JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Økokrim med fem forslag

Dette vil Økokrim gjøre for å stoppe kriminelle i arbeidslivet

FRAMOVERLENT: Pål Lønseth er sjef for Økokrim og vil blant anna at det skal koste dyrt å vere kriminell i arbeidslivet.

FRAMOVERLENT: Pål Lønseth er sjef for Økokrim og vil blant anna at det skal koste dyrt å vere kriminell i arbeidslivet.

Øystein Windstad

Økokrim vil stoppe kriminelle gjengangarar. Dei som bevisst bryt lover og lagar farlege arbeidsplassar, skal få sterkare reaksjonar.

2024020709455120240207105904

oystein.windstad@fagbladet.no

– Det er klart at dette er ein hån, seier Økokrim-sjef Pål Lønseth og beskriv noko som myndigheitene ser:

Folk med gule vestar og hjelmar går og noterer ved sidan av eit stillas som er sett opp på ein måte som er farleg for arbeidarane. Jobbinga ved stillaset blir stoppa og eigaren får beskjed om å ordne opp, og så kan arbeidet starte igjen. Men så snart dei gule vestane det står Arbeidstilsynet på har gått ut porten, startar arbeidet på det farlege stillaset igjen og ingen sikring skjer. Eller det farlege stillaset og verktøya blir pakka ned og det usikra arbeidet startar ein annan plass.

Sende kranførar i døden – fekk 60 dagar i fengsel

KONFERANSE: Pål Lønseth saman med Trond Finstad som sit i arbeidsutvalet og leiinga i Fagforbundet. Svart Økonomikonferansen er arrangert av Fagforbundet og NTL og set søkelys på alt frå lønstjuveri til skatteunndragelse.

KONFERANSE: Pål Lønseth saman med Trond Finstad som sit i arbeidsutvalet og leiinga i Fagforbundet. Svart Økonomikonferansen er arrangert av Fagforbundet og NTL og set søkelys på alt frå lønstjuveri til skatteunndragelse.

Øystein Windstad

Administrativ inndraging

Frå scena på Svart økonomikonferansen kom Økokrim-sjef Pål Lønseth med nyheita: Økokrim kjem med fem forslag som skal stoppe dei som driv ulovleg. Eit av dei fem forslaga går ut på at Arbeidstilsynet skal kunne inndra det farleg monterte stillaset, midlertidig. Ved administrativ inndraging. Eller at dei som gjer alvorlege lovbrot kan få midlertidig inndratt løyva til å drive. I tillegg vil Økokrim at dei som gjer alvorlege lovbrot skal måtte betale for inndraginga av utstyret eller andre kostnadar knytt til lovbrota:

– Når det ikkje er nok med å stoppe drifta, må ein kanskje ta det stillaset ved administrativ konfiskering. Slik at det ikkje er så lett å ta det med seg ein annan plass og starte på nytt ulovleg, seier Økokrim-sjef Lønseth.

{f1}

DEBATT: Hadia Tajik (Ap), 1.nestleder, Justiskomiteen, Ingvild Wetrhus Thorsvik (V), medlem, Justiskomiteen, Aleksander Stokkebø (H), medlem, Arbeids- og sosialkomiteen delte kva dei vil gjere for å stoppe kriminelle i arbeidslivet på Svart økonomikonferansen i januar.

DEBATT: Hadia Tajik (Ap), 1.nestleder, Justiskomiteen, Ingvild Wetrhus Thorsvik (V), medlem, Justiskomiteen, Aleksander Stokkebø (H), medlem, Arbeids- og sosialkomiteen delte kva dei vil gjere for å stoppe kriminelle i arbeidslivet på Svart økonomikonferansen i januar.

Øystein Windstad

Rapport: Obs-lista selskap fekk jobbe for norske kommunar

 Vil hive ut gjengangarar frå bransjar

Eit anna forslag frå Økokrim er at myndigheitene skal kunne vere hard i klypa mot gjengangarar som bevisst gjev blaffen i lover og reglar. Dei som stel løn, driv farleg og på anna vis bryt lover med kunnskap og vilje, risikerer aktivitetsforbod. Lovbrytarar vil kunne bli nekta å drive innan ulike bransjar. Lønseth seier generelt om forslaga:

 – Myndigheitene må kunne eskalere etter kvart som dei mindre inngripande tiltaka ikkje verkar. Vi ønsker å lovfeste at politiet får bistandsplikt når Arbeidstilsynet har behov for støtte. Vi vil gjere rollene tydelegare i det tverretatlege samarbeidet. Slik at vi får meir effektivitet, seier Lønseth. I fleire delar av landet har det blitt oppretta a-krimsenter.

Der sit folk frå politiet, Nav, Skatteetaten og Arbeidstilsynet saman og jobbar for å stoppe lovbrot i arbeidslivet. Det er a-krimsenter i alle fylke unntatt Møre og Romsdal, Østfold og Innlandet. Økokrim har sendt forslaga til Justisdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Får du ikkje løna du har krav på? Her er seks tips

Stikk til utlandet

Assisterande Økokrim-sjef Inge Svae-Grotli fortel at enkelte av dei som blir tekne rømmer landet:

– Ofte ser vi at useriøse aktørar i dag prøver å sleppe unna når dei blir oppdaga. Dei respekterer ikkje vedtak, forsvinn ut av landet eller opprettar eit nytt organisasjonsnummer (nytt selskap red. anm) sjølve eller via stråmenn. Slik fortset kriminaliteten, forklarar assisterande Økokrim-sjef Svae-Grotli og legg til:

– Vi trur desse konkrete forslaga vil styrke bekjempelsen av arbeidslivskriminalitet i Norge. Formålet er å hindre at lovbrot gjev konkurransefortrinn til dei kriminelle. Det skal vere vanskeleg å vere ein useriøs aktør i Norge.

Dette må du vite om den nye lønstjuveri-lova

Dette er Økokrim sine fem forslag mot a-krim

• Tvangsmulkt og tvangsgrunnlag (Arbeidstilsynet kan kople inn politiet ved tvangsgrunnlag).

• Stansing og forbod mot aktivitetar omfatta av regelverket til vern av arbeidslivet.

• Administrativ førebyggande inndraging.

• Lovbrytar må ta kostnadane.

• Bistandsplikt for politiet.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy