JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Generasjon Y

Mange unge strevar med å finne seg til rette i arbeidslivet.

2008082611063720131216062530

Mange unge strevar med å finne seg til rette i arbeidslivet. Altfor få seier frå om maktovergrep og urett. I staden sluttar dei. På vidaregåande skular er det endå verre. Opp mot 40 prosent av elevane på yrkesfaglege liner droppar ut og sluttar. Samstundes slit tusenvis med å få gode lærlingplassar.

I vårt forbrukarsamfunn der marknadstenking, individualisme og personleg vinning er dei viktigaste verdiane, er det lett å kjenne seg framandgjort - på feil klode. På 1960-talet førde slik framandgjering til ungdomsopprør. I dag er det ikkje slik. Mange er rett nok engasjerte i ulike saker, men dei unge strøymer ikkje akkurat til dei politiske partia.

Fagforbundet har ambisjonar om å slåst for desse ungdommane, men fleirtalet er ikkje ein gong fagorganiserte. Den blomstrande, spanande og særs mangslungne ungdomskulturen har til no ikkje funne gode nok vekstvilkår i fagrørsla.

Generasjon Y, dei som er fødde etter 1980, dominerer den nye ungdomskulturen. Dei er vane med eit fleirkulturelt og multimedialt samfunn. Dei er opptekne av verdiar, og dei tek samfunnsansvar, men samstundes vert dei ofte svært skuffa over det tradisjonelle arbeidslivet. Hierarkiske og byråkratiske arbeidsplassar vert opplevd som meiningslause.

Arbeidsplassar som ikkje byr på god oppfølging og tydeleg leiarskap kan ikkje krevje lojalitet frå dei unge tilsette. Dei vil ikkje jobbe i miljø der ulike hersketeknikkar får regjere. Det er fort gjort å slutte om dei ikkje trivst.

Fagforbundet må rekruttere mange frå generasjon Y dersom dei skal lukkast med ambisjonane sine. Spørsmålet er om det er rom i fagforeiningane for ungdom som set spørsmål ved gamle sanningar og i tillegg krev å få bruke kreativitet og leik i både jobb og organisasjonsliv?

Resultatet kan verte både fornying og vitalisering.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy