akuttmedisin for eldre er likevel under 20 prosent helsefagarbeidarar. Dei fleste er sjukepleiarar.

2019100409372620230821171436

karin.svendsen@fagbladet.no

Målgruppa for etterutdanning i akuttmedisinsk i eldreomsorg ved Verdighetsenteret i Bergen er ferdig utdanna helsepersonell frå heile landet. Senteret opplyser at av dei 374 som fram til no har tatt denne etterutdanninga, er 69 helsefagarbeidarar. Dei utgjer berre 18 prosent av studentane. Resten er sjukepleiarar (78 prosent) eller vernepleiarar (4 prosent).

SSB: Dramatisk nedgang i behovet for helsefagarbeidere

Tverrfagleg tilbod

På spørsmål om denne etterutdanninga passar best for sjukepleiarar svarer Silje Eikemo, leiar for avdeling Helse og omsorg ved Verdighetsenteret, at tilbodet også passar for helsefagarbeidarar.

– Undervisninga er lagt på minimum bachelornivå. Men deltakarar som er helsefagarbeidarar, har likevel rapportert at dei har stort utbytte av undervisninga, seier ho.

Ifølgje Eikemo er det ingen fagleg grunn til at ikkje fleire helsefagarbeidarar tar etterutdanninga.

– Vi legg vekt på tverrfagleg samarbeid og opplever at det er ein styrke å tilby utdanninga for begge yrkesgruppene, seier ho.

Dette sykehuset satser på helsefagarbeidere

Rundt 30 millionar frå Fagforbundet

Verdighetsenteret blir no hovudsakleg finansiert over statsbudsjettet.

Men også Fagforbundet støttar senteret og utdanningstilboda der. Frå 2008 til 2017 med tre millionar i året. Dei to siste åra med 1.5 millionar kroner årleg. Samla støtte frå Fagforbundet har altså vore 33 millionar kroner. Ein føresetnad for tilskotet har heile tida vore at senteret skal tilby tverrfagleg etterutdanning.

Helsefagarbeidarar utgjer den største gruppa i Fagforbundet med 50.000 yrkesaktive medlemmer. Til samanlikning er det 4.000 sjukepleiarar som er medlemmar av forbundet.

At berre 18 prosent av kursdeltakarane er helsefagarbeidarar, uroar ikkje Kurt Rønning, nestleiar i Fagforbundet Yrkesseksjon helse og sosial.

– Overalt ser vi at dei som har høgst kompetanse, er dei som får tilbod om meir. Difor syns eg faktisk at det er bra at deltakinga på denne etterutdanninga ligg nær opp til 20 prosent, seier han.

Vil ikkje krevje betre balanse

Kurt Rønning meiner tala tyder på at stadig fleire arbeidsgjevarar ser nytta av at også fagarbeidarar får fagleg påfyll. Han syns også det er positivt at så pass mange vernepleiarar har fått denne etterutdanninga.

– Dei har mykje å bidra med i omsorga ved livets slutt, seier han.

– Er det greitt at somme arbeidsgjevarar vel å tilby etterutdanning berre til sjukepleiarar og at Verdighetsenteret aksepterer det?

– At nokre kommunar vel å sende berre ei yrkesgruppe, legg vi ikkje på Verdighetssenteret, seier han.

Rønning meiner det er ein tendens til at kommunar prioriterer å gje etterutdanning til dei som frå før har høgast utdanning.

– Vil Fagforbundet krevje at senteret sikrar ein betre balanse mellom yrkesgruppene?

– Nei. Det er Verdighetsenteret si oppgåve å utvikle og tilby utdanning. Vår oppgåve er å oppdra dei som sender deltakarar. Det kan vi ikkje pålegge dei.

Sponsar ikkje berre eigne medlemmar

– No kan det vere slik at Fagforbundet sponsar etterutdanninga til fleire av medlemmane til Norsk Sykepleierforbund (NSF) enn til sine eigne. Er det greitt eller vil de invitere NSF til å bidra økonomisk?

– Vi veit ikkje kor deltakarane er organiserte. Det kan godt vere at mange av sjukepleiarane er medlemmar i Fagforbundet. Det gjeld også vernepleiarane. Vi organiserer jo alle som arbeider i sektoren, påpeiker Kurt Rønning.

– Kva har medlemmane til Fagforbundet igjen for samarbeidet med senteret?

– Verdighetsenteret har eit sterkt fagleg miljø, og vi har ein avtale om at dei held opptil fire gratis kurs i året for oss. Det har medlemmar over heile landet stort utbytte av.

– Dessutan er leiar i Fagforbundet Yrkesseksjon helse og sosial medlem av styret i Verdighetsenteret. Slik gjev samarbeidet oss moglegheit til å påverke ein viktig aktør i eldreomsorga, og då særleg på det palliative området, altså omsorg ved livets slutt, seier Rønning.

«Utdanningen er rettet mot fagutdannet helsepersonell som f.eks. sykepleiere og hjelpepleiere, ansatt i eldreomsorgen.»

Kilde: Verdighetsenteret

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy