karin.svendsen@fagforbundet.no
Else Andersen deler veka og seg sjølv mellom eldreomsorg og psykiatri. Tre dagar er ho på Kvinesdalsheimen, og to dagar arbeider ho i ein av bustadene for vaksne med ei psykiatrisk liding.
– Eg begynte som alle andre; hadde låg stillingsbrøk på heimen og tok lause vakter både der og andre stader. Til saman blei det alltid minst hundre prosent, minnes ho.
I mange år arbeidde ho annakvar helg.
– Det er jo slik vikarar har det, seier ho.
Rett til full stilling
Det var på byrjinga av 1990-talet at første tilbodet om desentralisert utdanning som hjelpepleiar kom til Kvinesdal kommune i Vest-Agder. Else var mellom dei som greip høvet, og har sidan teke vidareutdanning i psykiatri.
Ho har i alle år hatt ei deltidsstilling på Kvinesdalsheimen. Etter ein periode med lause vakter her og der, kombinerte ho arbeidet på heimen med ei fast deltidsstilling i ein bustad for personar med utviklingshemming. Den siste tida før ho fekk hundre prosent fast, hadde ho 40 prosent på heimen og 20 prosent i eit bufellesskap i psykiatrien.
Då det vart utlyst ein ny 20 prosent stilling i bufellesskapet, søkte Else om å få utvide stillinga si. Fordi ho hadde arbeidd hundre prosent i meir enn fire år, fekk ho støtte av hovudtillitsvald.
– Sidan har eg hatt 60 prosent fast på sjukeheimen og 40 prosent fast i psykiatrien, fortel Else Andersen.
Ei veke med kontrastar
Else Andersen lever godt med denne løysinga. Ho tykkjer det er greitt at ho nokre dagar slepp å skifte til uniform når ho kjem på arbeid. Uniform eller ikkje markerer ein forskjell på dei to jobbane hennar.
– Det eg gjer, er også så utruleg forskjellig, og for meg er variasjonen gjennom veka først og fremst ein stor helsegevinst, seier ho.
Full jobb på sjukeheimen trur ho ville ha vore for tungt.
– Eg merker det i armer og rygg når eg har vore der nokre dagar i strekk. Då er det godt for kroppen at eg tek ein spasertur. Og det er jo nett noko av det eg gjer i den andre jobben min, seier ho.
For i psykiatrien prøver dei mellom anna å motivere til eit sunt liv; variert kosthald og litt mosjon.
To flotte arbeidsplassar
Hjelpepleiaren syns kombinasjonen mellom ein jobb som er fysisk krevjande, og ein annan jobb kor det viktigaste er å vere til stades og møte bebuaren der han eller ho er, er heilt ideell.
– Eg ser berre fordelar med forskjellane. Eg blir aldri lei. Det er tvert imot slik at når eg har vore i ein bustad ei helg, gler eg meg til å arbeide på heimen når måndagen kjem, seier Else Andersen.
Det er fleire grunnar til at ho ikkje kunne ha tenkt seg å arbeide full tid på heimen. Ikkje berre at det ville ha slitt for mykje på kroppen.
– Eg ville ha sakna kollegane og bebuarane her. Og omvendt.
Else skjøner ikkje dei som ikkje vil prøve å kombinere to stillingar, eller dei som ikkje trivs med det.
– Men det blir for enkelt å berre seie at dei tilsette ikkje vil. For alle partar må leggje seg i selen for å få det til, meiner ho og tenkjer mellom anna på at ein leiar må tilpasse turnusen til hovudarbeidsplassen.
Framleis mange helger
Sjølv om ho er positiv til variasjonen og alle gevinstane som følgjer med, tykkjer ho at ho arbeider ei helg for mykje i løpet av den seks veker lange turnusen.
– Eg er på arbeid fire av seks veker. Skal eg vere heilt ærleg, syns eg det er ei helg for mykje. Men eg får jo meir fri på vekedagane. Det er fordeler og ulemper med alt.
LØNNSOPPGJØR: Snart skal lønna di forhandles.
Brian Cliff Olguin
Flere enn en million alderspensjonister får fastsatt ny pensjon denne våren. (Illustrasjonsfoto)
Anna Granqvist
Arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø i KS er klar til å starte opp forhandlingene om lønningene i kommunen.
Torgny Hasås
Lønnsoppgjøret for kommunene gjelder 450.000 ansatte. Mette Nord representerer 190.000 av dem. Det er Norges største tariffoppgjør, og er derfor omfattet med stor interesse fra media.
Per Flakstad
Forbundsadvokat Kjetil Edvardsen har vært sentral i alle rettsrundene mellom Stendi og Fagforbundet.
Werner Juvik
BEKYMRET: – Avdelinger har allerede blitt stengt på grunn av lite bemanning og sykemeldinger, sier virksomhetstillitsvalgt Bjørn Ingar Skogvang . På bildet er han landsmøtedelegat i 2022.
Bjørn A. Grimstad