JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

1000 vgs-elevar deler på éi helsesøster

Colourbox

Nesten halvparten av alle årsverka i helsestasjon- og skulehelsetenesta går til dei minste borna. Berre 6 prosent går til vidaregåande skule.

2016101210472520230821171436

tips@fagbladet.no

– Det er overhovudet ikkje bra nok. Ein risikerer at elevar ikkje klarar å fullføra opplæringa og droppar ut av skulen. Ein kan ikkje kontrollere når ein er sjuk og treng helsesøster, men slik det er i dag må elevane det, seier leiar i Elevorganisasjonen, Sylvia Lind.

Det er framtida.no som skriv om dette.

Vil ha helsesøster i skolene

Kartlegging

For fyrste gong har Helsedirektoratet kartlagt kvar dei tilsette i helsestasjon og skulehelsetenestene jobbar.

Kartlegginga viser at nesten halvparten – 45 prosent – av årsverka går til born i alderen 0-5 år.

Ungdom dropper ut av NAV

Treng dobbelt så mange i barneskulen

Leiaren i Elevorganisasjonen seier dei har full forståing for at det er behov for mange at årsverk går til dei aller yngste.

– Men me skulle ønskje regjeringa auka løyvingane slik at det vert ei stødigare og meir stabil helsesøsterdekning både i barneskulen, ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Det er ikkje rett å sette det opp mot kvarandre, seier Lind.

Ingen fylke har i dag nok helsesøstrer i barneskulen. I 2010 anbefalte Helsedirektoratet at det er 3,5 helsesøsterårsverk per 1 000 elevar i barneskulen. For å innfri denne normen må talet på helsesøstrer i barneskulen doblast.

I dag er det berre 8.-10.klasse som oppfyller normen som direktoratet har sett til helsesøsterdekning.

På vidaregåande skule bør det ifølgje direktoratet vere 1,3 årsverk per 100 elevar, men i dag må 1000 elevar i snitt dela på 1,1 helsesøster.

Vil ha ein halv milliard

Tala stemmer godt med tilbakemeldingane Elevorganisasjonen får frå eigne medlemmer. Dei fortel at helsesøster ikkje er tilstade og tilgjengeleg kvar dag.

– Det er ikkje rart at me har ein av dei høgaste fråfallsstatistikkane, påpeikar Lind.

Ho meiner det er bruk for ei generell styrking av skulehelsetenesta og etterlyser fleire øyremerkte midlar til formålet.

I 2016 sette regjeringa av 300 millionar ekstra til skulehelsetenesta og helsestasjon. Samarbeidspartiet KrF sikra den gong at 100 millionar vart øyremerkte.

I forslaget til statsbudsjett for 2017 har regjeringa vidareført desse pengane og lagt på nye 50 millionar i frie midlar til kommunane.

Elevorganisasjonen meiner det er behov for 150 millionar i tillegg til dette og at pengane må vere øyremerkte.

Det same meiner Unge Funksjonshemmede.

– Dette er ikke nok til å dekke det enorme underskuddet på helsesøstre. Dersom dette er regjeringas innsats for å styrke skulehelsetenesta er det hårreisande dårleg. Tidlegare erfaring viser heilt klart at frie midlar ikkje fører til den auka i talet på helsesøstrer som har vore intensjonen, sa styreleiar Camilla Lyngen i ei pressemelding denne veka.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy