Bruk og vern

Landets einaste dampsag gjer framleis nytte for seg. På Norsk sagbruksmuseum i Namsos tek dei vare på maskinar og gamle arbeidsprosessar gjennom produksjon i småskala.

2011092808564020131214165359

ingeborg.rangul@fagforbundet.no

Museal produksjon

Verner ved bruk

Arbeidslag med bredde

Meir solid før

Ingen ting til spille

Ved munningen av Namsen står tømmer­bommen som ein gong var så viktig for å halde tømmeret på rett kjøl. Nå står han som eit minne om ei tid da tømmeret frå dei namdalske skogane lett kunne flyte ut i havet i staden for å nå fram til sagbruket.

På land innafor bommen ligg Norsk Sagbruksmuseum, Spillum Dampsag & Høvleri. Her har tømmeret vorte motteken, sortert og nytta mest utan avbrekk frå 1853 til 1986. Skulestover og bustader frå Haugesund til Kolahalvøya er reist av plank frå Namsos. Enno står små bygningar frå 1800-talet med panel og listverk som kan sporast tilbake til saga og høvleriet i Nord-Trøndelag.

Inge Sørgård, dagleg leiar av Norsk sagbruksmuseum, kan vise fram ein vegg med over 100 profilar til listverk, dør- og vindaugskarmar samt panel. Dei aller fleste er originale profilar frå 1800- eller fyrste del av 1900-talet.

Om nokon treng material forma etter ein bestemt profil som ikkje lenger fins, laga dei ein kopi av originalen.

– Vi leverer mest til antikvarisk restau­rering, fortel Sørgård.

Ikkje nok med at dei gamle profilane er bevarte og framleis i bruk. Alt trevirke blir også sortert og tørka etter gamle metodar. Listverk og panel blir sidan forma på dei gamle maskinane. I produksjonshallen høyres somme tider dei skarpe kvina frå landets eldste dampsag og dei grove tonane frå høvleriet.

– Når det er mildvêr, bruker vi gjerne maskinane. Dei rustar mindre og held seg betre enn om dei ikkje er i bruk, fortel Inge Sørgård. Men om vinteren blir metallet sprøtt, og det sprekk om maskinane blir nytta.

Dampsaga og høvleriet i Namsos er eitt av 11 tekniske og industrielle kulturminne som riksantikvaren har funne særleg grunn til å bevare. Sidan 1991har anlegget hatt status som Norsk Sagbruksmuseum. Som museum har Sørgård og medarbeidarane hans som oppgåve å ta vare på bygningar og produksjonsmiddel. Det gjer dei gjennom balansert bruk og vedlikehald. Som produksjonsbedrift tek dei også vare på kunnskap om arbeidsprosessar.

Dei tilsette har til saman brei kompetanse. Her trengs både handtverkarar, akademikarar og produksjonsmedarbeidarar.

– Vi har tømrar, snikkar og platearbeidar, fortel Inge Sørgård som sjølv er arkeolog med nyare tidsminne som spesiale. Nett no saknar han ein smed. Men lærling innan tømrarfaget har han.

– Inga utdanning er tilpassa verksemda her. Uansett kven som byrjar, må dei lære det meste når dei kjem hit, seier museumsleiaren. Sørgård meiner dei viktigaste kvalifikasjonane til dei tilsette er materialforståing og interesse for historie og kulturminne.

– Og så må vi vere fleksible. Vi må trå til der det trengs, seier han og vender seg mot Geir Otterbekk.

– Geir, som eigentleg er produksjonsarbeidar, guidar til dømes turistane når det trengs, seier han.

Dei ni tilsette ved Spillum Dampsag & Høvleri produserer ikkje berre for sal til restaurering, men får også eigne restaureringsoppgåver. Geir Oterbekk og fleire av kollegene hans er for tida oppteken av restaurering av Helseheimen i Namsos frå 1926. Bygningen blir no nytta som barnehage, men nokre av vindauga og dørene er delvis rotna, og blir restaurerte på Spillum.

Dei tek ut glaset i vindaugsramma, skraper vekk kitt og maling, byter ut trevirke der det er ròtent og impregnerer ramma i linolje. Alle hengsler blir reinska med terpentin.

– Det var ein annan kvalitet før, meiner Otterbekk, og fortel om korleis trevirke blei sortert etter kvalitet og bruksområde. Inste del av treet, kjernetreet, som er mest solid, blei brukt til listverk, medan resten av treet blei brukt til panel. Før blei også trea blinka ut til bestemte føremål før hogst.

Turistar som vitjar sagbruksmuseet blir ofte slått av korleis den nøysame leve- og tenkemåten frå 1800-talet er teken i vare på Spillum Dampsag &g Høvleri.

– Heile stokken blei brukt. Også i dag nyttar vi mest alt, fortel Geir Otterbekk. Barken gikk til produksjon av fiskekasser, spon og flis gikk til fyring. I fyrkjellaren varma dei opp vatn som blei brukt til oppvarming av lokala.

Noregs eldste dampsag starta i Spillumsvika i 1853. Spillum Dampsag & Høvleri vart oppretta i 1884. Heile bruket vart øydelagt ved storbrann i 1894, men vart gjenreist som eit mykje større sagbruk året etter. Her var utstyr for saging, høvling, sortering og tørking samt verkstad for reparasjon av maskinparken. Fleire maskinar kom frå Christiania maskinverk­stad. Frå 1920-talet til 1933 låg verksemda nede.

Sagbruket blei modernisert og elektrifisert mellom 1939 og 1947.

I 1986 kjøpte Norske skog Spillum, og produksjonen var lagt ned. Det var da 28 tilsette.

To år seinare vart Stiftinga Spillum Dampsag & Høvleri, Norsk Sagbruksmuseum stifta. Målet var å bevare anlegget som var truga av riving. Dette var i ein periode då Miljøverndepartementet, riksantikvaren og Norsk kulturråd auka innsatsen for å ta vare på tekniske og industrielle kulturminne. Stiftelsen fekk økonomisk støtte til å kjøpe anlegget som museumsføremål, og i 1991 kunne museet opne.

No blei mellom anna dampmaskina frå 1800-talet rekonstruert, men er ikkje i bruk. Også dei andre maskinene er originale eller henta frå andre sagbruk.

Norsk sagbruksmuseum, Spillum Dampsag & Høvleri, har oppunder 10.000 vitjingar kvart år. Det blir driven som eit spleiselag mellom staten, Nord-Trøndelag fylkeskommune og Namsos kommune. Årleg omsetning for museet er ­mellom ein og to millionar kronar. Sagbruksmuseet er ei verksemd i Museet Midt som driv fire museum.

Museet i Spillumsvika er truleg landets største trebygg med ei grunnflate på 2950 kvadratmeter. Bruksarealet er på 4400 kvadratmeter.

Norsk Sagbruksmuseum har ni årsverk; fire tilsette i produksjonen, tre på vedlikehald og tre i administrasjonen.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy