JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Endelig fagbrev

Kompetansen er høg, men dei har ikkje papir på det. Nå tek 32 praksiskandidatar i Nord-Trøndelag fagbrev i helsefag. Karriere­senteret hjelper til med å skaffe manglande teori og praksis.

2012103109462320131214191520

karin.svendsen@fagforbundet.no

Ho er ein av åtte assistentar i Verdal som snart tar fagbrev i helsefag. Marthe Bartnes (36) har allereie fagbrev som sveisar og har difor det meste av teorien i boks. Ho har også arbeidd fem år på demensavdelinga ved Ørmelen bo- og servicesenter og i heimetenesta.

– Eg må berre ta helsebiten i teori og 14 månaders praksis andre stader før eg går opp til fagprøva, fortel ho.

Variert praksis

Kravet til praksiskandidatar som vil gå opp til fagprøva, er fem års praksis. Grunnen til at Marthe Bartnes etter fem år i jobb treng meir praksis, er at ho som så altfor mange andre i helsesektoren, ikkje har hatt full stilling. Dei to første åra etter at ho slutta som sveisar, hadde ho sommarjobbar og ymse vikariat på sjukeheimen. Deretter fekk ho ein fast 45 prosent stilling på sjukeheimen. Etter kort tid vart det innskrenking slik at ho måtte fylle stillinga med to dagar i veka i heimetenesta.

Praksisen skal ikkje berre vere lang. Han skal også vere variert.

– Eg har arbeidd mykje med pasientar med demens, men lite i rein pleie. Kanskje kan eg også få arbeide med menneske med nedsett funksjonsevne i denne perioden, håper praksiskandidaten som er svolten på å lære mest mogleg på dei 14 månadene.

Vil lære meir

Målet er å ta fagbrevet så snart som råd er. Men eg vil også få ein variert praksis slik at eg lærer mest mogleg, seier Marthe Bartnes.

Ho har tenkt på å ta fagbrevet før, men det var først då ho kom med i prosjektet Fagbrev på jobb at ho gjorde alvor av det. Ho tenkjer at det kanskje er alle dei gode kursa på arbeidsplassen som gjorde at ho ikkje kom i gang med fagbrevet.

– No trur eg at eg med tida også vil ta vidareutdanning, seier ho.

Når ho har fått fagbrevet i handa, treng ho endå to års praksis før ho kan begynne på fagskulen.

– Satsar på oss

Alle praksiskandidatane i helsefag frå den sørlege delen av Nord-Trøndelag samlas kvar veke til teoretisk undervisning.

– Vi møtes på ulike verksemder og får omvisning av institusjonssjefen som informerer om korleis dei driv. Slik får vi sjå mange ulike måtar å arbeide på, fortel Marthe Bartnes.

Praksiskandidaten er takksam for at kommunen vil satse på henne og dei andre som har lang røynsle frå arbeidslivet.

– Dei er flinke i Verdal kommune, meiner ho.

– Og skule, arbeidsgjevar og kompetansesenteret samarbeider godt, er hennar inntrykk.

Bartnes er takksam for høvet til å ta utdanninga sjølv om ho reknar med å måtte betale gjennom å gå nokre gratis ekstravakter. På den andre sida er ho garantert grunnløna si til ho går ut av prosjektet – ventelig med fagbrev som helsefagarbeidar.

Minst ein karrieresamtale

Berit Flatås ved Karrieresenteret i Verdal har vore på Ørmelen bo- og servicesenter og møtt Marthe Bartnes og dei andre praksiskandidatane som arbeider der. Dei har også vore på karrieresenteret og treft karriererettleiaren.

– Vi fylgjer alle elevane tett, og vi reknar med at kvar og ein treng to eller tre karrieresamtaler undervegs, seier Flatås.

– Når eg seier tett oppfølging, meiner eg det. Så viss nokon skulle trenge fleire møte, får dei det, legg ho til.

For karriererettleiaren veit at det er minst ein grunn til at folk ikkje har tatt fagbrevet. Nokre fekk tidleg avsmak for skulen, andre blir skremde av skjema, og så er det alle dei som utsett det til ein annan gong. Og plutseleg kjennes det som om det er for seint

– Vi prøver å rettleie dei over tersklane og gjennom jungelen. Vi veit ikkje alltid korleis vegen framover kan leggjast opp, men vi veit alltid kor vi skal leite etter ei løysing, seier Flatås.

Enorm kompetanse

Karriererettleiaren fortel at praksiskandidatane har lang røynsle frå arbeidslivet, og at dei etter kvart har fått ein enorm kompetanse.

– Då er det kjekt å kunne hjelpe dei den siste biten mot fagbrev, syns Brit Flatås.

Ho legg til at det ikkje berre er eit gode for kvar og ein som får fagbrevet. For kommunane og fylket er det også viktig å auke formalkompetansen.

Den teoretiske undervisninga for praksiskandidatane er heildigital. Flatås hadde venta at det ville bli eit problem for mange. Men også der var kompetansen høg. Så no har karrieresenteret oppretta både heimeside og facebook-gruppe for dei som tek del i prosjektet.

– Det som derimot har vore ei utfordring, er manglande dokumentasjon på tidlegare jobbar. Mange arbeidsgjevarar skriv knappe attestar utan naudsynte opplysningar om innhaldet i stillinga, meiner karriere­rettleiaren.

Nord-Trøndelag er eitt av fem fylke som er med i prosjektet som skal auke den formelle kompetansen mellom dei tilsette i kommunale og private verksemder. Dei andre fylka er Hordaland, Rogaland, Hedmark og Vestfold. Prosjektet vert organisert i dei fem fylka, men felles er samarbeidet mellom fylke, vidaregåande skular, LO, NHO, Nav og kommunale og private verksemder

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy