JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Dei fyrste elevane i portørfaget er i gang

NOK PRAKSIS: No manglar berre teorien. Sjukehuset i Haugesund får ti portørar med fagbrev før sumaren.

NOK PRAKSIS: No manglar berre teorien. Sjukehuset i Haugesund får ti portørar med fagbrev før sumaren.

Anne Tove Hammer

I dag byrjar ti portørar på Vg3 i Rogaland. Like mange byrja på teoridelen av portørfaget tidlegare i september i Telemark.

2015100113483520230821171436

karin.svendsen@fagbladet.no

Då læreplanen for Vg3 Portørfaget var klar tidlegare i år, var det bare for AOF å hive seg rundt. Det gjorde dei både i Telemark og i Rogaland. I september kunne dei, som dei fyrste i landet, tilby teoretisk undervisning i faget.

AOF tek teorien

AOF Haugaland i Rogaland gjekk gjennom læreplanen, brukte utdrag frå lærebøker i helsearbeidar- og ambulansearbeidarfaget, i tillegg til å lage materiell spesielt retta mot portørar.

– Vi har tett samarbeid med Fagforbundet her, fortel Anne Tove Hammer, kompetanserådgjevar i AOF Haugaland. Dei var derfor godt førebudde på at portørfaget ville kome.

– Og elevane visste vi kvar var å finne, seier ho.

Etter ein kvalitetssjekk med Fagopplæringskontoret var AOF trygg på at teoridelen heldt mål. Og allereie siste dagen i september kunne dei fyrste elevane setje seg på skulebenken.

Ein stolt seksjonsleiar

Magne Bua, leiar for Seksjon helse og sosial (SHS) på Haugesund sjukehus, var den som gjorde AOF merksam på at dei måtte førebu seg på at portørane snart trengte teoretisk pensum og undervisning. Han hjelpte også til då AOF trengte folk som kjende til litteratur som er relevant for portørfaget.

– No er eg litt stolt, seier han. For dei har vore kjappe på Haugaland, og saman med Telemark er dei truleg dei fyrste i landet som kan tilby undervisning i Vg3 Portørfaget.

Nokre av elevane har planar om å ta fagbrevet i desember, men dei fleste tek det før sumaren.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
NOK PRAKSIS: No manglar berre teorien. Sjukehuset i Haugesund får ti portørar med fagbrev før sumaren.

NOK PRAKSIS: No manglar berre teorien. Sjukehuset i Haugesund får ti portørar med fagbrev før sumaren.

Anne Tove Hammer