– Best tent med å sende sjukepleiarar på kurs

TRYGGARE: – Vi har blitt synt kvar vi kan hente informasjon, og vi er blitt tryggare på meir av det medisinsktekniske utstyret, seier Sissel Kvame (t.h.) Her saman med kollega Joy Palmer.

TRYGGARE: – Vi har blitt synt kvar vi kan hente informasjon, og vi er blitt tryggare på meir av det medisinsktekniske utstyret, seier Sissel Kvame (t.h.) Her saman med kollega Joy Palmer.

Tarjei Langeland

Etter at alle sjukepleiarane i Gulen kommune har tatt etterutdanning kan dei behandle fleire pasientar på sjukeheimen.

2019102813031820191031122111

Fagbladet.no skreiv 4. oktober om at Fagforbundet har sponsa Verdighetssenteret med millionbeløp sidan 2008. På etterutdanninga Akuttmedisinsk eldreomsorg er likevel under 20 prosent helsefagarbeidarar. Dei fleste er sjukepleiarar. I Gulen er dei glad for sjukepleiaranes etterutdanning.

– Tryggare

Dei har sjeldan sagt nei til å ta imot ein pasient på sjukeheimen i Gulen. Men no er det blitt lettare å ønskje velkommen dei pasientane som er medisinsk krevjande.

– Før ville vi ha kvidd oss for å behandle somme av dei pasientane vi no tek imot. Vi er blitt tryggare. Dermed er det enklare å seie ja til å ta imot pasientar som treng avansert behandling, fortel Nina Haveland, einingsleiar på Gulen sjukeheim.

I løpet av dei siste to åra har nemleg alle sjukepleiarane på sjukeheimen og i heimesjukepleia i Gulen fått tilbod om å ta etterutdanning i akuttmedisinsk eldreomsorg. 17 av dei 18 sjukepleiarane har takka ja. Dei har vore med på to samlingar med teoretisk undervisning og praktisk prosedyretrening på Verdighetsenteret i Bergen.

Lærte å finne løysinga

STARTAR BEHANDLING PÅ SJUKEHEIMEN: – Vi har fanga opp nokre alvorlege tilfelle i tide. Då har vi starta behandlinga før ambulansen har vore framme, seier Nina Haveland. Fordi dei er gode til å observere, trur ho sjukepleiarane i Gulen kan redde menneske med livstruande sjukdommar som blodforgifting, hjerneslag og hjarteinfarkt.

STARTAR BEHANDLING PÅ SJUKEHEIMEN: – Vi har fanga opp nokre alvorlege tilfelle i tide. Då har vi starta behandlinga før ambulansen har vore framme, seier Nina Haveland. Fordi dei er gode til å observere, trur ho sjukepleiarane i Gulen kan redde menneske med livstruande sjukdommar som blodforgifting, hjerneslag og hjarteinfarkt.

Tarjei Langeland

Nina Haveland, som innimellom tek bakvakt på natt når dei manglar sjukepleiar, seier at både ho og kollegaene har hatt stor nytte av etterutdanninga.

– Noko hadde vi ikkje gjort sidan vi tok utdanninga. Anna var så nytt at ingen av oss hadde vore borti det før, seier ho.

Avdelingssjukepleiar Sissel Kvame supplerer:

– Vi er blitt tryggare på fleire oppgåver. Og når det dukkar opp noko vi er usikre på, så veit vi kor vi kan sjå etter rett prosedyre og tilstrekkeleg kunnskap, seier ho.

Dei som underviste på kurset, har laga ei handbok med alle prosedyrane som sjukepleiarane fekk demonstrert og praktisert på etterutdanninga. I tillegg fekk pleiarane vist at ein kan nytte Youtube for å sjå korleis ting skal gjerast.

Verdighetsenteret er opptekne av å kvalitetssikre innhold og kilde før YouTube-videoer blir brukt i undervisninga, f.eks. videoen om Micrel sprøytepumpe utarbeid av Kompetansesenter for lindrende behandling, Helse Bergen

Slapp å vere på sjukehus

Eit døme på kva dei har fått bruk for, er å gje medisin gjennom sentralt venekateter. For mange pleiarar og pasientar er ein veneflon i handa vanleg å handtere. Eit sentralt venekateter er derimot ikkje noko dei ser kvar dag på ein sjukeheim. Og mykje kan gå gale om ikkje alt blir gjort rett og i rett rekkjefølgje. Skrekken er at feil handtering skal gje til dømes infeksjonar eller luftemboliar (luftproppar) i blodbana.

For ikkje lenge sida fekk sjukeheimen i Gulen inn ein pasient som hadde fått operert inn kateter i ei vene i brystet. Pasienten skulle ha intravenøs behandling med ulike typar væskar og antibiotika fleire gonger dagleg. Dette var absolutt noko som kunne skapt redsle og uro blant personalet for eit par år sidan.

– No er haldninga at dette skal vi få til. Vi bladde opp i prosedyrane og såg ein filmsnutt om korleis vi skulle gjere det. Alle handterte det greitt, fortel Sissel Kvame.

Treng meir kompetanse no

Før sjukepleiarane i Gulen tok etterutdanninga i akuttmedisinsk eldreomsorg, hadde dei fleire prosjekt for å bli flinkare på lindring og livets siste dagar.

Gro Helen Dale, lege og fagleg leiar ved Verdighetsenteret, opplyser at dei evaluerte etterutdanninga «Omsorg ved livets slutt – en verdig alderdom».

– Der kom det fram at deltakarane sakna meir kunnskap om akutt og alvorleg sjukdom. I 2016 kom også ein forskingsartikkel av Bing-Jonsson og kollegaer. Denne viste at tilsette i eldreomsorga ikkje er gode nok til å identifisere teikn på akutt og alvorleg sjukdom hos gamle, seier Dale. Bing-Jonsson viste også at dei tilsette ofte var for seine med å sette i gang relevante tiltak.

– Mykje av behovet for etterutdanninga Akuttmedisinsk eldreomsorg er ei følgje av Samhandlingsreformen, legg ho til.

– Denne reforma har ført til auka krav til kompetanse i kommunehelsetenesta. I tillegg er det slik at gamle lever lenger enn før, dei har fleire sjukdommar og meir samansette problem enn før.

Store avstandar

Det er ikkje lett å seie kor mange pasientar frå Gulen som har sleppt å reise på sjukehuset fordi sjukepleiarane har tatt etterutdanning i akuttmedisin. Nina Haveland trur etterutdanninga har vore avgjerande i nokre tilfelle. Men ho fortel at dei i Gulen også tidlegare har strekt seg langt for at pasientane skal få det dei treng heime eller på sjukeheimen. Det har sjølvsagt hatt mykje å seie at dei har to faste legar som er tilsynslegar på sjukeheimen. Dei deler på å ha legevisitt. I tillegg er dei tilgjengelege utanom kontortid for pasientane på sjukeheimen. Kommunen har også ein ressurssjukepleiar for alvorleg sjuke og døyande som legg til rette for god oppfølging.

– Det er nok lettare for oss å behalde pasientane enn det er for ein sjukeheim med kort veg til sjukehus, trur Haveland.

Gulen kommune høyrer under Helse Bergen. I ein akutt situasjon tek det to timar for ein ambulanse å kome seg frå Gulen til Bergen. Til Knarvik, der ein har legevakt utanom kontortid i Gulen, tek det halvannan time å køyre viss det klaffar med ferja.

Det hender at legevakta ber sjukeheimen i Gulen ta imot ein pasient for at han eller ho skal sleppe å reise heilt til Knarvik eller leggjast inn på sjukehus. Det kan dei gjere i dei tilfella pasienten kan få den same behandlinga her som han ville ha fått på legevakta eller sjukehuset.

– Men da er mykje klargjort med lege på førehand. Og dersom pasienten blir dårlegare, tek vi sjølvsagt ny kontakt per telefon, seier Haveland.

Lindring framfor akutt

Dei tilsette er klåre på at lindring er betre enn behandling når tida er inne for det. Sjukeheimen har skaffa seg ei infusjonspumpe som skal forsyne pasienten med rett mengde medisin og ernæring.

– Men vi er restriktive med intravenøst. Det gjev me først etter ei grundig vurdering i lag med lege, understrekar Nina Haveland.

For her vil dei ikkje behandle folk inn i døden. Heller enn å overbehandle døyande ønskjer dei å gje smertestillande og god lindring i livets sluttfase.

– Vi ønskjer ikkje at pasientane skal døy i ein ambulanse. Vi vurderer i kvart enkelt tilfelle om pasienten vil tole turen, eller om han vil ha det betre med å bli teke hand om på sjukeheimen med kjende pleiarar og pårørande rundt seg, seier Sissel Kvame.

Mange pårørande tenker framleis at sjukehuset er best. Men på sjukeheimen i Gulen får pasienten i mange tilfelle same behandling som på sjukehuset.

– Vi prøver å ha ein god dialog med dei pårørande. Som regel klarar vi i fellesskap å lande på det som er best for pasienten, seier ho.

Utdanning for å bli betre i møte med alvorleg sjuke eldre

Akuttmedisinsk eldreomsorg er ei etterutdanning for fagutdanna helsepersonell som arbeider med alvorleg og akutt sjuke gamle.

Utdanninga er retta mot helsefagarbeidarar og sjukepleiarar som ønskjer å bli betre på systematiske observasjonar. Dei som tek denne utdanninga, skal lettare kjenner igjen teikn på sjukdom og forverring. Dei skal også bli tryggare på å handtere ulike medisinske hjelpemiddel. Ein del av utdanninga er også etisk refleksjon mellom anna om behandling versus overbehandling.

Det er Stiftelsen Verdighetsenteret i Bergen som tilbyr denne etterutdanninga. Akuttmedisinsk eldreomsorg består av to samlingar, til saman seks dagar. Etterutdanninga består av både teori og ei rekke praktiske øvingar på ulike prosedyrar.

Første kull tok etterutdanninga i 2017. Til no har 14 kull fullført. Det vil seie at kring 350 helsepersonell frå heile landet har gått utdanninga.

Vanskelege ord:

Prosedyre: Ein framgangsmåte som skal nyttast for å handtere ein bestemt skade eller sjukdom.

Venekateter: Same som veneflon. Ei nål som blir stukke eller operert inn gjennom huda til ei blodåre. Nåla ligg inni ein slange med korkar på. Desse blir opna for å gje medisin eller væske.

Sentralt venekateter: Ein veneflon som blir operert inn i ei vene på brystet eller halsen.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy