– Gje dei unge ein smak av yrket!

Bård Vegard Solhjell, kunnskapsminister frå SV, meiner det store fråfallet på vidaregåande skule er dramatisk både for kvar enkelt ungdomen og for samfunnet.

2008031413524820131216042305

- Fråfallet på rundt 50 prosent på dei yrkesfaglege studieretningane trugar rekrutteringa av mellom anna helsepersonell, sa kunnskapsministeren til Fagforbundets landsstyre. Bård Vegard Solhjell, kunnskapsminister frå SV, meiner det store fråfallet på vidaregåande skule er dramatisk både for kvar einskild ungdom og for samfunnet. – Men fråfallet byrjar ikkje på vidaregåande. Det er her det sluttar, sa Solhjell til delegatane som var samla i Oslo onsdag og torsdag. Han meiner noko av forklåringa på at så mange unge sluttar før dei er ferdige med vidaregåande, ligg i ungdomsskulen og i overgangen til vidaregåande.

Motivasjonen opp og fråfallet ned

Solhjell spør seg om pedagogikken kanskje ikkje er praktisk nok, og trur ei løysing kan vere at elevane får starte med praksis før dei kjem til teorien. – I Danmark har ein del elevar hatt eit praktisk år før dei byrja på den teoretiske delen av utdanninga. Det ser ut som dei blir meir motiverte til å halde ut når dei fyrst har fått ein smak på yrkeslivet, sa ministeren, som trur det kan vere vegen å gå i arbeidet for å stogge fråfallet i vidaregåande.

Kort karriere som hjelpepleiar

Fråfallet held fram også etter endt utdanning. Av dei hjelpepleiarane som vart ferdige i 2000, var berre fire av ti framleis i yrket tre år seinare. – Utfordringa er både å få ned fråfallet og å hente folk atende til det yrket dei har utdanna seg til, sa Solhjell.

Ansvarlig redaktør:
Hege Breen Bakken
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt:
Redaksjonen
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy