JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Dugnad for fleire fagbrev

Fem fylke er med i eit prosjekt for at tilsette skal ta fagbrev. – Mange kan mykje sjølv om dei ikkje har papir på det, seier karriererettleiaren Brit Flatås i Nord-Trøndelag.

2012103109233120131214191517

karin.svendsen@fagforbundet.no

Med prosjekt Fagbrev på jobb er det no mogleg for praksiskandidatane å ta fagbrev i helsearbeidar- og i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Mange av dei går heller ikkje ned i løn. Brit Flatås på Karrieresenteret i Verdal er ei av dei som legg til rette for at kvar og ein skal komme i mål.

– Det er fint å kunne gje folk eit godt tilbod som attpåtil er gratis, syns ho.

Blir løfta

Karriererettleiaren meiner dei 67 praksiskandidatane fortener å bli løfta fram som ei verdfull arbeidskraft.

– Vi må sjå at dei har viktig kompetanse, og vi må verdsetje den, seier ho.

Det gjer ho og kollegaene hennar ved Karrieresenteret i Nord-Trøndelag med kontor i Verdal og Namsos. Men for at kandidatane skal få kompetansen formalisert i form av fagbrev, er mange partar med på laget. Nokon treng mykje teori, andre lite. Dei fleste treng også ulik praksis over lang eller kort tid.

– For at alle kandidatane skal få høve til å fylle på med den praksisen og den teorien som manglar, er vi heilt avhengige av eit godt samarbeid med mellom andre dei vidaregåande skulane og private og offentlege verksemder, seier ho.

Heildigital undervisning

Den teoretiske undervisninga for praksiskandidatane er heildigital. Skulane nyttar fagstoff på nettet samt oppgåver knytt til dei ulike temaa. Flatås hadde venta at det ville bli eit problem for mange. Men også der var kompetansen høg. Elevane finn undervisningsmateriell på ei nasjonal nettside, og dei finn oppdatert informasjon om prosjektet i sitt fylke og på facebook.

– Det som derimot har vore ei utfordring, er manglande dokumentasjon på tidlegare jobbar. Mange arbeidsgjevarar skriv knappe attestar utan naudsynte opplysningar om innhaldet i stillinga, seier ho.

Tilbyr fleire samtalar

Brit Flatås ved Karrieresenteret i Verdal har vore på mange verksemder og møtt elevane på deira eigen arbeidsplass. Dei fleste kandidatane har også vore innom karrieresenteret.

– Vi fylgjer alle elevane tett, og vi reknar med at kvar og ein treng to eller tre karrieresamtalar undervegs, seier Flatås.

– Når eg seier tett oppfølging, meiner eg det, så viss nokon skulle trenge fleire møte, får dei det, legg ho til.

For karriererettleiaren veit at det er minst ein grunn til at folk ikkje har tatt fagbrevet. Nokre fekk tidleg avsmak for skulen, andre blir skremde av skjema, og så er det alle dei som utsett det til ein annan gong. Og plutseleg kjennes det som det er for seint.

– Vi prøver å rettleie dei over tersklane og gjennom jungelen, seier Flatås.

Økonomien er sikra

To av praksiskandidatane er Berit Strandholmen (46) og Monica Nilsen (40). Dei har begge lang erfaring frå arbeid med barn og unge, og arbeider no på Frol oppvekstsenter i Levanger. Dei to har vore inne på tanken om å ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men

det var først med prosjektet Fagbrev på jobb at det vart noko av.

– Det er klart det hjelpte at vi er sikra grunnlønna medan vi held på, seier dei.

Bente og Monica har nok praksis, men treng teori før dei kan gå opp til fagprøva. Dei kjenner seg trygge på at undervisninga skal gå greitt. At alt går føre seg på nett, tykkjer dei heller ikkje er nokon ulempe.

– Vi er blitt trygga på at vi skal få den hjelpa vi treng, seier Monica.

Glad for sjansen

Ein annan praksiskandidat er Marthe Bartnes (36). Ho har arbeid som assistent i fem år på Ørmelen bo- og servicesenter i Verdal. Sidan ho frå før er utdanna sveisar, treng ho berre 14 månader med annan praksis pluss helsefaga på skulen før ho kan ta fagprøva og få fagbrevet som helsefagarbeidar.

Marthe er takksam for høvet til å gjere ferdig utdanninga. Ho reknar med å måtte betale gjennom å gå nokre gratis ekstravakter mot at ho får behalde grunnløna si til ho er ferdig med prosjektet – venteleg med fagbrev som helsefagarbeidar.

– Det er flott at kommunen gjev oss denne sjansen, meiner ho.

Enorm kompetanse

Brit Flatås fortel at praksiskandidatane har lang røynsle frå arbeidslivet. Ei av dei har arbeidd i heile 32 år.

– Mange av kandidatane har skaffa seg ein enorm realkompetanse, og i mange tilfelle er det lite som skal til før dei kan gå opp til fagprøve, seier karriererettleiaren som tykkjer det er kjekt å hjelpe dei den siste biten mot fagbrev.

Ifølgje Flatås er det ikkje berre praksiskandidatane sjølve som har nytte av prosjektet. For kommunane og fylket er det også viktig å auke formalkompetansen.

– Å tilføre arbeidsplassane meir kompetanse er eit anna mål. Nord-Trøndelag er eit fylke med lågt utdanningsnivå, og 67 nye fagbrev er stort her, seier ho.

No håper ho at så mange som mogleg har tatt fagbrevet våren 2014, eller at dei er på god veg.

Ikkje alle vart med

I Nord-Trøndelag håpte dei å få 60 deltakarar i prosjektet. Når nesten 100 søkte, måtte dei ta inn litt fleire, men dei fekk ikkje plass til alle. Denne hausten får også desse tilbod om karrieresamtale ved Karrieresenteret i Verdal eller i Namsos.

– Det er no dei er motiverte, og mange har takka ja til tilbod om ordinær vaksenopplæring sidan dei ikkje fekk plass i prosjektet, seier Flatås.

Fylkeskommunen etablerte i januar i år ei prosjektgruppe som laga ein oversikt over tilsette utan fagbrev i dei åtte kommunane som vart med i prosjektet Fagbrev på jobb.

Karrieresenteret med kontor i Verdal og Namsos, begge med tre tilsette, har arrangert informasjonsmøte om praksiskandidatordninga for dei tilsette som har søkt om og fått ein plass i prosjektet. 35 av elevane er tilsett i oppvekstsektoren, medan 32 arbeider i helsesektoren.

Karriererettleiarar ved dei to sentra har vore med på å vurdere deltakaranes kompetanse. Dei har også hatt karrieresamtalar med kvar einskild for å legge opp individuelle planar fram mot fagbrev.

All undervisning er heildigital. Fagstoffet ligg på www.ndla.no.

Karrieresentra og praksisarbeidsplassane har lært opp faglege rettleiarar slik at alle kandidatane får individuell rettleiing når dei er ute i praksis.

Annikken Kjær Haraldsen, som er prosjektleiar i Nord-Trøndelag, seier at prosjektmidlane på 7,2 millionar kroner skal dekkje permisjon med løn i samband med undervisning pluss løn til vikarar.

Dei fleste deltakarane går ikkje ned i løn under prosjektet. Men det er opp til arbeidsgjevar.

– Vi reknar med eigeninnsats frå arbeidsgjevar, seier Kjær Haraldsen. Men ho legg til at det nok kjem an på om arbeidsgjevar kan bytte praksis med andre om verksemda kan betale full løn.

Kunnskapsdepartementet (KUD) og Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) inviterte sommaren 2011 fylkeskommunane til å prøve ut vidaregåande opplæring på arbeidsplassen. Nord-Trøndelag er eitt av fem fylke som vart med i prosjektet som skal auke den formelle kompetansen mellom dei tilsette i kommunale og private verksemder. Dei andre fylka er Hordaland, ­Rogaland, Hedmark og Vestfold. Hovudmålet med prosjektet er at dei ufaglærte tilsette tar fagbrev i omsorgs- og oppvekstsektoren. Prosjektet skal utvikle og prøve ut opplæringsmodellar for ufaglærte i desse sektorane. Prosjektet vert organisert ulikt i dei fem fylka, men felles er samarbeidet mellom fylke, vidaregåande skular, LO, NHO, Nav og kommunale og private verksemder. Oppdragsgjevar for prosjektet er KUD og HOD. Vox (Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk) har det ­nasjonale ansvaret for prosjektet, og følgjer opp prosjektet i samarbeid med Helsedirektoratet og ­Utdanningsdirektoratet.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy