Høgdepunkt å møte sjukepleiarar

– Eg opplever no ein augneblink som gjer livet mitt komplett. Slik møtte Are Kalvø om lag 250 sjukepleiarar i går då han gjesta Sjukepleiarkonferansen til Fagforbundet.

2011052513480420131216161455

karin.svendsen@fagforbundet.no

Møtet var for han eit høgdepunkt i livet. Det var i alle fall det han sa. Det seier han sjølvsagt til alle publikum. Men denne gongen meinte han det. Sa han.

– Det er verkeleg stort for meg å stå framfor ein sal full av sjukepleiarar. Ein sal full av omsorg.

Han nytta høve til å takke sjukepleiarane for alt dei gjer, og for alt dei kjem til å gjere den dagen han sjølv treng at dei tek hand om han og fiksar på han.

Kalvø avslutta med å seie at den dagen ein byrjar følgje med på innslag om helse i Dagsrevyen, då er ein blitt vaksen. Og då er den kjedelege delen av livet i gang.

Faglege løft

Denne dagen var nok alt anna enn kjedeleg for dei 250 sjukepleiarane i Fagforbundet. Mellom andre Bettina Husebø engasjerte truleg alle dei frammøtte med sitt foredrag om smertevurdering hos personar med demens. Kanskje var ikkje alle klar over kor vanskeleg det kan vere å vite kva som gjer vondt når ein person har mist språket. Husebø streka under at eit menneske med demens ikkje lenger kan late som. Difor må ein ta på alvor alle lydar og uttrykk som tyder på smerte.

Frå mikro- til makronivå

Erik Fosse, leiar på Innovasjonssenteret ved Universitetssjukehuset i Oslo (UiO), var ein annan innleiar på sjukepleiarkonferansen. Ved å vise korleis den medisinske utviklinga involverer investeringar i utstyr og kompetanse, viser han også kvifor helsesektoren blir omorganisert og sentralisert utan politiske vedtak. Utviklinga innan nano- og mikrokirurgien påverkar såleis strukturendringar på makronivå.

Deltakarane fikk òg høyre Tord Dale, sjukepleiar og politisk rådgjevar i Helse- og Omsorgsdepartementet.

– Sjukepleiarar som vel Fagforbundet, har stor påverknadskraft. Det fins inga andre forbund som har like tett samarbeid med den politiske leiinga i departementet, sa han mellom anna.

Sissel M. Skoghaug, leiar for Fagforbundets nettverk for sjukepleiarar, slutta dagen ved å opplyse at deltaking på konferansen teller i forbundets kliniske fagstige for sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og leiande sjukepleiarar.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy