NOME SJUKEHEIM: Hans Jørgen Aandahl og Ragna Treider er klare for første elektriske sykkeltur med Linda Berg Ihlen bak styret. Men først ein skål med Bjørg Engrav, Merete Huseby og Randi Dorholt.
karin.svendsen@fagbladet.no
Gjester og bebuarar på Nome sjukeheim fekk eit glas i handa før Bjørg Engrav og Arne Tveit (92) klipte over snora til dei to nye sykkeldrosjene.
Engrav nytta høvet til å takke for alle gåver som gjorde det mogleg å kjøpe dei to syklane. Institusjonssjefen ved Nome omsorgssenter oppmoda også dei frammøtte gjestane til å melde seg som frivillige syklistar.
Les også: • Dette er effektene av kortere arbeidsdag på svensk sykehjem
Takk vere Miljøgruppa på sjukeheimen, det lokale næringslivet og fleire organisasjonar får no bebuarane på Nome sjukeheim høve til å komme seg ut i frisk luft og rundt i sentrum, kanskje også opp til slusene og sjå på båtane.
Kari Andersen, hovudtillitsvald i Nome, var aldri i tvil om at dei skulle bidra med 15.000 kroner.
– Dei fleste tilsette er medlemmer av Fagforbundet, og mange av dei som bur på sjukeheimen, er pensjonistmedlemmer, fortel ho. Kari Andersen har tidlegare arbeidd her og har allereie meldt seg som frivillig syklist.
Ti tilsette på sjukeheimen har tatt vidareutdanning i aktiv omsorg og sidan danna Miljøgruppa. Dei arrangerer ulike aktivitetstilbod til bebuarane.
Men innkjøp av to elektriske sykkeldrosjer er førebels den største hendinga. Og noko som også folk utanfor sjukeheimen veit å verdsette.
– Dette er jo så koseleg. Alle vinkar og helsar når vi køyrer gatelangs, fortel Linda Berg Ihlen då ho er tilbake etter første turen samen med Hans Jørgen Andahl og Ragna Treider.
LØNNSOPPGJØR: Snart skal lønna di forhandles.
Brian Cliff Olguin
Anna Granqvist
Arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø i KS er klar til å starte opp forhandlingene om lønningene i kommunen.
Torgny Hasås
Lønnsoppgjøret for kommunene gjelder 450.000 ansatte. Mette Nord representerer 190.000 av dem. Det er Norges største tariffoppgjør, og er derfor omfattet med stor interesse fra media.
Per Flakstad
Terje Bendiksby / NTB
Forbundsadvokat Kjetil Edvardsen har vært sentral i alle rettsrundene mellom Stendi og Fagforbundet.
Werner Juvik