Tar saken

Siv Kjøllmoen, rådgjevar i forhandlingseininga i Fagforbundet, meiner det er flott at tillitsvalde nyttar paragraf 14-9 i arbeidsmiljøloven for å auke stillingar slik dei gjer det i Kvinesdal.
– Loven er ikkje heilt tydeleg, men etter mi meining klår nok, seier ho.
Kjøllmoen hevdar at tilsette har krav på den stillingsprosenten som svarer til det dei har arbeidd dei fire siste åra.
– Me har mange medlemmar som har 20 prosent stilling i botn, men som likevel arbeider 75 prosent. Då har dei rett på 75 prosent fast stilling, seier ho.
Rådgjevaren i Fagforbundet oppmodar tillitsvalde til å ta kontakt dersom dei ikkje får gjennomslag for auka stillingar hos arbeidsgjevar.

2012061812223020131214183208
Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy