Mor eller far på sjukehus: Barn treng leikepause frå alvoret

Når far eller mor er alvorleg sjuk, treng også barna å bli sett. På sentralsjukehuset i Førde får ungane leike når dei kjem på besøk. Og pleiarane gjer sitt beste for at dei skal kjenne seg velkomne.

2007032210100620131216040710

Alvorlege sjukdommar rammar ikkje berre ein person, men heile familien. Det har dei skjøna dei som arbeider på Førde sentralsjukehus. Dei har tatt konsekvensen av at også barn og unge kan bli hardt ramma når ein nær vaksenperson får ein alvorleg diagnose. Erfaring viser at det er viktig at barn og ungdom så tidleg som mogeleg får kome på besøk til avdelinga, der mor eller far er innlagde. Tidlegare var oppfatninga at barn hadde best av å bli skjerma og ikje ta del i når sjukdom ramma. I dag er fagfolk einig om at barn treng tilpassa informasjon og mogeleghet for å delta. Det er uråd å sjaerma barn når familien vert ramma av krise og sorg. Dersom dei ikkje får klar informasjon, bruker barn fantasien. Difor er det viktig at barn og ungdon vert tekne med og får sjå sjølv slik at dei ikkje dannar fantasibilete.

Treng kompetanse

Tone Gjelsvik Sellevold, rådgivar og sjukepleiar i Kreftforeningen, seksjon Vest. Det var ho som tok kontakt med sjukehuset og foreslo at dei skulle gjere noko for barna til dei som blir lagde inn med ein alvorleg sjukdom. Det vart oppretta ei ressursgruppe for barn som pårørande. Denne gruppa har sjukepleiar og hjelpepleiar frå ulike avdeling ved sjukehuset. Hovudoppgåva for ressursgruppa er å heve kompetansen blant dei tilsette slik at alle er i stand til å hjelpe foreldra til å ta vare på barna som indirekte vert ramma av sjukdom. Vervet som leiar for gruppa går på omgang, og nett no er turen kommen til Kari Daltveit, hjelpepleiar på Kirurgisk avdeling. Ressursgruppa har no eksistert i fire år. Dei har arrangert kurs på kvar avdeling slik at dei tilsette er kjent med at barn kan vere involverte når ein vaksen kjem inn for kort eller lengre tid med ein alvorleg sjukdom. Fyrste halvåret hadde gruppa hyppige møte. No møtes dei tre ganger i halvåret. – Dess meir vi lærer, jo lettare er det å gå inn i vanskelege situasjonar, meiner Daltveit.

Treng også leiker

– Eg hadde ikkje anna enn ein kortstokk og eit yatzyspel å tilby barna som kom på besøk, minnes hjelpepleiaren. Ho og kollegaene skjøna at det kunne vere kjeisamt for ungane å sitje innmed ei seng i lange tider. Dei vende seg difor til ulike verksemder i kommunen og bad om støtte til innkjøp av leiker. – Me fekk både leiker og pengegåver, fortel Daltveit. Særleg morosamt tykte ho det var at dei ein gong fekk besøk av ein heil barnehage som kom for å gje leikar. – No har me mykje å tilby barna – til og med tv med dvd og play station, seier ho. Når det no kjem eit barn inn som pårøyrande, kan pleiarane ta han eller ho med seg på daglegstova/leikerommet, eller dei kan hente leiker til rommet der far eller mor ligg.

Ser barnet

Gjelsvik Sellevold og Daltveit understrekar at det er viktig at ungane kjenner seg velkomne når dei kjem til sjukehuset. – Og det er som regel så lite som skal til for å gjere situasjonen litt lettare for barna. Det er sjeldan naudsynt med store tiltak, seier dei. – Vi ser barnet og seier det er greitt at han eller ho er her, legg Daltveit til. Og med leikar tilgjengeleg blir det straks lettare for eit barn å tru på slike ord.

Rutine

Alle avdelingane har no innarbeidd rutinar for spørsmål om barn når dei får inn pasient med alvorleg sjukdom. – Me spør alltid om pasienten har ungar, og om skule og barnehage kjenner til situasjonen. Det kan vere greitt at dei som har å gjere med borna, er informerte slik at dei skjøner kva som går føre seg om barnet endrar seg, meiner Daltveit. Gjelsvik Sellevold og Daltveit tykkjer det er nyttig at spørsmål om barn er blitt ein del av rutinane for dei tilsette. – Det er til dømes ei utfordring å få inn unge mødrer som berre skal vere her i tre dagar. Då er det mykje å hugse på og godt med faste prosedyrar, meiner Daltveit.

Støtte

Pleiarane ved sentralsjukehuset i Førde tilbyr også foreldra rådgjeving og støtte til å informere barna og deira nettverk, i ei tid då dei kanskje har meir enn nok med seg sjølve. Avdelingane kan også tilby filmar, bøker og broskyrer til hjelp for foreldre.

Ressursgruppe for barn og ungdom

Ressursgruppa er eit samarbeidsprosjekt mellom Førde sentralsjukehus og Kreftforeningen. Ressursgruppa består av personale ved åtte avdelingar, samt ein rådgjevar frå Kreftforeiningen. Ressursgruppa har som mål å hjelpe alvorleg sjuke foreldre til å ta vare på barna sine. Dei arbeider også for at barna skal kjenne seg velkomne til avdelinga. Ressurspersonane på kvar avdeling formidlar kunnskap til og støtter kollegaene sine når dei står i situasjonar med familiar som er råka av alvorleg sjukdom.

"Når mor eller far får ein alvorleg sjukdom, rammar det heile familien,både barn og vaksne. Livssituasjonen vert endra, og barna sin kvardag vert prega av utryggleik og bekymring. Ved å gje dei informasjon om sjukdom og behandling, vil dei kunne meistre den nye situasjonen." Frå brosjyre utgitt av Ressursgruppa ved Førde sjukehus.

KVALITETSARKIVET - KVALITETSHS

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy