Heimeteneste: Heim til alle over 80

Heimetenesta i Hareid tek kontakt med alle 80-åringar og besøker dei som ønskjer det. Treng den gamle råd, hjelp eller hjelpemiddel, skal han få det.

2005042116492220131216040642

Dei fleste 80-åringane ønskjer heimetenesta velkommen heim til seg. Arne Holstad er ein av dei som ikkje treng hjelp i dagleglivet. Likevel er han glad for at dei som arbeider i heimetenesta, har vore heime hos han, kjenner huset hans og veit kven han er.

Fint med besøk

– Det er godt at dei kjenner meg og min situasjon, tykkjer Holstad. Han vart 80 år i fjor, og fekk då eit brev frå heimetenesta kor dei fortalde at dei gjerne ville kome på besøk. Holstad tok imot heimetenesta og skreiv under på at dei kunne lagre opplysningar om han på data. – Det er berre godt å vite at dei kjenner meg dersom eg ein gong skulle få bruk for hjelp, meiner han. Omsorgsarbeidar Heidi Pedersen Kvaksvik opplyser at dei bruker eit par timar på eit slikt besøk for å orientere seg om korleis bygdas gamle bur og lever, og korleis dei klarer seg i kvardagen. Heimetenesta samlar informasjon ved at den gamle viser dei rundt i huset, gjennom samtale og observasjonar av 80-åringens måte å handtere ulike aktivitetar på.

Lønsamt

– Dette besøket er svært nyttig, og eg er overtydd om at vi førebyggjer mange heimeulukker på denne måten. Vi ser over husa deira, og vurderer mellom anna lys, bad, kjøken, trapper og tepper. Med enkle grep kan ofte heimen gjerast litt sikrare. Eller kanskje kan nokre hjelpemiddel vere naudsynte for at dei skal kunne halde fram med å bu heime dersom dei ønskjer det. Pedersen Kvaksvik fortel at eit slikt besøk også kan avdekkje behov for hjelp frå heimetenesta. – Det kan til dømes vere vanskeleg å halde styr på mange ulike medisinar. Kanskje treng dei berre ein doset for å sortere dei ulike pillene, eller kanskje finn vi ut at det beste er om vi som arbeider i heimetenesta, følgjer med slik at alle medisinar blir tekne i rett tid. Når heimetenesta er på vitjing hos bygdas 80-åringar, informerer dei også om kva dei kan tilby av hjelp, og vertskapet får vite korleis dei kan ta kontakt dersom dei ønskjer det. – Eg trur vi førebyggjer mange uhell i heimane, og vi utset flytting til institusjon. Slik sparer vi kommunen for store utgifter. Og dei gamle får betre livskvalitet ved at dei kjenner seg tryggare i heimen sin, seier Pedersen Kvaksvik.

Byggjer ned tenestene

Politikarane i Hareid kommune i Møre og Romsdal har no byrja å byggje ned pleie- og omsorgssektoren. Etaten har om lag 88 årsverk. Medan dei heimebaserte tenestene i fjor hadde 15,6 stillingshjemlar, har dei i år 11. Heimehjelpa og heimesjukepleia utfører tenester for om lag 160 brukarar. Dei har også ansvar for over 150 tryggleiksalarmar. Kommunen har 56 institusjonsplassar, 37 omsorgsbustader og 6 plassar i bufellesskap for personar med utviklingshemning. På kvelden har dei til no arbeidd to pleiarar. Frå 1. mars i år må ein pleiar reise heim til 20 faste brukarar og passe tryggleiksalarmane aleine. Inntil nyleg fekk alle innbyggjarar over 80 år eit førebyggjande heimebesøk kvart år. No får dei besøk berre det året dei fyller 80.

Hareidmodellen for heimebesøk

Alle pleiarane som skal på førebyggjande heimebesøk til bygdas 80-åringar, får ei orientering om korleis besøket bør gjennomførast. Dei får og ei liste over kva dei bør spørje om. Her er nokre døme på spørsmåla til den gamle:

Kan du flytte deg rundt i huset som du vil?

Er bustaden tilpassa og funksjonell for deg?

Greier du å vaske opp?

Greier du å handle og gå i banken?

Når var du hos lege sist?

Kva for medisinar bruker du?

Har du nokon hobby?

Er det noko du ønskjer å drøfte med oss i helsetenesta?

Tvinga til kynisme

Pleiarar er utdanna til å gi omsorg til heile mennesket. Då er det tungt å neglisjere brukaranes sosiale behov. Pleie- og omsorgsektoren i Hareid har ingen problem med å rekruttere kvalifisert personell. Helene Spjelkaviknes Vollsæter, har vore sjef for etaten dei siste fire åra, og meiner tenestene deira er særs gode. – Kvaliteten blir til i møte mellom dei tilsette og brukarane. Vi har ikkje meir ressursar enn andre kommunar, men vi har eit godt arbeidsmiljø, stabilt personale og ansvarlege assistentar og pleiarar, seier ho.

Noko slit

Pleie- og omsorgsjefen kan ikkje og vil ikkje seie noko gale om den politiske leiinga i kommunen. Men tala taler sitt tydelege språk om nedskjeringar og auka arbeidspress. På spørsmål om korleis dei til dømes handterer utdeling av medisinar, svarer ho at til no har dei klart å halde seg innafor lovverket, men at det no er ei utfordring. Meir vil ho ikkje seie om den saka. Men Spjelkaviknes Vollsæter kommenterer gjerne arbeidssituasjonen til dei tilsette etter dei siste budsjettreduksjonane. – Vi er utdanna til å tenkje omsorg og til å gje god pleie til heile mennesket. Då er det slitsamt at den fysiske pleia krev alle ressursar. Mot vår vilje og i strid med dei ideelle krava vi har til oss sjølve må vi vere kyniske og ofte neglisjere dei sosiale behova til brukarane, seier sjukepleiaren med 35 år bak seg i helsesektoren.

Gapet veks

Samstundes som talet på gamle innbyggjarar aukar, stig forventningane til helse- og sosialtenesta i Hareid som i mange andre kommunar. – Staten seier vi har rettar, men det er ikkje alltid samsvar mellom det rettane kostar og det kommunane får tildelt, meiner Spjelkaviknes Vollsæter. – Resultatet er eit veksande gap mellom det brukarane har krav på og forventningar om på den eine sida, og dei tenestene kommunen kan tilby. Pleie- og omsorgsjefen har også merkt seg at bygdas gamle for nokre år sidan spurde kva dei kunne få. – I dag er brukarane meir å likne med medvitne forbrukarar; dei veit kva dei har krav på, og dei krev det. Det er flott at dei stiller legitime krav, men også problematisk når vi ikkje kan oppfylle krava, seier ho. Når ein brukar ikkje får innfridd krava sine, kan dei klage. – Det hjelper vi dei gjerne med, og vi gjer det klart at ei klage er ei helt upersonleg sak, og at ingen vil ta det ille opp.

Sosiale behov

Spjelkaviknes Vollsæter kan fortelje at mange gamle i Hareid gjerne søkjer seg til sentrum og ein liten omsorgsbustad sjølv om dei fysisk er friske nok til å bu i sitt eige hus. – Det er ein myte at alle gamle vil bu heime så lenge som mogleg, meiner ho. – Kva dei ønskjer, kjem an på nettverk og avstandar. Mange her på øya bur langt frå andre menneske. Dei er åleine heile dagen, og vil heller ha ein omsorgsbustad nær dagsenteret og alle aktivitetane vi har her.

KVALITETSARKIVET - KVALITETSHS

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy