Ungdom hjelper til

Helsedirektoratet får hjelp av seks ungdommar for å rekruttere fleire unge til helsearbeidarfaget.

2011022314251720131214155129

For tredje år på rad står direktoratet i spissen for ein rekrutteringskampanje for å informere ungdom om yrket, og for å få fleire til å utdanne seg til helsefagarbeidar.

– Det er stort behov for flinke helsefagarbeidarar i Norge, seier Tonje Thorbjørnsen. Ho er tilsett i direktoratet, og er prosjektleiar i Kompetanseløftet 2015. Thorbjørnsen opplyser at tal frå Statistisk sentralbyrå syner at helse- og sosial­sektoren truleg vil mangle 41.000 årsverk med helsefagarbeidarar i 2030.

Sprek nettside

Direktoratet har engasjert seks ungdommar som allereie har valt yrket. På http://kampanje. helseogsosialfag.no finn du mellom anna bloggen deira. Her kan du og gå gjennom ein enkel test for å sjå om du passar til yrket.

Tina Aase er ein av ungdommane som er med i kampanjen. Ho går nå på Vg1 Helse- og sosial på Kongsberg vidaregåande skole.

– For meg har den viktigaste grunnen til å velje dette yrket, vore at eg får høve til å hjelpe andre menneske, at eg kan gjere ein forskjell for dei som treng hjelp, seier ho. Aase har vore utplassert ein til to dagar i seks veker i ein bustad for eldre.

På nettsida fortel Aase og dei fem andre ungdommane om sine røynsler som elev, lærling og nyutdanna helsefagarbeidar.

Variert yrke

Tonje Thorbjørnsen er oppteken av at ein helsefagarbeidar har mange ulike moglegheiter.

– Som helsefagarbeidar kan du jobbe med menneske i ulik alder og i mange ulike livssituasjonar. Helsefagarbeidarar kan jobbe i heimetenesta, på sjukeheim, med psykisk sjuke, i rusomsorgen, på sjukehus, med rehabilitering og i omsorgsbustader.

Søk i tide

Tonje Thorbjørnsen har tru på at det er mogleg å auke talet på dei som vel helse- og sosialsektoren.

– I fjor valde nesten 12 prosent av elevane i 10. klasse Vg1 Helse- og sosialfag. Dette var ein auke på ni prosent frå året før, opplyser ho.

Prosjektleiaren minner om at ungdom som vil bli helsefagarbeidar, må søke på helse- og sosialfag på Vg1, og deretter søke helsearbeidarfaget på Vg2. Så følgjer to år som lærling med lønn, på ulike lærestader, før prøven for å ta fagbrev.

Ansvarlig redaktør:
Hege Breen Bakken
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt:
Redaksjonen
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy