Meir deltid i Haugesund

Politikarane set i gong eit prosjekt for fleire større stillingar på sjukeheimane samstundes som einingsleiarane splittar opp store stillingar i heimetenesta.

2007081015112220131216014752

– Haugesund har mest inga heile stillingar på alders- og sjukeheimane, seier hovudtillitsvald Gro Førre. Ho reagerer kraftig på at einingsleiarane ved to av omsorgssentra i byen vil splitte opp endå fleire årsverk.

Kvinnefiendtleg Ved heimetenesta i Vardafjell omsorgssenter har einingsleiaren splitta opp ein 100 prosent stilling i sju helgestillingar, og ein 75 prosent stilling er splitta opp i fem helgestillingar. Ved aldersheimen i same eining er ein 50 prosent stilling delt opp for å gje fem helgestillingar.

– Grunnen er at det har vore mange hol i turnusen, og dei tilsette har måtta ta mange ekstravaktar i helgane. Etter oppsplittinga av stillingane i heimetenesta manglar det no tre til fire årsverk i veka. Einingsleiaren reknar med at det blir lettare å få folk til å ta ekstravaktar midt i veka enn det har vore i helgane, seier Førre, som meiner dette er ein kvinnefiendtleg politikk.

– Ingen kan leve av små helgestillingar, seier ho.

På tvers av prosjekt Politikarane i Haugesund har vedteke at det skal setjast i gang eit prosjekt for å auke stillingar ved to avdelingar ved sjukeheimen knytt til Udland omsorgssenter. Dette prosjektet skulle setjast i verk innanfor vedtekne budsjettramer.

– Samstundes splittar einingsleiaren her opp to halve stillingar i heimetenesta til tre stillingar på om lag 30 prosent, seier Førre.

Ho meiner elles at effekten av prosjektet var liten for dei tilsette.

– Det var berre nokre få prosent å fordele. Eg har det inntrykket at meininga med prosjektet var å få dei tilsette til å arbeide fleire helger, meir enn å auke stillingsdelane.

Førre trur politikarane i juni vil løyve 18 millionar ekstra til omsorg. Ho håper da at prosjektet ved Udland omsorgssenter blir sett ut i livet utan større arbeidsbelastning for dei tilsette.

MYKJE DELTID­: – 100 damer gjekk i tog mot oppsplitting av stillingar i Haugesund, fortel hovudtillitsvald Gro Førre.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy