Gylne måltidsøyeblikk 2016
Vinstra har beste sjukeheimsmaten
VINNAREN: Sundheim bo- og treningssenter i Oppland bruker helst lokale råvarer. (Ill.foto)
Erik M. Sundt
God og tradisjonell mat på Sundheim bo- og treningssenter ga kjøkkenet sider i konkurransen Gylne Måltidsøyeblikk 2016.
karin.svendsen@fagbladet.no
Sundheim bo- og treningssenter på Vinstra i Gudbrandsdalen er kåra til vinnaren av Gylne Måltidsøyeblikk 2016. Om lag 200 institusjonar deltok i konkurransen i år, og fem finalistar kjempa om fyrstepremien på 30 000 kroner.
Dei andre fire finalistane var:
• Gloppen omsorgssenter i Sogn og Fjordane
• Løten helsetun i Hedmark
• Vanylven helse- og omsorgssenter i Møre- og Romsdal
• Økernhjemmet i Oslo
Feir kokkens dag med kokken Tor
Juryen si grunngjeving
«Kjøkkenet ser ut til å vere institusjonen sitt hjarte både for dei som bur der fast, dei som kjem frå omsorgsbustadar rundt om, og dei som brukar staden som si kantine. Kjøkkenet er ein ressurs i lokalsamfunnet», heiter det i grunngjevinga til juryen.
Juryen seier vidare at kjøkkensjef Espen Sætha er ei eldsjel med mange planar for korleis kjøkkenet kan utviklast, mellom anna ved å levere mat til barnehage og skule.
Medvit om mat
Gylne Måltidsøyeblikk skal bidra til auka medvit om kor viktig maten er for trivsel og helse for hjelpetrengande eldre menneske. Ved sia av medvit rund maten, er bebuarane og pårøyrande si moglegheit til å påverke kva dei får å ete,evaluert.
Alle finalistane fekk besøk av ei arbeidsgruppe med representantar frå Forbrukerrådet, Pårørandeaksjonen og Landbruks- og matdepartementet for å gje eit totalinntrykk av kandidatane.