JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Alle fikk heiltid

Dei treng ikkje springe etter ekstravakter, pleiarane på den nye sjukeheimsavdelinga i Sunndal. Dei har full stilling, men dei fleste arbeider på to avdelingar.

2009031213001220131216091344

Tove Andersson har arbeidd på kortidsavdelinga ved Sunndal helsetun i 20 år. Inntil for eitt år sidan hadde ho ein 75 prosent stilling som hjelpepleiar der. Frå april i fjor har ho arbeidd full tid – 50 prosent på den nye eininga for personar med demens og 50 prosent på den gamle arbeidsplassen.

– For meg er dette som ein draum. Eg har full jobb og treng ikkje jakte på vakter og spreie meg på fleire stader, seier ho.

Andersson syns også det er ein fordel å arbeide på to ulike avdelingar samanlikna med å jobbe fulltid på ein stad.

– Etter 20 år er det lett å trøytne viss ein held på med det same heile tida. No får eg variasjon. Når eg har vore borte frå den eine arbeidsplassen i to veker, er det alltid kjekt å komme tilbake, syns ho.

Andersson er van med høgt tempo frå kortidseininga, og likar at ho no arbeider i ein annan rytme også.

– På korttids er vi som regel innom eit rom for å ordne noko, og så er det ut igjen. Hadde vi flydd ut og inn på same måten på den nye avdelinga, ville bebuarane blitt urolege. På demenseininga må eg senke skuldrene og vere til stade på ein heilt annan måte, seier ho.

Heiltid for betre kvalitet

Då Sunndal kommune skulle opprette ei ny sjukeheimsavdeling tilpassa personar med demens, vedtok politikarane at alle tilsette skulle få full stilling. Tove Lise Torve, sjukepleiar, ordførar og aktiv innan kvinnenettverket til Arbeidarpartiet, gjekk i bresjen for heile stillingar utan meir helgearbeid. Løysinga blei at til saman 20 sjukepleiarar og fagarbeidarar blei tilsette på full tid. Dei har alle demensavdelinga som hovudbase og arbeider minst 50 prosent der. Men for at turnusen skal gå i hop, arbeider dei fleste også ein viss prosent på den tidlegare arbeidsplassen sin.

– Hovudmålet var å betre kvaliteten på tenestene, seier Torve.

– Ein annan drivkraft har vore at det skulle bli betre å vere arbeidstakar i kommunen. Vi politikarar har eit ansvar som arbeidsgjevar. Vi kan ikkje berre seie til administrasjonen at no vil vi kvitte oss med deltid. Vi må prioritere det og betale for at det skal bli mogleg, seier ordføraren.

Torve håper og trur at evalueringa etter to år syner at kvaliteten på tenestene er høgare, dei tilsette trivs betre, og sjukefråveret er lågare.

For sjukepleiaren og ordføraren i Sunndal har det aldri vore aktuelt å krevje meir helgearbeid for å løyse problemet ufrivillig deltid.

– Eg har sjølv arbeidd annan kvar helg på sjukehus, og det var ein stor forskjell å byrje på sjukeheim og arbeide kvar tredje helg, fortel ho. Men ho trur ikkje det er mogleg å ha berre fulltidstilsette i helsesektoren utan meir helgearbeid.

Ein ny kabal

Avdelingssjukepleiar Eva Strand er leiar på den nye demensavdelinga, og er den som må leggje kabalen slik at det til ei kvar tid både er nok og riktig personale på avdelinga.

– Eg treng 24 hovud for å dekkje opp, men eg treng ikkje 24 heile stillingar. Nokon arbeider 100 prosent her, men dei som arbeider 50 eller 70 prosent på demensavdelinga, leiger eg ut til deira gamle arbeidsplass, seier Strand. Ho leiger ut til saman seks årsverk til andre avdelingar.

Dei andre avdelingane fekk ikkje berre nokre hol i turnusen då demensavdelinga vart oppretta.

– Eg skapte snarare store krater i turnusen deira, fortel Strand.

– Og vi er samde om at eg ikkje skal tappe dei for vikarar også. Difor har eg leita fram tre faglærte hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar som hadde vore ute av helsesektoren ein periode, og eg har tatt inn ein del elevar, studentar og andre dyktige vikarar.

Ein føresetnad for at systemet fungerer, er at avdelingsleiaren på demensavdelinga har eit godt og nært forhold til alle dei andre avdelingsleiarane, og Strand er glad for at ho kjenner tenestene godt etter mange år i heimetenestene og som lokal tillits­vald for Norsk Sykepleierforbund.

– Eg kan ikkje berre lite på logistikken. Det hender til dømes at eg har leigd ut folk herfrå, og så får eg fråvere her, medan dei kanskje ikkje treng forsterkningar der. Så eg er avhengig av godvilje frå alle kantar.

Overskytande kapasitet blir nytta til kompetanseheving og aktivitetar.

– Vi har høg kompetanse på demens­omsorg i kommunen og nyttar ein del ressursar på skolering. Sjukepleiarane bruker også noko tid på demensteamet. Dessutan har vi oppretta ei halv stilling som kulturmedarbeidar, og ein av omsorgsarbeidarane ved demensavdelinga er tilsett der.

Ei anna utfordring er korleis alle dei 30 som er knytt til avdelinga, skal få same informasjon når dei er to veker på avdelinga og to veker andre stader.

– Alle er pålagde å oppdatere seg når dei kjem attende. Eg vil helst ikkje nytte rapportmøta på det, for der skal den einskilde bebuar stå i sentrum. Vi lagar difor ei datamappe kvar månad med oppdatering på nye rutinar og ny kunnskap. Det er jo viktig at vi alle dreg i same leia.

Særleg spanande tykkjer avdelingsleiaren det har vore å byggje opp ein heilt ny kultur.

– Vi er til dømes samde om å dele gylne augneblink med kvarandre. Vi skriv ned anonymiserte historier. Eg syns også vi har lukkast med å byggje opp ein kultur der alle er synlege og får syne kva dei duger til. Slik gjer vi kvarandre gode, og vi er glade for at vi jobbar i lag.

Ulike røynsler

Inger-Hilde Dyrseth Wullum er ein av dei som trivs godt med to faste arbeidsplassar. Ho er fast på demensavdelinga med 75 prosent, og har no 25 prosent i habiliteringstenesta.

– Arbeidsmiljøet er kjempebra, og her er det tillate med nokre sprell, fortel ho og seier ho kjenner seg som plomma i egget.

Ella Marie Rødsand, som arbeider på to ulike avdelingar på sjukeheimen, har litt andre røynsler. Ho er ein av fleire som ikkje kjenner seg heime korkje her eller der.

– Eg har det godt på begge avdelingane og er nøgd med at eg har fått full jobb og full løn. Men også dette systemet har ei bakside. Eg syns det kan bli stritt med to ulike turnusar. Og sjølv om eg les meg opp når eg kjem tilbake hit, får eg ikkje med meg alt. Alt blir ikkje skriven ned. Eg merker at det blir skapt nokre uskrivne reglar også, seier ho.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy