JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Europas beste helsefagarbeidarar

Helsefagarbeidarane frå Noreg drog til EM i Belgia. Lisa Søderlund Adsem og Ann Cathrin Hole kom heim med gull.

2012100915255520131216202905

karin.svendsen@fagforbundet.no

Helsefagarbeidarane landa på Gardermoen saman med resten av yrkeslandslaget etter EM i Belgia. Med flagg på sekken og gull rundt halsen løp rogalandsjentene vidare og rakk akkurat flyet heim.

– No vil me berre takke Solbjørg Byberg og Edel Susanne Hetland som har øvd så mykje saman med oss, seier Lisa Søderlund Adsem og Ann Cathrin Hole.

Og så vil dei takke Yvonne Soggemoen for all hjelp og støtte, og Inga Landsvik på lærlingekontoret på Stavanger universitetssykehus (SUS) for at ho gav dei denne sjansen.

Byberg og Hetland vann NM i 2010 og har vore med i EM same år og VM i 2011. Soggemoen er tilsett i Fagforbundet og arbeider med rekruttering og konkurransar innan helsearbeidarfaget.

Greip sjansen

Det er ikkje lange tida sidan Inga Landsvik ringde dei to som no er blitt europameistarar i helsearbeidarfag, og oppmoda dei til å bli med i EM. Ho kjende dei godt sidan begge har hatt læretida si på sjukehuset i Stavanger. Men Lisa Søderlund Adsem og Ann Cathrin Hole hadde aldri arbeidd saman. Dei berre kjende kvarandre gjennom rekrutteringskampanjen Bli helsefagarbeidar.

– No er eg kjempeglad for at me sa ja til det, seier Lisa Søderlund Adsem. Men då spørsmålet kom i juni, var ho først litt i tvil.

– Ann Cathrin og eg snakka litt saman. Me tenkte at dette er ein sjanse som ikkje kjem igjen, fortel Lisa. Så dei konkluderte med at dei berre måtte ta han.

Intens øving

To veker seinare møttes dei for å trene. Sidan har dei vore saman støtt for å øve seg til den store konkurransen i Brussel. Og dei har lest kvar for seg og saman. Særleg har dei lest seg opp på diabetes som dei visste ville bli ei oppgåve i EM.

– Vi har øvd på rollespel med Edel og Solbjørg som pasient og dommar, fortel Lisa Søderlund Adsem.

Før dei skulle inn på scenen under EM fekk dei litt meir informasjon om sjukdomsbiletet til pasienten og heimesituasjonen hennar.

– Me hadde to timar til å førebu oss til to oppgåver. Ein med diabetes og ein akuttsituasjon med brannskade, fortel Lisa. I tillegg såg dei to filmar og skulle vurdere korleis pasientane vart handterte av helsepersonellet.

Kjente eg var i live

Dei to EM-vinnarane tykte oppgåvene var greie.

– Men det er krevjande å ha eit stort publikum og dommarar rundt seg, syns Lisa Søderlund Adsem. Ho merka godt nervane.

– Viss ein mister fokus ein augneblink, er det som ein fell heil ut. Men me hjelpte kvarandre. Eg merka at Ann Cathrin trekte meg inn igjen om eg falt ut.

Og etter konkurransen: – Hjartet slår og du kjenner at du lever, seier ho.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy