JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Sommaren byrjar for fullt i dag

– Ferien skal ikkje truge pasienttryggleiken i helsevesenet

IKKJE OVERRASKA: Britt Velsvik i Helse Bergen seier dei er vel førebudde på at sommaren kjem kvart år, og at dei alltid legg ein plan for ferieavvikling.

IKKJE OVERRASKA: Britt Velsvik i Helse Bergen seier dei er vel førebudde på at sommaren kjem kvart år, og at dei alltid legg ein plan for ferieavvikling.

Helse Bergen

Gode vilkår for vikarar og ein god plan hjelper på rekrutteringa av sommarvikarar til helse-Noreg. Vikarpool kan og vere nyttig både på sjukehus og sjukeheim.

2017062310571320230821171436

karin.svendsen@fagbladet.no

Denne sommaren har Helse Bergen tilsett 322 helsefaglege personar i vikariat og faste stillingar. For å få til ein god avvikling av ferien, har driftsavdelinga også tilsett 40 vikarar som til dømes reinhaldarar og portørar. Britt Velsvik, leiar for det interne bemanningsbyrået på Haukeland universitetssjukehus, meiner dei har fått tak i nok folk til at pasientane kan kjenne seg trygge.

Velsvik kjenner seg ikkje att i det biletet som blir skapt om at ferieavviklinga går utover pasientsikkerheita. Ho meiner også at det ikkje treng vere slik.

Leiaren av Bemanningssenteret seier Helse Bergen har hatt ein sentralisert og relativt effektiv rekruttering fram mot sommaren, sjølv om dei nok kunne ha ynskt seg fleire spesialsjukepleiarar.

Norske ledere har blitt mer autoritære

Leiar har ansvar for tryggleiken

– Sommaren kjem kvart år, så det er inga overrasking at dei tilsette skal ha ferie. Drifta skal gå rundt heile året, og det har leiarane ansvar for, seier Britt Velsvik.

Leiarar vil vere fleksible og gje dei tilsette ferie når dei ønskjer det. Men ferieavviklinga må alltid vurderast opp mot tryggleik. Leiarar må derfor vurdere kor mange feieveker tilsette kan ta ut, og over kor mange veker ferieavviklinga kan strekke seg.

Nå kan fagarbeidere søke sykepleier- og barnehagelærerstudier

Plan for ferieavvikling

Helse Bergen har utarbeidd metodikk for aktivitetsstyrt bemanning slik at leiarane kan få hjelp til å planlegge drifta endå betre.

– Vi veit ikkje om alt som skjer på førehand, men vi driv erfaringsbasert. Dermed går drifta rundt sjølv om talet på ulike aktivitetar varierer.

– Helsefagarbeidere med bachelor blir like gode sykepleiere, sier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Gode vilkår for tilsetting

Profesjonelle prosessar for rekruttering kan ikkje åleine sikre god nok søking til sommarvikariat.

– Gode vilkår for dei tilsette hjelper også, seier Britt Velsvik. Ho opplyser at Helse Bergen legg vekt på å tilby heile stillingar, og meiner det er eit gode for dei fleste.

– Alle sommarvikarane får tilbod om 100 prosent stillingar.

Helse Bergen sitt Bemanningssenter har om lag 850 medarbeidarar innanfor ulike fagfelt. Mange av desse avhjelper også sommaravviklinga ved sjukehuset.

Følg Fagbladet på Facebook

Nok faglærte og assistentar i Stord kommune

Avdelingsleiar Ida Tvedt fortel at Stord sjukeheim har fått tak i rikeleg med folk til å avvikle sommarferien på ein forsvarleg måte. Dei har rekruttert gjennom annonse i lokalavisa, kommunens vikarpool og sjukeheimens eigen vikarpool.

– Frå vår eigen vikarpool får me fagutdanna folk ved sjukdom og i feriar heile året, medan dei som søkjer på sommarvikariat, er ufaglærte, fortel ho.

Stord kommune har tre institusjonar, Stord sjukeheim med 64 bebuarar, Knutsaåsen omsorgssenter med 46 bebuarar og Stord rehabiliteringssenter med 16 senger.

Tvedt seier det er sjeldan dei treng nytte vikarbyrå, og at dei ikkje treng be faglærte arbeide ekstravaktar, eller bonusvaktar med høge lønstillegg, i sommar.

I tillegg til at dei har vikarpool er det og til hjelp at sjukeheimen til vanleg har høg grunnbemanning.

Få Fagbladets nyhetsbrev her

Alltid sjukepleiar på jobb

Asbjørg Verpelstad, avdelingsleiar ved Stord kommunale rehabiliteringssenter, kan bekrefte at rekrutteringa til sommarjobbar har gått greitt i år. Ho seier det hjelper veldig på ferieavviklinga at kommunen har ein vikarpool.

– Me brukar vikarbyrå mindre, og kommunen sparer mykje på det, seier ho.

Frå vikarpoolen hentar dei faglærte pleiarar til rehabiliteringssenteret, medan dei fleste utanfrå er ufaglært ungdom.

Bonus for ekstravaktar

Stord kommune har ein avtale med Fagforbundet og Norsk Sjukepleiarforbund om at fagforeiningane gjev dispensasjon frå Arbeidsmiljølovens paragraf 10 om arbeidstid når det er naudsynt av omsyn til pasientsikkerheita. Når ein sjukepleiar tek ei ekstravakt, har han eller ho ei timeløn på 650 kroner.

– Her har me mange pasientar som nett er opererte, eller av andre grunnar er svært sårbare. Så det ville ikkje ha vore forsvarleg å drive utan ein sjukepleiar heile døgeret, seier Verpelstad. Ho opplyser at dei har avtalt åtte slike vakter med fast tilsette sjukepleiarar for denne sommaren.

– Det kostar ein del, men mykje mindre enn å bruke vikarbyrå, seier ho.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy