JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Flyktningene viktig for kommunen

Ny og nyttig floraværing

BREI KOMPETANSE: Yothy Pathmajothy Kamalanathan snakkar to språk flytande pluss at ho no har fagbrev.

BREI KOMPETANSE: Yothy Pathmajothy Kamalanathan snakkar to språk flytande pluss at ho no har fagbrev.

Ludvig Solberg

Dei fleste flyktningane som kjem til Flora, er motiverte for skule og arbeid. Difor ser framtida lys ut for distriktskommunen.

2016040510404020230821171436

karin.svendsen@fagbladet.no

Yothy Pathmajothy Kamalanathan (43) er mellom dei som har teke fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Ho kom til Florø på familiegjenforeining i 2003, og har no arbeidd ti år i Krokane barnehage. Etter eitt år på skule 20 timar på kveldstid annan kvar veke, tok ho fagbrevet i haust.

Vil bu i Florø

– Eg har berre 50 prosent stilling, men ynskjer å arbeide full tid, seier Yothy Pathmajothy Kamalanathan.

Likevel trivs ho godt i barnehagen og i Florø, og ho kjenner seg sikker på at ho og familien vil bli buande i Flora.

Ein som er glad for at Yothy og familien hennar kjenner seg heime i kommunen, er Arild Melvær, dagleg leiar av Innvandrarsenteret KF (kommunalt føretak).

– Me ynskjer at flyktningane skal trivast, klare seg sjølve og bli ein del av våre varige innbyggjarar, seier han.

Barnehage med åtte språk

– Krokane barnehage, der Yothy Pathmajothy Kamalanathan arbeider, speglar Flora lokalsamfunn, der om lag 30 av 108 born kjem frå familiar med bakgrunn som immigrantar.

Merete Moe, som er styrar på Krokane, seier dei har arbeidd mykje for å få tak i tospråklege assistentar, og at dei no har tilsette og vikarar som snakkar til saman åtte språk i tillegg til norsk.

– Mange av dei tilsette byrja her som assistent fordi dei meistra to språk, fortel Moe. Etter kvart fekk dei fast stilling, anten som assistent eller som fagarbeidar. Dei vel 25 årsverka i barnehagen er fordelte på 31 tilsette. I tillegg kjem to stillingar i administrasjonen. Mange av dei faste har ikkje full stilling, men fyller opp med vikariat som tospråkleg assistent.

Hjelper med midisinar

Olefine Eikefjord får hjelp med medisinar kvar morgon. Zainab Noori Painda rekker henne ein tablett, fyller eit glas med vatn og høyrer korleis det står til. Korkje Olefine eller mannen hennar ser særleg godt lenger.

– Desse pillane er så små at eg finn dei ikkje att om eg mistar dei på golvet, forklårar Olefine.

Men med dagleg vitjing frå heimetenesta og hjelp med medisinen klarer dei seg fint i eigen bustad.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

GODE HALDNINGAR: – Innvandrarane er imøtekommande og møter dei gamle brukarane og pasientane på ein god måte, meiner Stine Hovland (t.v.) Her er ho saman med Maj-Linn Selvik, Zainab Noori Painda og Yonas Tesfamarian Teages.

GODE HALDNINGAR: – Innvandrarane er imøtekommande og møter dei gamle brukarane og pasientane på ein god måte, meiner Stine Hovland (t.v.) Her er ho saman med Maj-Linn Selvik, Zainab Noori Painda og Yonas Tesfamarian Teages.

Karin E. Svendsen

Innvandrarane er viktige for Flora

Zainab Noori Painda (34) frå Afghanistan er ein av om lag 50 framandspråklege tilsette i pleie- og omsorgssektoren i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Etter seks år i Florø har ho no teke fagbrev i helsearbeidarfaget og har nett fått full stilling i heimetenesta. Men ho står òg på venteliste til høgskulen for å utdanne seg til sjukepleiar.

– Eg likar å ha ansvar, seier ho som forklåring på at ho vil ha ei høgskuleutdanning.

Stine Hovland, fagleiar for kompetanse i Flora kommune, er takksam for alle innvandrarar som vil utdanne seg.

– Utan dei hadde me ikkje hatt nok folk i helse- og omsorgssektoren, seier ho.

Yonas Tesfamarian Teages (36) er eit anna døme på flyktningar som har gjort floraværing av seg. Han kom som flyktning frå Eritrea for sju år sidan. I oktober tok han fagbrev som helsefagarbeidar.

– Då me lyste ut ei 100 prosent stilling som helsefagarbeidar før sommaren, fekk me mange søknader – både frå faglærte i andre kommunar og frå etnisk norske floraværingar som arbeider som assistentar. Men Yonas var einaste kvalifiserte søkjar herifrå. Difor fekk han jobben under føresetnad om at han fekk fagbrevet i ettertid, fortel Hovland.

Treng meir kompetanse

Ein internasjonal kommune

Flora kommune tek sjølv hand om asylsøkjarane og flyktningane. Då går også overskotet tilbake til kommunekassa. For overskot blir det sjølv om flyktningane får tilbod om meir skule enn lova krev.

Nesten tretten prosent av dei 12.000 innbyggjarane i Flora er innvandrarar. Dei fleste er arbeidsinnvandrarar, men over 40 prosent har flyktningbakgrunn. Sidan 1987 har kommunen teken imot og busett nesten 1400 flyktningar. Mest halvparten av flyktningane vert buande i kommunen, eit tal Melvær meiner er ganske bra for ein distriktskommune.

Flora er ein av få kommunar, og den einaste i Sogn og Fjordane, som sjølv tek hand om asylmottak og skolering av flyktningane. Ni av dei andre asylmottaka i fylket blir drifta av kommersielle aktørar og eitt av Norsk Folkehjelp. Det kommunale føretaket Innvandrarsenteret i Florø er delt inn i tre einingar; asylmottak med 190 plassar, integreringsavdeling og vaksenopplæring.

Store pengar

Alle statlege midlar som følgjer asylsøkjarane og flyktningane, går gjennom Innvandrarsenteret. Omsetnaden er på om lag 65 millionar kroner årleg. Etter at senteret hadde betalt nesten 12 millionar for kommunale tenester som til dømes barnehage, skule og barnevern, sat dei i 2015 igjen med eit overskot på 6,4 millionar som dei overførte til kommunen.

Vaksne flyktningar som blir busette, skal gjennom eit obligatorisk introduksjonsprogram på normalt to år. Den viktigaste delen av programmet er norskkurs med samfunnsfag.

Innvandrarsenteret tilbyr fleire timar i mindre grupper enn det norsktilskotet finansierer. Flyktningar med liten skulegang får også grunnskuleundervisning i andre fag, sjølv om kommunen berre får statlege midlar til norskfaget.

Nyttar pengane der det trengst mest

Jan Henrik Nygård, varaordførar frå Venstre, meiner flyktningane som kjem til Flora, blir tatt godt hand om.

– Innvandrarsenteret har lang erfaring og høg kompetanse. Dessutan er næringslivet og kommunen open for å gje språkpraksisplassar, seier han. Nygård er sjølv dagleg leiar av ein liten bedrift med ni tilsette, og dei har ofte inne innvandrarar som treng språk- og arbeidspraksis.

Varaordføraren meiner det er ein stor fordel at Innvandrarsenteret vert driven som eit kommunalt føretak.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

GOD STYRING: Varaordførar Jan Henrik Nygård trur det er lettare å kanalisere pengane dit behovet til ein kvar tid er størst gjennom eit kommunalt føretak enn om utanforståande skulle drifte mottak og opplæring.

GOD STYRING: Varaordførar Jan Henrik Nygård trur det er lettare å kanalisere pengane dit behovet til ein kvar tid er størst gjennom eit kommunalt føretak enn om utanforståande skulle drifte mottak og opplæring.

Ludvig Solberg

– Det gjev oss betre styring slik at me kan bruke pengane på kommunale tenester ettersom behova endrar seg. Viss det til dømes er mange spedbarn blant innvandrarane, bruker me meir på helsestasjonen, eller me sett inn ekstra ressursar til assistentar i skulen dersom mange skuleborn har innvandrarbakgrunn.

Treng både folk og kompetanse

Personalsjef Trond Ramstad Olsen i Flora opplyser at kommunen har kompetanseplanar på fleire område. Han fortel at behovet har vore stort for barne- og ungdomsarbeidarar, men at kommunen no har størst behov for helsefagarbeidarar.

Innvandrarsenteret sørgjer for at dei som skal bu i Flora, vert kartlagde med omsyn til kvalifikasjonar og interesser slik at dei kan leggje ein plan for utdanning og arbeid.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

HAR EIN PLAN: For at flest mogleg skal få fast jobb etter utdanning, er det ifølgje Trond Ramstad Olsen nyttig med ein kompetanseplan.

HAR EIN PLAN: For at flest mogleg skal få fast jobb etter utdanning, er det ifølgje Trond Ramstad Olsen nyttig med ein kompetanseplan.

Ludvig Solberg

– Det er viktig at det fins ein jobb i andre enden når nokon byrjar på ei utdanning, meiner personalsjefen. Sjølv om korkje han eller andre kan garantere fast eller full stilling i framtida.

Eit døme på vellukka samarbeid mellom Innvandrarsenteret, Nav og kommunen er ifølgje personalsjefen prosjektet Frå flyktning til floraværing, der 13 flyktningar etter introduksjonsprogrammet byrja på ei ordinær utdanning i helse- og oppvekstfag.

– Det er best for alle partar om innvandrarane får ei fagutdanning, meiner personalsjefen, som meiner det er eit lokalsamfunnsansvar at flyktningar får skule og arbeid slik at dei vert integrerte.

Personalsjefen kan ikkje seie kor mange flyktningar som er tilsette i kommunen, men 6,3 prosent av dei tilsette er innvandrarar.

Treng fleire faglærte i pleie og omsorg

• For tre år sidan vart alle kommunale verksemder i Flora utfordra av Innvandrarsenteret. Korleis kunne dei arbeide i lag for at innvandrarane skulle verte ein del av lokalsamfunnet samstundes som verksemdene fekk dekka kompetansebehova sine?

• Prosjektet Frå flyktning til floraværing hadde som mål at fleire innvandrarar skulle skaffe seg den kompetansen dei kommunale tenestene treng.

• Eitt resultat var ein klasse for framandspråklege elevar Vg1 helse og oppvekst i 2014. 17 byrja og går no på Vg2. I fjor byrja ti nye elevar.

• Eit anna rekrutteringsprosjekt er Jeg vil bli helsefagarbeider – med ABC til fagbrev, utarbeidd av Aldring og helse. 22 tilsette, både innvandrarar og etnisk norske, i Flora kommune byrja på kurset i 2014.

• Pleie- og omsorgssektoren har i dag 49 tilsette med 21 ulike nasjonalitetar. 19 har fagbrev eller høgskuleutdanning.

• Alle unge og vaksne floraværingar som har avslutta Vg2 helse og oppvekst, og som vil bli helsefagarbeidar, har til no fått læreplass i kommunen.

•Dei ti avdelingane i pleie- og omsorgssektoren følgjer no opp 17 elevar frå dei framandspråklege klassane, 22 assistentar frå ABC-kurset, tre ordinære lærlingar frå vidaregåande og 27 sjukepleiar- og vernepleiarstudentar. I tillegg kjem fem innvandrarar som treng språk- eller praksistrening ein eller to dagar i veka, pluss sju som kjem via Nav for å få arbeidstrening.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy