JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Dei har lova det

Politikarane har i denne valkampen lova å gjere slutt på tvungen deltid, men mange vil nok prøve å trekkje seg frå lovnadane sine. No må kreftene mobiliserast for å vinne deltidskampen, skriv Fagbladets redaktør Johnny Daugstad.

2007100708273720131216023245

Politikarane har i denne valkampen lova å gjere slutt på tvungen deltid. Med dette har Fagforbundet vunne ein viktig delsiger i kommunevalet. Tidleg i vinter sette forbundet seg som mål at ufriviljug deltid skulle verte ei viktig valkampsak. Gjennom artiklar i bladet og på internett har Fagbladet dokumentert deltidsgalskapen på kvinnedominerte arbeidsplassar. Fagbladet fekk ein straum med tips frå medlemmane om svært små og rare stillingsbrøkar kring i landet. Ei har deltidsstillingar i tre kommunar, ein sekretær har fire ulike arbeidsgjevarar, og ein hjelpepleiar jobbar fast på fem ulike sjukeheimsavdelingar. Med deltidsstilling på 3,28 prosent, er det langt igjen til ein jobb å leve av.

Meldingane frå medlemmene i Fagforbundet vekte oppsikt, og fleire politiske parti og ulike departement spurde om og fekk meir informasjon.

LO og Ap gjekk i vår saman om å sette ufriviljug deltid på dagsorden i valkampen. Statsminister Jens Stoltenberg sa at kommunane må skjerpe seg. «Det er meningsløst at tusenvis av mennesker jobber mindre enn de ønsker når det er så mange uløste oppgaver i samfunnet,» sa han til Fagbladet i juni. Sidan har Sp, SV, RV og dei andre rikspartia kome på bana å lova å få slutt på tvungen deltid. Til og med Frp har gjort deltid til ei merkesak.

Valet er over, men same kven som har fått fleirtal i kommunestyret, så har politikarane lova å gjere noko med ufriviljug deltid. Tilsette og tillitsvalde må berre skunde seg å krevje handlingsplanar og mykje heiltidspengar på dei kommunale budsjetta.

For desse lovnadane kostar! Men det vil løne seg på alle måtar: Sjukefråveret vil gå ned. Det vert lettare å rekruttere unge til yrket. Dei som jobbar der vert verande. Det viktigaste er at dei eldre og andre som tek imot tenestene vil oppleve ei særs naudsynt oppgradering av kvaliteten.

Men, politikarane er ikkje vande med å tenkje på lang sikt. Difor vil nok mange prøve å trekkje seg frå lovnadane sine. Dei deltidstilsette og Fagforbundet har vunne første runde. No må kreftene mobiliserast for å vinne deltidskampen.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy