Andrew Puzder blir ny arbeidsminister i USA

Trumps arbeidsminister berykta for å presse ansatte til jobbe gratis overtid

Blir kalla «Secretary of labour violations»

ARBEIDSMINISTER: Adrew Puzder er utdanna advokat og har vore aktiv abortmotstandar. Han donerte 300.000 dollar til kampanja til Donald Trump. Han har årsløner på over 80 millioner kroner medan fleire av arbeidarane i selskapa han er adm dir for, må ha sosialstøtte for å overleve.

ARBEIDSMINISTER: Adrew Puzder er utdanna advokat og har vore aktiv abortmotstandar. Han donerte 300.000 dollar til kampanja til Donald Trump. Han har årsløner på over 80 millioner kroner medan fleire av arbeidarane i selskapa han er adm dir for, må ha sosialstøtte for å overleve.

Gage Skidmore via Wikimedia Commons

Han er multimillionær og administrerande direktør for selskap der arbeidarane overlever på sosialhjelp. Møt Andrew Puzder, mannen som skal passe på rettane til 150 millionar amerikanske arbeidarar.

2017011712120020170117123955

oystein.windstad@lomedia.no

Donald Trump vann valet med stor misnøye mot «elitene» og med lovnadar om meir arbeid. Den komande presidenten sitt val av arbeidsminister varslar også at det vil bli meir arbeid i USA. Meir arbeid for mindre pengar. Andrew Puzder er administrerande direktør for CKE Restaurants, morselskapet til Hardee`s og Carl`s Jr. Han er mot å auke minsteløna til 10 dollar og har blitt saksøkt fleire gonger for at arbeidarane har blitt nekta løn for overtid.

Om Trump: – Vi burde jo juble

Lovbrytar skal hindre lovbrot

Som arbeidminister skal Puzder sørge for at bedriftene i USA følger lovene. Under inspeksjonar gjort av det amerikanske arbeidstilsynet hos bedriftene Puzder er sjef for, fann dei lovbrot i rundt 60 prosent av tilsyna, skriv New York Times.

Kommentar: Er det rart folk blir forbanna?

Ansatte trenger sosialhjelp

Under ei høring i den amerikanske arbeidskomiteen i regi av den progressive senatoren Elisabeth Warren (D) kom det fram at fleire av arbeidarane i hurtigmat-kjedene til Puzder er avhengige av både matkupongar, sosialhjelp og støtte til husleige. Timeløna til den einslege mora som stod fram i høringa er på 75 kroner timen. Sjølv har han årsløner på over 80 millioner kroner. Ei rekkje tidligare arbeidstakarar har gått til søksmål og vunne fordi dei ikkje har fått løn for overtid. Då det blei gjort ei spørreundersøkjing blant 500 arbeidarar i Carl`s Jr og Hardee`s svara ein av tre at dei har blitt pressa til å jobbe gratis overtid.

Få Fagbladets nyhetsbrev

– Blir ideell minister

Trumps arbeidsminister blir allereie omtala som «Secretary of labour violations». Puzder har blir sett på som ein redningsmann då han tok over roret i hurtigmat-selskapet CKE Restaurants i 2000. I eit intervju til Business Insider omtalte han automatisering og at mennesker blir erstatta av robotar slik:

«Maskiner er alltid høflege, dei driv alltid med meir-sal, dei tek aldri ferie, dei er aldri for seine, dei skadar seg aldri og ein slepp diskrimineringssøksmål om alder, kjønn eller rase». Direktøren er også i mot eit system med sjukeløn. I ei pressemelding omtalte Trump sin komande arbeidsministe som ein skapar av arbeidsplassar:

«Andy Puzder har skapt og fremja karrierene til tusener av amerikanarar og hans historikk for å kjempe for arbeidarar gjer han til ein ideell kandidat for å lede Arbeidsdepartementet».

• Følg oss på Facebook

– Hvis Trump skulle vinne, vurderer jeg å bli helt norsk

• Amerikanere tjener dårligere nå enn i år 2000

• «Når folk får det dårligere, vender man seg til det populistiske»

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy