Møter livet der ute

På Såta bu- og servicesenter er dei ute i sansehagen kvar dag og på tur ein gong i veka. Fysisk aktivitet er god førebygging.

2008052814150320131216052733

– Veit du kva me skal gjere i dag? Me skal ut på tur. – Fantastisk. Det var ei glede å høyre. Inger Fosse Dalland er innom romma til dei som skal vere med på langtur. Torsdag er turdag på Såta bu- og servicesenter i Lindås kommune. Dei 12 bebuarane på skjerma eining vert fordelte på tre grupper alt etter kor lang tur dei klarer.

Alle treng stimuli

Fosse Dalland har vore miljøterapeut her i snart åtte år. Før ho tok utdanning som aktivitør, arbeidde ho mange år som hjelpepleiar. Ho har alltid vore oppteken av at bebuarane skal få mest mogleg frisk luft, fysisk aktivitet og kulturopplevingar. – Me som arbeider i helsevesenet, må vere medvitne om at fysisk aktivitet er godt, og livsviktig – ikkje berre for den fysiske helsa, men og for psykisk helse og velvære, meiner ho. Når aktivitøren sjølv vert gamal, vil ho heller ta sjansen på eit beinbrot enn å sitje passiv i årevis. – Det er så stor helsevinst i eit aktivt liv at fysisk aktivitet burde vere ein del av tiltaksplanen. Dette har me snakka om å få til her. Får me til det, må me ha ei grunngjeving dersom pasienten ikkje har vore ute.

På tur med stokk

– Nokre av bebuarane er fysisk spreke. Nokre treng støtte, andre treng hjelpemidlar når dei skal røre på seg, fortel Fosse Dalland. – På torsdagsturane har me tre alternative turar. Nokre kan kanskje berre røre litt på seg ute i sansehagen. Andre er litt sprekare, og kan gå på gangvegen utanfor. Men dei fleste blir med på langturen rundt vatnet – med eller utan stokk. Nokre av dei treng rullator eller rullestol på delar av turen, men så lenge dei kan gå litt innimellom, blir dei med. Gruppene vert sett opp, ut frå dagsforma til den einskilde. – Me må ha i bakhovudet at ingen skal tvingast. Men me spør heller ikkje om dei har lyst, då er svaret ofte «nei». Det er ikkje alltid lett å forstå kva tilbodet inneber. Me inviterer, eller prøver å lokke med «kom skal du få sjå!». – Ein gong sette eg i gong med å lage ei hesje utafor her. Eg kunne det slett ikkje, og det tok ikkje lang tid før ein av mennene ikkje orka å sjå på dette kløneriet mitt, og reiste seg opp for å gjere det skikkeleg. Ei kvinne på over nitti år sette frå seg rullatoren og hjelpte også til. Målet var nådd, frå passivitet til engasjement og deltaking!

Servering i Tankegangen

For å få til ein tur kvar veke, flyttar dei andre gjeremål i avdelinga. Om det til dømes er tidkrevjande å bade ein av bebuarane, blir det gjort ein annan dag. Det tek tid å førebu turen, og det er viktig ikkje å skape for mykje uro. Før turen samlast folk etter kvart som dei er ferdig kledde. Dei sit i gangen som Anfinn Sætre ein gong døypte til Tankegangen. På veggen heng mellom anna bebuarane sine eigne gullkorn i glas og ramme: «Hugs: Om skinnet eldast og blir gamalt, kan sinnet vera ungt – og har minst same behov som før til å ha det moro og ha eit fellesskap.» I dag er Borgny Hellem her for å vere saman med mannen sin på tur, slik ho brukar vere. Medan dei siste gjer seg klar, serverer ho vatn til dei som alt er ferdig påkledde, og hjelper til med å pakke ryggsekken med frukt og vatn. Mat til endene må sjølvsagt også med. Den gamle militærmannen Anfinn, som har ein kjapp replikk i dei fleste situasjonar, tykte det hadde passa betre med whisky.

Familie er ein ressurs

På veg ut av døra møter me også Knuthild Ruskedal, dotter til Klara Ruskedal. Ho vil også gjerne vere med i dag. – Det er svært kjekt at skyldfolk kjem blir med på tur. Dei er ein ressurs. Difor er det viktig at dei opplever å verte rekna med og inkluderte. – Turen blir ei heilt anna oppleving når pasientane får med seg sine, meiner Fosse Dalland. Tapet av fellesskap med slekta blir ikkje så stort. – Glatt føre er einaste grunnen til å droppe turen, meiner Fosse Dalland. Ho har planar om å lage ei løype innandørs eller arrangere trappetrim når dei ikkje kan gå ut.

Vedlikehald

Etter nær åtte års arbeid for å auke den fysiske aktiviteten, har personalet på Såta arbeidd seg fram til ei felles haldning. Dei er samde om at det er godt for dei gamle å vere aktive. – På ein sjukeheim veit personalet at bebuarane etter kvart vil bli svakare. Men i staden for at dei gamle får vere inaktive og passive, må den einskilde pleiar bevisst motarbeide svekking gjennom fysisk aktivitet og naturlege stimulansar. Det kan gjerast gjennom små og større aktivitetar og enkle tiltak, meiner Fosse Dalland. – Me ser gong på gong at ein god spasertur er effektiv for å få i gang ein problemmage og få uro ut av kroppen. Fosse Dalland og kollegene hennar er opptekne av at dei ikkje skal sy puter under armane på bebuarane. – Eit menneske som kan gå ved eigen hjelp, skal ikkje takast under armen og bli støtta når han går. Slik blir han fort usjølvstendig og avhengig av støtte. Me må vere vakne for kva bebuaren kan klare, og konsentrere oss om å oppretthalde funksjonar. Elles lagar vi lett nye problem.

Det handlar om å leve

Det har vore ein lang prosess å skape ei sams haldning om at ein treng å vere aktiv heile livet. – I byrjinga kunne eg til dømes møte argumentet om at bebuaren er for trøytt til å gå ut. Ein annan var redd for at dei gamle skulle få lungebetennelse. – Denne tenkinga har me lagt bak oss. Om vi kler oss godt, og er i rørsle, er risikoen for å få lungebetennelse mindre ute enn inne. Mange bebuarar på sjukeheimane får pneumoni, men det er sjeldan det er den friske lufta som er årsaka. Eg trur oftare det er av di dei er passiviserte og i dårleg form og difor har eit svakt immunsystem. – Ein må våge at noko kan skje. Eg trur alle er samde i at det er betre å vere uheldig på tur, enn aldri meir å få kome på tur. Dette handlar om eit verdig liv, om å få leva, seier aktivitøren.

Helsegevinst

Fosse Dalland er einaste aktivitøren på Såta bu- og servicesenter. Etter hennar meining skulle kvar sjukeheimsavdeling hatt ein person som var ansvarleg for sansestimuli. – Ein miljøterapeut kan saman med dei andre tilsette syte for stimuli og førebygging gjennom fysisk aktivitet. Alle kan bruke seg sjølv utover dei reine pleieoppgåvene på ein slik avdeling. Å oppretthalde funksjonar er jo ei viktig del av behandlinga. Det gjer ein skilnad om sjukeheimen har ein aktivitør eller ikkje. Såta bu og servicesenter var til dømes ein av dei fyrste sjukeheimane i Hordaland med sansehage. Og dei har fått ei kulturstove. Dei har også innandørs trim to gonger i veka. Og ikkje minst: Alle bebuarane på skjerma eining kjem ut på tur kvar veke heile året.

Møter verda

Vel ute, er det mykje å sjå på, høyre og snakke om. Etter nokre minutt er heile følgjet komen ned til vatnet. – Mange eldre misser så mykje når dei kjem på institusjon. Men verda ligg rett utafor døra, seier aktivitøren og peikar utover vatnet. – Sjå katten som ligg og lurer på andungane. Alle følgjer med og veit at katten er sjanselaus. Anfinn Sætre morar seg over at endene erter katten ved å symje mot han og snu like før dei når land. – Her er livet som kjem imot oss. Her får sansane heilt naturleg stimuli. Og alt er gratis, påpeiker aktivitøren. Etter ein kilometer eller så er det pause på benkane. Eit følgje frå barnehagen passerer, og dei eldre tykkjer det er triveleg å møte den oppveksande slekt. – Når me er ute på tur, er det så mykje å snakke om. Og me som er med som fylgje, prøver å snakke om det som kan vere interessant for alle. Me prøver å sjå og høyre kvar einskild. Dette er ikkje tida for privat snakk pleiarane imellom. Som alltid må me ha fokus på bebuarane og prøve å skape inkluderande samtaler, seier Inger Fosse Dalland. – Livet på institusjon er ikkje så verst når det er innhald i dagane.

KVALITETSARKIVET - KVALITETSHS

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy