TRØBLETE: – Viss eg er inhabil i denne saka, må alle som har barn eller barnebarn i skulen ofte droppe møta i kommunetyret, seier ordførar Terje Mathiassen.
Askøy kommune
karin.svendsen@fagbladet.no
Med 18 mot 17 stemmer vedtok kommunestyret i Askøy nyleg at sjukeheimane i kommunen skal drivast av kommunen sjølv frå april 2018.
• Dei tilsette gler seg over høgare løn
– Vi tek ansvar – ikkje berre for brukarar av velferdstenestene, men også for dei tilsette som utfører tenestene, seier Elsa Benjaminsen, gruppeleiar for Arbeidarpartiet i kommunestyret på Askøy.
Det ansvaret kostar nesten tre millionar kroner i året. Det er prisen for at dei tilsette skal få høgare løn og betre pensjon.
Dei 18 representantane kjem frå Ap, SV, Raudt, Miljøpartiet dei grøne og Askøylista.
Framstegspartiet, Høgre, Venstre og KrF har 17 representantar i kommunestyret. FrP vil no be kommunestyret vurdere om ordføraren var inhabil under handsaminga av saka.
• Oslo tok tilbake Madserudhjemmet
Kona vil tene meir
Då Attendo vann anbodet i 2013, var kontrakten på fem år pluss ein opsjon på eitt år. Det vil seie at kommunen kan velje om selskapet skal få halde fram eitt år utover perioden på fem år, altså til 2019. Framstegspartiet er sterkt usamd med fleirtalet som ikkje ville la Attendo halde fram til 2019. Ifølgje Roald Steinseide (FrP) hadde Attendo eit rimeligare tilbod enn kommunen. Dei private har også tilbydt meir fagkompetanse.
FrP stiller no spørsmål ved habiliteten til ordføreren då kommunestyret handsama spørsmålet om Attendo skulle få drifte deler av Askøys eldreomsorg eitt år til.
– Vi vil få vurdert om ordføraren var habil, og om vedtaket er lovleg, seier FrPs medlem av kommunestyret, Roald Steinseide.
Han er ikkje nøgd med at ordføraren har undersøkt sin eigen habilitet ved berre å spørje rådmannen.
– Kona til ordføraren arbeider på sjukeheimen, og ho vil kanskje få høgare løn og betre pensjon med dette vedtaket. Difor meiner vi at han var inhabil, seier Steinseide.
• Bergen tok tilbake to sykehjem
Ingen kjeltring
Han legg til at det ikkje er rådmannen, men kommunestyret som fattar vedtak, som også skal vurdere habiliteten til dei som stemmer over eit forslag.
– Men ordføraren vår er ingen kjeltring. Han har berre vore litt klønete, understreker FrP-representanten.
• Byrådet i Oslo vil kommunalisere 15 sykehjem
– Mange kan vere inhabile
Ordførar Terje Mathiassen (Ap) meiner han har sitt på det tørre.
– Når eg spør rådmannen om eg er habil i ei sak, betyr det at eg ber administrasjonen, som mellom anna har juridisk kompetanse, vurdere spørsmålet.
Ordføraren vedgår likevel at han nok skulle ha opplyst kommunestyret om at kona hans var tilsett i Attendo.
– Diverre var ikkje dette i mine tankar, seier Mathiassen.
Alle sjukepleiarar har lovfesta rett til same pensjon anten det er kommunen eller Attendo som er arbeidsgjevar. Vedtaket i kommunestyret påverkar difor ikkje pensjonen til ordførarens kone.
Ordførarenn seier store deler av kommunestyret ofte ville vere inhabil viss han var det i denne saka.
– Er alle som til dømes har barn eller barnebarn i skulen, inhabile kvar gong vi diskuterer noko som har å gjere med skulen?
Forpliktande plattform
Ein av dei som har arbeidd iherdig for at kommunen skulle ta tilbake drifta av eldreomsorgen i Askøy kommune, er Elsa Benjaminsen (Ap).
– Det er ikkje riktig at dei tilsette skal betale rekninga for primærtenestene i kommunen, seier ho.
(Saka held fram under biletet)
VELFERD: – Vi skal bruke alle pengane til velferd, seier Elsa Benjaminsen, gruppeleiar for Ap i Askøy kommunestyre.
Inger Helen Midtun
Saman med SV, Miljøpartiet dei grøne, Raudt og Askøylista vann Arbeidarpartiet fleirtalet ved kommunevalet 2013. Dei vart samde om ei politiske plattform der dei fem partia forplikta seg til å ta tilbake dei primærtenestene som var privatiserte.
Det er bakgrunnen for at fleirtalet i kommunestyret no har vedtatt at drifta av Ravnanger sjukeheim og to avdelingar på Kleppestø sjukeheim skal overførast til kommunen.
• Ina og Vigdis har samme jobb. Vigdis tjener 65.000 kroner mer enn Ina. Hvorfor?
– No går alle pengane til velferd
Benjaminsen meiner det er opplagt at ingen private kjem inn i velferdssektoren utan at dei vil tene pengar på det.
– Det forstår vi. Men det betyr at nokre av dei pengane vi betaler, ikkje blir brukte på tenestene. Det blir feil, seier ho.
Benjaminsen meiner fleirtalet i kommunestyret no har tatt ansvar både for dei tilsette og for brukarane.
Ansvar for dei tilsette
Gruppeleiaren til Ap fortel at då Attendo for fem år sida vann anbodet, var tilbodet frå kommunen om lag fem millionar kroner høgare enn tilbodet frå den kommersielle tilbydaren.
– Det var i hovudsak pensjonskostnadane som utgjorde forskjellen, opplyser ho.
Hilde Lende Aune, tillitsvald på ein av sjukeheimane som no skal tilbake til kommunen, er svært glad for at fleirtalet i kommunestyret ikkje berre tek ansvar for bebuarane, men også for dei tilsette.
– Desse tala viser tydeleg kva dei tilsette taper i pensjon når eit kommersielt selskap har så mykje lågare pensjonsutgifter enn kommunen, seier ho.
(Saka held fram under biletet)
GLAD: Hilde Lende Aune, tillitsvalgt på Ravnanger Attendo sykehjem, er nøgd med at politikarane også tek ansvar for dei tilsette.
Martine Grymyr, Fagforbundet
FrP legg seg ikkje opp i løn
Ein annan Frp-politikar, Stig Abrahamsen, har også engasjert seg i debatten om kven som skal drive sjukeheimane i Askøy kommune. I eit avisinnlegg skriv han at "Fremskrittspartiet er opptatt av en ting i spørsmålet om hvem som skal drive sykehjemmene. Nemlig hvem som kan gi de eldre best mulig eldreomsorg for pengene."
På spørsmål om han også bryr seg om arbeidsvilkåra til dei tilsette, svarer han:
– Ja, eg er opptatt av at dei har ordna forhold.
– Kva meiner du om at dei tilsette i Attendo får lågare løn enn om dei er tilsette i kommunen?
– Vi legg oss ikkje opp i lønnsforhandlingane når dei går føre seg mellom KS og dei tilsettes organisasjonar, svarer han, men legg til at det ligg eit krav i anbodsdokumenta at arbeidsgjevar må inngå ein tariffavtale med dei tilsette.
Neste møte i kommunestyret i Askøy er i slutten av september. Då vil krav om
KREV UNDERSØKING: –
TEK ansvar:
Ordføraren vår er ingen kjeltring. Han har berre vore litt klønete
Roald Steinseide (FrP)
Uføre som er født mellom 1954 og 1962 vil få mer inn på konto hver måned.
Hanna Skotheim
TROFAST: Morten Andresen og Kari Tennebekk har 24 års historie sammen
Kathrine Geard
Fellesforbundets Jørn Eggum overleverer kravene fra arbeidstakerne til arbeidsgiverne i Norsk Industri.
Erlend Tro Klette
Kathrine Geard
Pensjonsforliket har to grunnpilarer. Det ene er at folk må stå noe lenger i jobb, den andre er at både myndigheter og partene selv må bidra til at det faktisk blir mulig å ha helse til å jobbe lenger, sier Tuva Moflag.
Sissel M. Rasmussen
EKSTRA: Må du jobbe på de røde påskedagene, blir det noen ekstra kroner i kassa.
colourbox.com