JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Tragisk amatørskap

Sakene til alvorleg sjuke og uføre vert ikkje handsama på Nav-kontora innan rimeleg tid. Dermed står dei på bar bakke utan inntekt når sjukmeldingstida er omme, skriv Fagbladets redaktør Johnny Daugstad.

2008032710014320131216042622

Sakene til alvorleg sjuke og uføre vert ikkje handsama på Nav-kontora innan rimeleg tid. Dermed står dei på bar bakke utan inntekt når sjukmeldingstida er omme. Mykje av årsaka skuldast at dei tilsette er overarbeidde. Saksmengda veks dei over hovudet, samstundes som dei sit midt oppe i den største omstillingsprosessen i offentleg verksemd vi har hatt her i landet. Meir enn 15.000 ­tilsette skal organiserast inn i nye oppgåver og nye rutinar saman med nye kollegaer, på heilt nye kontor og heilt nye sjefar.

Sivilombodet har no kome med kraftig kritikk av Nav for slett handsaming av brukarar og tenestemot­takarar. Verst går det ut over kronisk sjuke med krevjande somatiske lidingar, funksjonshemma og dei som slit psykiske.

Dei tilsette må tole kritikk for at dei ikkje møter ­brukarane på ein «verdig måte». Dei har ikkje naudsynt kompetanse, og dei meistrar ikkje det tverrfaglege samarbeidet. Mange av klagarane har sikkert rett. I møte med Nav er det mange som kjenner seg umenneskeleggjorde, mistenkte og handsama med manglande respekt.

Samstundes er det slik at stor arbeidsmengde, ulike lønssystem, ulike kulturar, ulik fagleg ståstad og ulike måtar å arbeide på har gjort kulturbygginga vanskeleg.

Næringslivet kan ikkje vitne om særleg mange vel­lukka fusjonar, men har mange gode røynsler om kva som kan verte mislukka.

Dei tilsette sine organisasjonar åtvare mot at manglande kultursmelting og dårleg kommunikasjon kunne lage store vanskar for heile Nav-reforma. Difor bad dei om meir pengar til omstillingsprosessen. Det ville ikkje Bjarne Håkon Hanssen gje, og no er det krise.

Politikarane og leiinga i Nav må definere realistiske mål for dei tilsette og få på plass dei naudsynte ressursane til gjennomføringa. I tillegg må det gjennomførast ei truverdig kulturbygging og utvikling av det tverrfag­lege samarbeidet.

Alternativet er at heile Nav bryt saman.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy