Rana syner at heiltid er mogleg

HUGSAR OSS: - Mange av pasientane kan namna våre no som vi er her mest kvar dag, seier Tone Hasselberg.

HUGSAR OSS: - Mange av pasientane kan namna våre no som vi er her mest kvar dag, seier Tone Hasselberg.

Rami Abood Skonseng

Full stilling til alle som vil ha det. Slik har det vorte på avdelinga etter at vikarbudsjettet blei kutta og grunnbemanninga auka.

2013112112000020131127143902

Hildegunn Hammer (47) og Tone Hasselberg (50) er to av elleve tilsette ved Gruben sykehjem i Rana kommune som har fått auka stilling. Alle på avdelinga fekk den stillings-

prosenten dei ønskte etter at to leiarar hadde kartlagd vikarbruk og tilsettes ønskjer. Prisen dei tilsette måtte betale, var nokre betalte matpausar (sjå faktaboks om prosjektet).

Damer i hundre

– Dette prosjektet må rosast oppi skyene, meiner Hildegunn Hammer.

– Ære vere dei som har jobba det fram, seier kollegaen Tone Hasselberg.

Dei to er glade for at dei sjølv har fått fulle stillingar, men også for at andre no kan sjå til Gruben og skjøne at heiltid er mogleg når tilsette og leiing går saman for å finne løysingar.

Hammer har arbeidd på sjukeheimen i 15 år, først som assistent, sidan som hjelpepleiar. Ho har heile tida hatt ein liten, fast stilling, frå nokre få prosentar den første tida til 75 prosent dei siste åra. Hasselberg har arbeidd som hjelpepleiar sidan 2007, først i 17 prosent stilling, så i 50 prosent. No har dei begge hundre prosent fast stilling på avdelinga.

Kunne ikkje trylle

Inntil april 2012 måtte dei to hjelpepleiarane og kollegene deira shoppe vakter. Dei er samde om at det var eit forferdeleg system.

– Vi var mange om beinet, og klarte aldri å fylle opp heilt til hundre prosent, fortel Hildegunn Hammer og Tone Hasselberg.

Heller ikkje avdelingsleiaren deira, Rita Hansen, treivst med situasjonen.

– Eg kunne ikkje trylle fram fleire vakter. Men det var verkeleg fælt å seie nei til tilsette som ville arbeide meir når eg visste dei trong pengane for å klare seg.

Men kartleggje kunne dei

Om ikkje Rita Hansen er så god på trylling, er ho desto betre på kartlegging og organisering. Saman med distriktsleiar Marit Sviggum kartla ho først bruk av vikarar. Deretter fann dei ut kor mange tilsette som ønskte større stilling, og kor store stillingar dei ønskte.

– For å kunne oppfylle alle ønska, måtte vi auke dei faste stillingane, eller folk måtte arbeide annankvar helg, seier Sviggum.

Etter to års arbeid var dei klar for å flytte pengar frå vikarbudsjettet til dei faste stillingane.

Men før dei kom så langt, måtte også dei tilsette gje noko. Meir helgearbeid ville dei helst unngå. Løysinga vart at dei måtte gje slipp på nokre av dei betalte mat­pausane. Det var ein bøyg, kan dei tillitsvalde fortelje.

– Det du har, er godt å behalde. Så det sat langt inne å gje frå seg dei betalte matpausane, fortel dei tillitsvalde Hanne Åsheim og Siw Østerdal.

Fått det betre på jobb

Då nokre av dei tilsette vegra seg mot å gje frå seg betalte matpausar, spurte dei tillitsvalde: – Men vil du ikkje ha det betre på arbeid?

• Det ville dei. Og det har dei fått:

• Det er lettare å vere på jobb. Dei slepp å lære opp nye vikarar like ofte som før.

• Dei arbeider alltid saman med folk dei kjenner, og som kjenner avdelinga og pasientane.

• Arbeidsmiljøet og trivselen er blitt betre

• Nærveret er blitt høgare. Sjukefråveret var 9,5 prosent ved oppstart av prosjektet. I år ligg det førebels på 5,5 prosent. Men Rita Hansen trur det blir lågare, for i august og september var det på 2,5 prosent.

• Når dei kjem på jobb, veit dei tilsette kva som har skjedd. Dei treng mindre tid på å oppdatere seg enn før.

• Og ikkje minst: Dei tilsette har no ei høgare fast løn. Slik er dei sikra høgare pensjon. Også løn under sjukdom og trygd ved varig skade eller kronisk sjukdom vil vere høgare.

• Humør smittar

• Med betre arbeidsmiljø har ikkje berre nærveret til dei tilsette auka. Også kvardagen til pasientane er blitt betre.

– Når vi er i godt humør, smittar detover på dei, seier Hildegunn Hammer.

– For pasientane er det også godt at vi som arbeider her, er meir på jobb. No er det fleire som kjenner oss att, til og med ved namn, fortel Tone Hasselberg.

Heiltidskultur lokalt

Heiltid er best for brukarar, tilsette og arbeidsgjevarar. Difor er partane i kommunesektoren samde om å utvikle ein heiltidskultur. KS, Fagforbundet, Norsk Sykepleierforbund og Delta underteikna difor avtalen Det store heiltidsvalet i vinter (sjå Fagbladet 6-7/2013). Partane sentralt overlet til kommunane å finne konkrete løysingar.

– Her skjer nettopp det, seier Tore André Jakobsen, nestleiar i Fagforbundet Nordland. Han roser leiinga på Gruben sykehjem i Rana kommune for at dei vil få til heiltid.

– Og når gode tilsette og leiarar går saman, finn dei løysingar. Det ser vi her, seier han.

Difor har det regionale kompetansekontoret utpeikt Gruben sykehjem til årets arbeidsgjevar 2012 i Nordland.

– Representantar frå 44 kommunar var samde i avgjersla om at Gruben skulle få prisen for arbeidet med å forankre ein heiltidskultur, fortel Jakobsen.

Ingen har ufrivillig deltid

Allereie i 2010 fekk alle sjukepleiarar som ønskte det, heil stilling ved Gruben sykehjem. Det var av di mangelen på denne yrkesgruppa var blitt eit problem.

Men distriktsleiar i Rana aust, Marit Sviggum, og leiar på avdeling 1 ved Gruben sykehjem, Rita Hansen, ville gjerne tilby alle tilsette heiltidsstilling.

Dei kartla bruken av vikarar over to år. Innleie av vakter var høgt og tilsvarte to årsverk.

Deretter skaffa dei seg oversikt over kor mange av dei tilsette som ønska større stilling. Seks deltidstilsette ønska full stilling, heile elleve ønska utvida stilling. Dei samla ønska svarte til 3,5 årsverk.

Ei omdisponering av vikarbudsjettet kunne gje to årsverk. For å tette differansen til 3,5 årsverk vart leiinga og dei tilsette samde om meir restriktiv bruk av vikarar.

Dessutan skulle matpausen til ettermiddagsvakta på kvardagar ikkje lenger vere betalt. Det skulle heller ikkje matpausen til dei som arbeider dagvakt i helgene, vere.

Tilsette over 67 år har samstundes gått litt ned i stilling.

Sidan dei auka grunnbemanninga med 3,5 årsverk, har dei vore elleve på dagvakt mot ni før. Dei har også fått ein ekstra seinvakt.

Dei har elleve rekrutteringsstillingar for å dekkje opp helger og ferier.

AVDELING 1 PÅ GRUBEN

30 bebuarar.

Talet på årsverk har auka frå 25,5 til 28.

40 tilsette, 16 av desse har heil stilling.

På denne avdelinga arbeider berre faste vikarar; 11 sjuke­pleiarstudentar og elevar i helsearbeidarfaget arbeider i helger og ferier.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy