JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kommunen gjev løn for innsatsen

Tilsette i Meråker kommune får automatisk eit tillegg i årsløna på 20.000 kroner når dei tar ei vidareutdanning. Det gjeld både fagarbeidarar og høgskoleutdanna personell. Dei som tar vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen i kommunen, får også stipend som skal dekkje ein del av utgiftene til reising og materiell.
– Verdien av vidareutdanning er kjempestor, meiner Elisabeth Johansen, konstituert sektorsjef for helse, pleie og omsorg. Ho seier kommunen står framfor store utfordringar som krev høgare kompetanse.
– Vi legg difor til rette både for vidareutdanning og etterutdanning i form av kortare kurs, seier ho.
Sektorsjefen opplyser at mange tilsette har vore gjennom Demensomsorgens ABC.
– Eg håper at det kurset kan fungere som ein port til vidareutdanning i demensomsorg. Og kanskje kjem vidareutdanning i demensomsorg på fagskolen inn i kompetanseplanen, seier ho.
Alle som er medlem av Fagforbundet, får dekt opptil 50 prosent av eigne utgifter i samband med vidare- og etterutdanning.

2012052913014420131214182247
Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy