Reinhald og robotar på full fart inn i framtida

2016070410410020160829092909

colourbox

Reinhald som yrke har utvikla seg enormt på eit par tiår. Fyrst i 1994 vart reinhald akseptert som eige fag. I dag kan ein gjere karriere som reinhaldar, og ta fleire utdanningar som fagbrev, fagskule, bachelor- eller doktorgrad.

Nora Johanne Klungseth, som har fagbrev som reinhaldsoperatør og doktorgrad i arkitektur frå NTNU, skriv i avhandlinga si at reinhald kan definerast som yrke sidan slutten av 1800-talet. På denne tida kan ein sjå spor etter etablering av fagforeiningar, som blei danna av kvinner som jobba som reinhaldarar i kommunale bygg.

Reinhald har vore eit yrke dominert av kvinner, og eit fag som har vore neglisjert av forskingsmiljøa. Den manglande interessa for faget førte til at metodane som vart nytta var tungvinte for personalet, og øydeleggjande for golva.

I 2000 kom reinhaldsstandarden INSTA800. Standarden er eit måleverktøy som gjer at ein kan ha same referanseverk og vurdere kvalitet på reinhaldsarbeidet på same måte. Fagforbundet har vore ein pådrivar og bidragsytar for å ta i bruk og utvikle standarden, saman med blant anna arbeidsgjevarorganisasjonar og reinhaldsverksemder.

I Danmark har Odense kommune vald å ta i bruk robotstøvsugarar ved alle omsorgssenter i kommunen, skriv Renholdsnytt i utgåve 1, 2016. Robotstøvsugarar kan vere eit godt supplement og vedlikehaldsverktøy, men kan ikkje erstatte vanlege støvsugarar. For reinhaldaren kan det bety at belastninga blir mindre ved at ein reduserer støvsuging under senger eller andre møblar.

Nettbrett vert eit stadig vanlegare verktøy for reinhaldarane i dag. Nettbrettet er gjerne montert på vogna som reinhaldaren nyttar. Ulike system som er utarbeida, gjer at ein på nettbrettet kan sjå kva område ein har ansvar for å reingjere den aktuelle dagen. Ved endringar i arbeidsplanen kan ein sende ei melding til leiaren sin og gje beskjed om dette. Brukar ein lengre tid enn planlagt, kan reinhaldsoperatøren dokumentere kvifor ved å ta eit bilete, eller skrive kva ein har gjort. Ein kan enkelt dokumentere utført smitte- eller akuttreinhald ved å ta bilete av til dømes blodsøl eller ekskrement. På nettbrettet kan ein og skrive ei melding i avvikssystemet viss bruken av eit rom er endra eller det er andre grunnar til at reinhaldaren ikkje får utført arbeidet.

Nanoteknologi og ATP er to andre omgrep som har gjort sitt inntog i reinhaldsfaget. ATP-målingar har vore gjennomført ved Haukeland Universitetssjukehus. Det er ei måling der ein tek prøvar av utvalde kontaktpunkt som viser kor mykje organisk materiale det finst på eit punkt. Ein kan på den måten arbeide meir målretta mot område som viser høge verdiar.

Nanoteknologi finst til dømes i mikrofiberklutar. Ein mikrofiberklut er i stand til å gjere overflatar reine utan bruk av kjemikaliar, skriv forskar Steinar Nilsen. Utvikling av, og informasjon om slike produkt vil kunne lette arbeidskvardagen til reinhaldsoperatøren, og forhåpentlegvis redusere bruk av reingjeringsspray. Det er godt dokumentert at bruk av slik spray kan vere helseskadeleg, og aukar faren for å utvikle astma og kols.

Utvikling og bruk av reinhaldsteknologi vil utvilsamt lette arbeidet i ein bransje som har vore prega av tungt fysisk arbeid. Teknologi kan og vere ein faktor som kan bidra til å jamne ut kjønnsbalansen, i tillegg til å vere eit rekrutteringsverkemiddel i seg sjølv.

Teknologien er eit gode for både arbeidsgjevar og arbeidstakar ved å gje god oversikt over bygga og arbeidet som er utført. Fagforbundet ser fordelane, men er i tillegg opptatt av ikkje å undervurdere utfordringane ved bruk av teknologi. Teknologi kan og medføre ulemper for arbeidstakarane.

I ein artikkel frå Fafo blir det hevda at overvaking av tilsette ved bruk av teknologi kan føre til både stress og tillitsbrot mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar. Det norske arbeidslivet er i stor grad basert på tillit. Tillitsbrot kan skje, også ved misbruk av teknologi. Det er difor viktig å styre og nytte teknologien til fordel for både arbeidsgjevar og arbeidstakar.

Språk og kompetanse er og viktig når vi tek i bruk ny teknologi. Teknologi kan lette arbeidskvardagen til dei med språkutfordringar, ved til dømes å nytte bilete som dokumentasjon. Språk er likevel essensielt for å nyttiggjere seg kompetanseheving og opplæring.

Reinhaldsbransjen er, med bruk av ny teknologi, ein bransje på full fart inn i framtida. Det er viktig å sikre at teknologien blir nytta til rett formål, og at dei tilsette får god opplæring i å bruke den. Ny teknologi vil då kunne vere eit godt verktøy i reinhaldsoperatøren sin kvardag.

Anne-Mari Samskott

Rådgjevar i Fagforbundet, Seksjon samferdsel og teknisk.

Kjelder

FDV – forvaltning, drift, vedlikehold, 1. utgåve (2016)

HMS for ansatte innen renhold, Fagforbundet (2010).

Når arbeidet kan spores fra sjefens kontor, Alf Tore Bergsli, www.arbeidsliv.no (05.10.2012)

Karriere som renholder, Fagforbundet (2013).

Rengjøringsspray og astma – bruk av rengjøringsspray gir helseplager, S. Nilsen og J.V. Bakke, Fagforbundet (2014).

Renholdsnytt nr. 1/2016.

«Robotstøvsugarar kan vere eit godt supplement og vedlikehaldsverktøy, men kan ikkje erstatte vanlege støvsugarar.»