JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

250 sjukepleiarar verva i Hordaland

Fagforbundet i Hordaland er godt synleg. Etter mange arbeidsplassbesøk har dei no verva til saman 250 sjukepleiarar.

2013051014011620131216224718

karin.svendsen@fagforbundet.no

Sjukepleiar nr. 250 i Hordaland er Beate Solberg frå Stord.

– Det var moro at ho kjem frå Stord/Fitjar. Der har dei tillitsvalde arbeidd særs godt, meiner Sigrun Bøe Perez, leiar i Fagforbundet Seksjon helse og sosial i Hordaland.

Reiser ut saman

Grunnen til at Hordaland har fått eit sig av nye sjukepleiarar, er ifylgje Sigrun Bøe Perez at fylket har eit godt samarbeid med lokallaga.

– Alle me fire seksjonsleiarane i fylket er samde om å reise ut saman. Då har me stand og arbeidsplassbesøk saman med seksjonane lokalt.

Ein annan grunn til at tilsette vel Fagforbundet, meiner ho er dei yrkesfaglege tilboda sentralt, i fylket og i lokallaga.

Gode tillitsvalde

Anne Britt Sigveland, seksjonsleiar i Stord/Fitjar, legg óg vekt på at forbundet vert synleg når dei reiser rundt på arbeidsplassane. Og det gjer dei heile døgeret, og alle dagar. Også nattevaktene får besøk.

– Når folk veit kven me er og kor me kan treffast, kjem dei til oss. Og dei som treng det, får hjelp med ein gong, seier ho. Mellom dei som har kome til fagforbundet i kommunane Stord og Fitjar, er 30 sjukepleiarar.

– Men den viktigaste grunnen til at sjukepleiarar og andre melder seg inn, er nok at me har gode tillitsvalde på mange arbeidsplassar, trur Sigveland.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy