JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Sjukeheim tilbake til Askøy kommune

Når kommunen tek tilbake sjukeheimen, får dei tilsette høgare løn og betre pensjon

GLER SEG TIL APRIL:  Aud Elin Målsnes (frå venstre), Monica Solberg, Åshild Skogen, Jorunn Nymo, Kari Stien, Signe Olsen og Hilde Lende Aune.

GLER SEG TIL APRIL: Aud Elin Målsnes (frå venstre), Monica Solberg, Åshild Skogen, Jorunn Nymo, Kari Stien, Signe Olsen og Hilde Lende Aune.

Joar Hystad, Askøyværingen

Hilde Lende Aune ser no slutten på at dei tilsette på sjukeheimane i Askøy får ulik løn for same jobben. Neste år tek kommunen tilbake drifta av ein sjukeheim og to avdelingar. Dermed går mange opp i løn.

2017062713135620230821171436

KARIN E. SVENDSEN

karin.svendsen@fagbladet.no

Tillitsvald Hilde Lende Aune og dei fleste tilsette slepte jubelen laus etter møtet i kommunestyret på Askøy torsdag. Då vedtok politikarane at frå april neste år skal kommunen ta tilbake drifta av ein sjukeheim og to avdelingar på ein annan.

– Vi er utruleg glade for dette vedtaket, seier Lende Aune, som er tillitsvald på Attendo Ravnanger sykehjem.

Grunnen til at dei tilsette er så glade for at drifta skal tilbake til kommunen, er først og fremst at dei vil få høgare løn og betre pensjon.

Oslo tok tilbake Madserudhjemmet

Får høgare løn

Hilde Lende Aune kan opplyse at ein helsefagarbeidar med seks års ansiennitet tener nær 326.000 kroner i året dersom han eller ho er tilsett i Attendo. Den same helsefagarbeidaren vil gå opp til over 339.000 kroner med kommunen som arbeidsgjevar.

– Forskjellen er på nesten 14.000 kroner i året. Det er mykje for å gjere akkurat same jobben, meiner ho.

– Når kommunen tek over drifta neste år, bytter vi alle tariffavtale. Det betyr at alle som ikkje har usedvanleg store personlege tillegg, går opp i løn, seier den tillitsvalde på sjukeheimen Ravnanger.

Bergen tok tilbake to sykehjem

Gjekk opp 30 kroner timen

Sjukepleiar Lene Therese Mevik er eit døme på at kommunen betaler betre enn det kommersielle selskapet Attendo. Etter om lag tre år som sjukepleiar på Attendo-sjukeheimen Ravnanger, sa ho opp og byrja på Kleppestø, ein sjukeheim som blir driven av Askøy kommune.

– Eg gjekk opp 30 kroner i timen. For meg betydde det mykje, sjølv om eg same månad ville ha gått opp 15 kroner timen i Attendo, seier ho.

Mevik fortel at ho med nesten 20 års fartstid frå helsevesenet berre fekk godkjend to års ansiennitet då ho som nyutdanna sjukepleiar fekk jobb i Attendo. Ho tente mindre enn kollegaen utan formell kompetanse. Etter mange diskusjonar med næraste leiar, som også var tillitsvald i NSF, ga ho opp.

– Eg liker ikkje konfliktar, og syntes det var leit å klage på løn. Til slutt tok eg konsekvensen av usemja og sa opp jobben.

Frå februar i år har Mevik arbeidd i Askøy kommune.

– Eg er nøgd med skiftet, men eg saknar kollegaene på Ravnanger. Dei som arbeider der, er nokre fantastiske folk, seier ho.

Synnøve Karlsøen Tveit, dagleg leiar i Attendo på Askøy, vil ikkje uttale seg om nivået på lønene på dei to sjukeheimane sidan ho byrja i jobben etter dei siste lokale forhandlingane.

Byrådet i Oslo vil kommunalisere 15 sykehjem

– Attendo er meir fleksibel

Diskusjonen forut for avgjerda i kommunestyret gjekk ikkje berre på løn, men også på kvaliteten på tenestene. Dagleg leier i Attendo på Askøy, Synnøve Karlsøen Tveit, skreiv saman med to teamleiarar og 12 andre tilsette eit lesarinnlegg i Askøyværingen, der dei sa at dei ønskte fortsatt privat drift. I dette avisinnlegget framhevar dei den gode kontakten dei har med familien til bebuarane pluss at dei er så fleksible at det av og til kan dra på tur med bebuarane og gjennomføre andre spontane aktiviteter.

– Latterlig lønnsøkning på seks private sykehjem

– Betre kommunikasjon

– Eg meiner vi på ein privat sjukeheim har betre kommunikasjon med pårørande. Det er eit krav til oss, og vi blir kontrollerte på, at vi har samtalar med alle pårørande to gonger i året. Vi er også forplikta til å invitere alle pårørande til to årlege fellesmøte, seier Karlsøen Tveit.

Ho er heller ikkje i tvil om at aktivitetstilbodet blir betre ved privat drift enn ved kommunal.

– Vegen mellom dei som har kontakt med bebuarane, og dei som tek avgjerda er kortare hos oss. Difor kan vi lettare snu oss rundt og til dømes ta med ein bebuar ut ein tur, meiner ho. Av og til får bebuarane ein tur på Burger King, og i september tok pleiarane med seg ein gjeng til Fløyen i Bergen.

– Vi har også vår egen kulturarbeider i 80 prosent stilling som sørger for et rikt aktivitets- og kulturliv, legg ho til.

Ina og Vigdis har samme jobb. Vigdis tjener 65.000 kroner mer enn Ina. Hvorfor?

Kompetanse på papiret

Lene Therese Mevik arbeidde om lag tre år på Ravnanger før ho i februar skifta jobb til ein kommunal sjukeheim. På spørsmål om ho kommuniserer mindre med dei pårørande no enn ho gjorde då ho arbeidde for Attendo, svarer ho bestemt nei.

– Kommunikasjonen på denne sjukeheimen er absolutt like god som på Attendo-sjukeheimen.

Derimot er ho samd i at fleksibiliteten kan vere høgare på Ravnanger enn der ho no er.

– Men det er ikkje av di det er privat, men av di avdelingane er mindre. Vi har fleire avdelingar der eg arbeider no, mellom andre ei avdeling med berre ti bebuarar. Det skjer mykje meir på denne vesle avdelinga enn på dei som er større, seier sjukepleiaren.

– Dessutan er det meir i teorien enn i praksis at fleksibiliteten er så stor. På grunn av mykje fråvær på Ravnanger er det som regel ikkje mogleg for dei tilsette å gjere anna enn det dei må gjere, seier ho.

Hilde Lende Aune har også sett konsekvensane av det høge sjukefråværet:

– Altfor ofte er helsefagarbeidar og pleiemedarbeidar åleine på vakt utan sjukepleiar.

– Det er inga nytte med fagleg kompetanse på papiret dersom kompetansen ikkje er på jobb, seier Lende Aune.

Følg Fagbladet på Facebook

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy