JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Valiumsnippar frå Vågå

Gerd Gjesling Sandbo og Magnhild Råstad treff kvarandre to dagar i veka for å bake. Dette er ein del av grøn omsorg i Vågå kommune.

2007122110440820131216032639

Varme, vande hender trillar bollar. Dufta av nybakte rundstykke siv sakte ut or omnen. Og i bakebollen ligg kringledeigen og ventar og veks.

Det er bakedag på kjøkenet til Magnhild Råstad. Garden hennar ligg eit par kilometer frå Vågåmo, og etter avtale med kommunen kjem tre brukarar hit kvar veke. Gerd Gjesling Sandbo er ein av brukarane. Ho er her på måndag og onsdag. Av og til er dei utomhus, men som oftast finn dei på noko inne.

Mest baking I dag skulle dei ha plukka bær, men det regna i natt.

– Så det får bli ein annan gong, meiner Gerd. For henne er visst det like greitt.

– Gerd likar best å bake, så det blir mest av det, fortel Magnhild.

Når deigane er sett til heving, dekkjer dei bordet og et formiddagsmat. Då er det også tid for ei oppdatering.

– Dei har gått tom for bakst på Frivilligsentralen. Dit leverer me fast, så i dag bakar me berre for dei, opplyser Magnhild. Ho kan også fortelje at dei har fått tinging på to fyrstekaker.

– Men det har ikkje nokon hast. Vi tek det når det passar, legg ho til.

Godt rykte Og det kan det bli ei stund til. For Gerd minner om at no er det berre to veker til fødselsdagen hennar. Ho vil servere både sjokoladekake, eplekake og sukkerbrød.

Fram til fødselsdagen kan det kome inn fleire tingingar. For ryktet om den gode baksten har spreidd seg.

– Mange vil ha oss til å bake når dei skal ha selskap og andre samkome. Det er artig, tykkjer Gerd og Magnhild.

– Kanskje blir det for travelt til at vi kan ut i skogen og plukke bær, undrar Gerd.

Nervedag Kjøkenet på Råstad er fast leverandør av bakst til den internasjonale psykiatridagen, eller nervedagen som han heiter i Vågå. Då blir det servert nervebollar og valiumsnippar på Frivilligsentralen.

– Dei som et slikt, blir nok glade og rolege, meiner dei to bakstekjerringane.

Fast stilling Etter tre år som vertskap for brukarar som ønskjer ein aktiv kvardag på garden, er Magnhild Råstad no fast tilsett i Vågå kommune. Ho arbeider saman med brukarane tolv timar kvar veke. Det svarer til ein 32 prosent stilling. I tillegg betaler kommunen leige slik at garden får ei næringsinntekt.

Fyller disken Etter to timar ved bakstefjøla og komfyren, reiser Gerd tilbake til Vågåmo. Ho har med seg tre fat med ferdig bakst som skal ned til Frivilligsentralen. No kan dei igjen fylle opp kafédisken med fersk kringle og velduftande bollar og rundstykke.

KVALITETSARKIVET - KVALITETSHS

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy