JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Rett hjem-kampanjen: Trygge grep gjev auka tryggleik

Arbeidstilsynet gav Vardafjell omsorgssenter i Haugesund pålegg om å førebygje trugslar og vald retta mot dei tilsette i heimetenesta. No er dei tilsette kursa, og dei arbeider oftare saman to og to.

2007082216013820131216040800

Mykje er gjort i heimetenesta ved Vardafjell omsorgssenter i Haugesund etter at dei i 2003 fekk to pålegg frå Arbeidstilsynet. I samband med Rett Hjem-kampanjen fekk dei klår melding om å redusere truslar mot dei tilsette.

Kurs mot vald

– Vi har fått på plass eit system for korleis vi skal hjelpe brukarar som vi ikkje kjenner oss trygge på, fortel omsorgsarbeidar May Britt Storum og assistent Judith Dahl. Når dei skal på besøk til brukarar med rusproblem eller brukarar som stundom er aggressive, er dei alltid to. Storum, som er verneombod ved Vardafjell Hjemmebaserte tjenester, forklårar at når dei kjem heim til ein brukar som i blant er aggressiv, har dei ein klår avtale på korleis dei skal opptre. Ein av dei gjer arbeidet, medan den andre, som ikkje kjenner brukaren så godt, berre er til stades. – Talet på brukarar med rusproblem, psykiatriske lidingar og demenssjukdommar har auka dei siste åra. Mange av dei som før ville ha flytt på institusjon, bur no heime. Vi har difor fått fleire aggressive brukarar no enn for nokre år tilbake, seier Storum og Dahl. Dei tilsette har difor fått fleire kurs i korleis dei skal møte aggresjon. – Vi kjenner oss trygge når vi er blitt trena til å fange opp signal om aggresjon, og har lært både å dempe aggressiv åtferd og å verne oss. Dessutan har vi eit samarbeid med politiet slik at vi kan varsle dei om det skulle vere naudsynt.

Hjelpemiddel og teknikk

Vardafjell fekk også pålegg om å minske risikoen for skader i samband med fysisk tungt arbeid heime hos brukasrane. Dei tilsette meiner det har skjedd mykje positivt i forhold til fysiske belastningar. – Vi har fått to forflyttingskontaktar som blir kursa på forflyttingsteknikk. Dei skal lære oss andre det dei sjølv har lært, og dei har møtetid ein gong i månaden. Da kan vi andre sjå video, høyre dei fortelje eller spørje dei. To av dei tilsette ved Vardafjell har fått ansvar for å skaffe naudsynte hjelpemiddel til brukarane. – Sidan vi også har eit godt samarbeidsklima her, går det kjapt å få tak i det som trengs av hjelpemiddel. Når vi som er ute, rapporterer om manglar hos ein brukar, tek leiinga fatt i det med ein gong, seier Storum. Ho meiner dei har eit rapporteringssystem som fungerer godt, men peiker likevel på ein svikt når det gjeld stort og kostbart utstyr. – Det er til dømes ikkje alltid ein ting som stolheis er på plass når brukaren kjem heim etter eit opphald på sjukehus. Omsorgssenteret har skaffa seg ei reserveløysing for slike tilfeller. Dei har eit par koffertar med ymse hjelpemiddel som dei tek med når dei skal til brukarar som enno ikkje har fått alle hjelpemiddel på plass.

Tidspress

Tidspresset har vore ei stor utfordring på Vardafjell som i heimetenesta dei fleste andre stader. – Innhaldet i arbeidet er endra dei siste åra. Medan vi før hadde reingjering hos to brukarar før lunsj og to etterpå, har vi no langt fleire på listene våre. Før følgde vi brukarane til legen og til banken. Det er det no støttekontaktar eller folk frå frivilligleikssentralen som gjer. Og medan vi før gjekk tur med brukarane for at dei skulle halde seg i form, trener vi no på toalettbesøk, fortel Dahl. – Vi har fått mindre tid, men vi kjenner brukarane godt, supplerer Storum. Ho veit kor behovet er størst. Den tida ho får til overs ein stad, sparer ho til ein brukar som sit mykje åleine. – Nokre av brukarane har eit nettverk, og dei kjem seg ut. Andre treng meir til selskap, meiner ho. For nokre år sidan vart heimehjelpa og heimesjukepleia slått saman på Vardafjell. – Vi har truleg spart litt tid på å organisere oss slik, seier dei to. – Dei aller fleste, også vikarane, har medisinkurs, og viss vi skal heim for å gjere reint hos ein brukar, kan vi difor ta med medisin med det same. For å minske tidspresset på kvar enkelt, har dei tilsette også rutine på å ringje kvarandre dersom dei er ferdige med lista si før arbeidsdagen er slutt.

Aukar kompetansen

For å betre arbeidsmiljøet, få ned sjukefråveret, førebyggje skadar og auke meistringsgleda starta Vardafjell saman med eit anna omsorgssenter i 2004 eit prosjekt for å heve kompetansen til dei tilsette. – Dette er eit toårig tilbod til alle dei tilsette – ikkje berre dei faglærte, understrekar Hilde S. Hauge, leiar ved Vardafjell omsorgssenter. Ho fortel at dei tilsette får vere med på samlingar med påfølgjande vegleiing tre gonger i halvåret. Det er totalt 32 plassar på kvart kurs, og til nå er det 16 berre frå Vardafjell som har vore med. – Dette er kurs som er svært relevante for den daglege arbeidssituasjonen deira, fortel Hauge, og nemner tema som demenssjukdomar, ernæring, etiske problem og sårehandsaming. – Deltakarane har også høve til å påverke tema på opplæringsprogrammet, seier ho. Sidan 2006 har dette opplæringsprogrammet vore godkjend som del av klinisk fagstige i Norsk Sykepleierforbund og Fagforbundet. Da Vardafjell nyleg fekk nytt besøk frå Arbeidstilsynet, fekk dei attest på at dei hadde følgt pålegga.

Pålegg og oppfølging ved Vardafjell

Ved tilsynet i 2003 fikk Vardafjell to avvik, fem merknader og to pålegg. Dei vart pålagd å utarbeide ein plan for korleis tekniske hjelpemiddel kunne komme fram til brukar tidlegare for å minske belastninga for dei tilsette. Vardafjell blei også pålagd å utarbeide rutinar på opplæring i forflyttingsteknikk. Arbeidstakarane skulle også få opplæring i å førebyggje og handtere vald og trugslar. Arbeidsgjevar blei også pålagd å utarbeide rutinar for oppfølging for å førebyggje seinverknader. – Oppfølgingstilsyn i 2004 syner at vi har sett i gang mykje godt arbeid, og at vi måtte arbeide vidare med å få sett i verk tiltak, vedlikehalde og fullføre, seier Hilde S. Hauge, dagleg leiar ved Vardafjell omsorgssenter. Dei har enno ikkje fått skriftleg rapport etter oppfølgingstilsynet i år. – Men vi har fått mykje ros for å ha arbeidd systematisk og planmessig gjennom alle punkt. Dei såg no at rutinar var på plass, og i dag ville vi ikkje ha fått noko avvik. Men tilsynet oppmuntra oss til å ha fokus på vald og trugslar, samt tidspress, da dette er eit problemområde vi alltid vil ha i heimebaserte tenester, seier Hauge og legg til at målet deira er at alle tilsette skal bli sett, høyrt og ivaretatt, og at dei ynskjer eit inkluderande arbeidsmiljø.

KVALITETSARKIVET - KVALITETSHS

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy