JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Tilsette får betalt for vidareutdanning

– Vidareutdanning gjev ein teoretisk ballast som gjer det lettare å forstå bebuarane, seier Anne Gresseth. Etter to år som deltidsstudent har ho mest alltid ein knagg å hengje dei vanskelege situasjonane på.

2012052913052520131214182246

karin.svendsen@fagforbundet.no

– Eg trudde eg kunne mykje, men ein kan alltid lære meir, meiner Anne Gresseth. Ho har tatt vidareutdanning i demens og alderspsykiatri og vart ferdig for snart eitt år sidan.

Anne er hjelpepleiar og har arbeidd i eldreomsorga i 20 år. Dei siste åra har ho vore på skjerma avdeling ved Meråker sjukeheim.

– Eg har lært mykje gjennom jobben, så eg hadde ein fagleg ballast med meg. Likevel var det godt å fylle på med teori. Eg forstår meir no enn eg gjorde før eg tok vidareutdanning, seier ho.

Ho merkar det særleg når åtferda til ein bebuar er litt problematisk.

– Då er det greitt å ha ein knagg å hengje det på, tykkjer ho.

Slik har utdanninga gjort det lettare å forstå og handtere krevjande situasjonar, og jobben er blitt meir interessant.

– Sett deg ned

Miljøhandsaming fylte andre året på deltidsstudiet ved fagskulen. Av alt påfyll Anne Gresseth fekk med seg frå vidareutdanninga, er dette eitt av dei nyttigaste råda ho kan vidareformidle:

– Sett deg ned! Hjelpepleiaren ved sjukeheimen i Meråker trur ein bebuar med demens kan oppfatte ein person som kjem i stor fart, og som snakkar ovanfrå og ned, nærast som eit uhyre. Ho er overtydd om at det kjennes mykje betre for bebuaren om pleiaren tar seg tid til å opptre roleg og setje seg ned.

– Dagen blir så mykje betre når me tar oss tid til å sitje ned litt og møte bebuaren der han eller ho er, seier ho.

– Men å forstå personen med demens krev kunnskap, legg ho til.

Hjelpepleiaren erkjenner at tidspresset er stort.

– Det er ei kjennsgjerning at me ikkje har god tid på jobben, seier Gresseth. Men ho understrek at det likevel ikkje nyttar å skunde seg; ein person med demens kan ikkje opptre på våre premissar og i vårt tempo.

Prisgitt oss

Etter 20 år i eldreomsorga er Anne Gresseth medviten om kor viktig ho og kollegene er for bebuarar som er råka av demens.

– Me representerer tryggleik og omsorg. Som regel søkjer ikkje bebuarane kontakt med kvarandre. Dei søkjer merksemda vår, og dei går gjerne i hælane på oss. Då er det sjølvsagt viktig at me er venlege. Det er ikkje alltid like lett, men viss du smiler og er venleg, skjer det mykje artig på ei vakt. Og når du klarer å gjere ein god jobb, får du så mykje igjen.

For dei fleste pleiarane kan det nok vere krevjande å svare på same spørsmål med eit smil kvart femte minutt.

– Dette er eit arbeidd som krev tolmod. Masse tolmod, medgjev Gresseth. Løysinga for ho er å bruke mykje humor.

– Elles er det stor takhøgd her. Me som arbeider i lag, tar godt vare på kvarandre, og når det er tungt for ein av oss, får me avlastning av ein annan.

To år av livet mitt

– Eg ville ha tatt denne utdanninga uavhengig av økonomisk støtte og auka løn. Men støtta og lønsauken er sjølvsagt ein kjærkomen bonus.

Etter om lag 20 år i arbeid i demensomsorga, byrja Gresseth å tenkje på om ho ville gjere noko anna. Ho konkluderte med at ho ønskte å halde fram i denne ­jobben. Men ho kjende at ho trengte fagleg påfyll, og ho brukte eitt år før ho hadde bestemt seg for å ta vidare­utdanninga.

– Ein finn alltid argument for å la vere å gjere noko. Men mitt råd er at viss du kjenner eit snev av lyst til vidareutdanning, bør du ta fagskulen. Viss du skal tenkje deg om, tar du kanskje aldri sjansen.

Anne Gresseth er i alle fall glad for at ho omsider tok skrittet – sjølv om det er langt frå Meråker til Tønsberg og fagskulen til Kompetansesenteret for demens og alderspsykiatri. Ho veit at mange kvir seg for å reise åleine så langt.

– Men på fagskulen møter du andre som også er vane med å gje omsorg. Eg var aldri einsam. Og no har eg face­bookvener over heile landet, seier ho.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy