JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Springbrett til arbeidslivet

Marius fekk jobb på NAV. No vil han utdanne seg til barne- og ungdomsarbeidar.

FEKK JOBB: Marius Matre har gått frå deltakar til miljøarbeidar ved Springbrettet. Foto: Framtida.no

FEKK JOBB: Marius Matre har gått frå deltakar til miljøarbeidar ved Springbrettet. Foto: Framtida.no

Framtida.no

På Stord får dei ungdom ut i jobb, sjølv om arbeidsløysa er eksplosiv.

2017011312135720230821171436

tips@fagbladet.no

Frå 1. januar er det innført aktivitetsplikt for unge under 30 år som mottar sosial stønad.

– Eg trengte eit lite dytt, fortel Olav Alexander Myrås (22).

– Me får hjelp til å skriva søknadar, får informasjon om kor ein kan søka jobbar og få bedriftsbesøk, fortel Malin Valen Karlsen (19).

Ho mista jobben på grunn av ein konkurs, og er ein av 10 deltakarar ved Springbrettet på Stord. Kommunen har praktisert aktivitetskravet for unge sidan Springbrettet starta i 2014.

SAMAN: Kvar dag er det felles samling og frukost for deltakarane ved Springbrettet. F.v. Katharina Widvey (19), Olav Alexander Myrås (22) og Malin Valen Karlsen (19). Foto: Ingunn Gjærde, framtida.no

SAMAN: Kvar dag er det felles samling og frukost for deltakarane ved Springbrettet. F.v. Katharina Widvey (19), Olav Alexander Myrås (22) og Malin Valen Karlsen (19). Foto: Ingunn Gjærde, framtida.no

Ingunn Gjærde, framtida.no

NAV skal ikke lenger straffe sykemeldte som glemmer aktivitetsplikten

Kjem ut i arbeid

Ein av Springbrettet sine mange suksesshistoriar er i Marius Matre (28). Han har byggfagleg bakgrunn, og jobba i fleire år på lager. Då han vart arbeidsledig mista han fort motivasjonen til å søka nye jobbar. Å sitja heime var lettare. Men då han gjennom NAV fekk tilbod om komma på Springbrettet, endra alt seg.

– Det var godt å komma ut av hiet, og treffa folk i same situasjon. Det var spesielt vanskeleg i sosiale samanhengar, når folk spurde; «Kva gjer du på?». Då gruar ein seg litt til å seia at ein er arbeidsledig, fortel Matre.

Etter kvart fekk han tilbod om å vera miljøarbeidar ved Springbrettet, og der stortrivst han. Nå planlegg han å ta utdanning i barne- og ungdomsarbeidarfaget.

– Kanskje kan eg komma tilbake til Springbrettet når eg er ferdig utdanna, undrar Matre.

Unge skammar seg mindre over å gå til NAV

Trassar trenden i arbeidsmarknaden

Sjølv om ein på Stord nå har fått den høgaste arbeidsløysa ein har sett på lange tider, har Springbrettet hatt ei auke i ungdom som kjem seg ut i arbeid.

Rune K. Pedersen er leiar ved NAV Stord. Han kan stolt konkludera med at arbeidet Springbrettet gjer har positiv effekt. Over 70 prosent av dei unge som deltar får seg arbeid eller praksisplass.

– Med den enorme auka i arbeidsløyse er det imponerande at Springbrettet klarer å få fleire og fleire ut i jobb, fortel Pedersen.

Vil heller gå på skole: Ungdom dropper ut av NAV

Nøgde ungdommar

– Eg trengte eit lite dytt, fortel Olav Alexander Myrås (22).

Han kan fortelja at Springbrettet har vore ein moglegheit til å komma seg ut av huset. Med utdanning innanfor sveising har det vore utfordrande å prøva å finna seg arbeid på Stord.

Katharina Widvey (19) flytta nettopp frå Karmøy, og er glad for å få hjelp ved Springbrettet.

– Eg har opplevd ein ganske hektisk og utfordrande periode i livet, men nå er eg klar for jobbsøking her på Stord, fortel Widvey.

Både Myrås og Widvey er positive til at det vert stilt krav til ungdommar, og at ein vert tvungen til å komma seg opp av sofaen og ut i arbeid. Kvar dag frå klokka ni til tolv må dei møta opp på Springbrettet.

Kraftig auke i talet på unge uføre

Butikksjef om forventningar

Denne føremiddagen er Solveig Gjester Skulstad, dagleg leiar ved Matkroken Stord på bedriftsbesøk. Ho fortel om kva forventningar arbeidsgivaren har.

– Vis at du er nokon som bedrifta skal satsa på, rår ho ungdommane.

– Den tøffaste jobben er eigentleg å vera arbeidssøkar, seier Marianne Tveit, leiar for Springbrettet.

SAMARBEID: Solveig Gjester Skulstad, dagleg leiar ved Matkroken Stord kjem gjerne ned til ungdommane for å fortelja den usminka versjonen om korleis arbeidsgivaren tenkjer. Til høgre Marianne Tveit, leiar for Springbrettet.

SAMARBEID: Solveig Gjester Skulstad, dagleg leiar ved Matkroken Stord kjem gjerne ned til ungdommane for å fortelja den usminka versjonen om korleis arbeidsgivaren tenkjer. Til høgre Marianne Tveit, leiar for Springbrettet.

framtida.no

2015: Nav kutter julebidraget

Gir skryt

Tveit kan ikkje få gitt nok skryt til gode og rause samarbeidspartnarar ute i arbeidslivet, som tar imot ungdommane som kjem frå Springbrettet. Gjennom ordninga vert talet på veker med sosialhjelp tydeleg redusert.

Dei tilsette passar på å gjera stas på ungdommane når dei kjem seg ut i arbeid.

– Kvar gong ein av ungdommane får seg praksisplass vert det feira med kake eller pannekaker. Og dei ungdommane som får seg jobb etterpå hamnar på «Wall of fame», ute i gangen, fortel Tveit smilande.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy