Arbeidsmiljøpris til Stryn

Stryn kommune er vinnar av KLP sin arbeidsmiljøpris 2010. Dei vann prisen for nærværprosjektet ved Stryn omsorgssenter.

2011021813363320131216152336

Sjukefråveret ved Stryn omsorgssenter er redusert frå 12 til 5 prosent på to år. I samband med overrekkinga av arbeidsmiljøprisen frå KLP, sa Vibeke Os Bratlie frå KLP at juryen hadde lagt vekt på at leiarar og tilsette saman har tatt ansvar for arbeidsmiljøet. Dei har utarbeidd og tatt i bruk gode rutinar knytt til arbeidsmiljøet, og alle endringane er godt forankra i heile verksemda.

Humor inn på huset

Anette Frandsen, som er leiar ved omsorgssenteret i Stryn, meiner nøkkelen til betre arbeidsmiljø ligg i at dei tilsette hugsar på å sette pris på alt det positive kollegaene gjer.

– I ein travel kvardag er det viktig at vi ser og verdsett kvarandre, heller enn å merke oss og seie frå om alt som manglar, sa Frandsen då ho tok imot prisen på vegne av kommunen og omsorgssenteret i går.

Alle tilsette ved omsorgssenteret i Stryn har vore på kurs om arbeidsmiljø og arbeidsglede.

– Vi har mellom anna lært kor viktig det er ikkje å tolke og tru at vi veit, men å spørje for å vere sikre på at vi forstår, seier leiaren ved omsorgssenteret.

Ho trur og det er god hjelp i humor, og at ingen tek seg sjølv så forferdeleg høgtidleg.

– Det er vi blitt gode på, meiner ho.

Målretta arbeid

Ei prosjektgruppe vart nedsett i februar 2009 då fråveret ved omsorgssenteret hadde passert 12 prosent. Arne Spilde, leiar i Fagforbundet i Stryn og Hornindal og hovudtillitsvald i Stryn, har vore med i prosjektgruppa. Han fortel at kommunen er ein IA-bedrift, men at dei ikkje hadde nytta dei moglegheitene som følgjer det å vere ein inkluderande arbeidsplass.

Prosjektgruppa kartla sjukefråveret og intervjua dei fleste som var langtidssjukmelde.

– Dei som var sjukmelde, sakna å ha ein fast kontaktperson på arbeidsplassen. Vi fann ut at næraste leiar er rett person, fortel Spilde.

Alle leiarane har sidan blitt kursa i korleis dei kan møte sjukmelde på ein trygg måte, og dei har fått betre oversikt over kva for tiltak som fins. Kommunen har og utarbeidd ein foldar med informasjon om rutinar for oppfølging av sjukmelde i kommunen. Denne får dei tilsette når dei leverer ei sjukmelding.

Forflytting

Tunge løft er grunnen til at tilsette i pleie og omsorg får mange kroniske lidingar. Å arbeide på ein måte som sparer kroppen for slitasje, er derfor eit effektivt middel for å redusere sjukefråveret. Seks av dei tilsette ved omsorgssenteret har difor fått opplæring som instruktørar i forflyttingsteknikk slik at alle tilsette i pleie no blir kursa i forflyttingsteknikk.

30 prisar på ti år

KLP har i ti år delt ut prisar til verksemder som finn ein veg til betre arbeidsmiljø. Kvart år blir prisen gitt til ein privat bedrift, ei verksemd innan spesialisthelsetenesta og ei kommunal verksemd. Prisen til Stryn omsorgssenter var på 100.000 kroner, eit måleri av Nico Widerberg samt eit diplom.

Vibeke Os Bratlie er leiar i juryen som kårar vinnarane. I juryen sit også Ingunn Eriksen frå Fagforbundet samt representantar frå KS, Norsk Sykepleierforbund, Delta og Spekter.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy