JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fleire tusen fekk alarm og tekst under «Hans»

Derfor kan du ikkje skru av sirena på mobilen

NYTT: Nødvarsel er eit nytt system. Den tidlegare metoden for varsling brukte SMS. Vanleg melding kan fleire gå glipp av om mobilen er på lydlaus. Og det kan vere nettverskproblem med å sende ut SMS om svært mange er samla på ein stad, som på ein stor konsert.

NYTT: Nødvarsel er eit nytt system. Den tidlegare metoden for varsling brukte SMS. Vanleg melding kan fleire gå glipp av om mobilen er på lydlaus. Og det kan vere nettverskproblem med å sende ut SMS om svært mange er samla på ein stad, som på ein stor konsert.

Colourbox.com

Alle i eit bestemt område vil få nødvarsel på telefonen, enten du vil eller ikkje.

2023081709523020230823091350

oystein.windstad@fagbladet.no 

Korleis er det mogleg for myndigheitene å sette i gang ei sirene, sjølv når mobilen står på lydlaus? Thomas Bekkenes har jobba med offentleg beredskap og IT-sikkerheit i over ti år:

– Det nye nødsystemet skjer via ein funksjon som er ferdig installert når du kjøper telefonen. Ein funksjon som er bakt inn i operativsystemet. Den er ikkje som WhatsApp eller appar som du får varslar frå og kan slette, seier Bekkenes som er beredskapskoordinator og IT-sikkerheitskonsulent i Øygarden kommune i Vestland fylke. 

Privat

• Slik er reglane under ekstremvêr om du slit med å kome på jobb

Millionar ulande mobilar

Tidlegare i sommar gjekk det av sirener i fleire millionar mobiltelefonar i heile landet. Då testa myndigheitene det nye nødvarselet. Etter at uveret «Hans» hølja ned, har det ula i fleire tusen telefonar i dei flaumramma områda. Og i Oslo. Det nye varslingssystemet heiter Nødvarsel og er basert på Cell Broadcast-teknologi. Det betyr at systemet i løpet av få sekund sender ut meldingar og varsel til alle mobiltelefonar i eit bestemt område. Slik kan nødvarslinga nå eksempelvis over ein million på kort tid. Andre varslingssystem basert på sms kan slite om det er mange personar på ein stad. Noko du kan merke om du vil ringe eller sende melding på ein stor konsert med fleire tusen samla tett.

• Måtte evakuere mora til brannsjefen under «Hans»

OBLIGATORISK: Har du ein nyare mobil og er ein plass med 4 eller 5 G-nett, får du nødvarsel om det skjer noko. Norske myndigheiter har bestemt at det ikkje er råd å skru av varslinga for alvorlege hendingar.

OBLIGATORISK: Har du ein nyare mobil og er ein plass med 4 eller 5 G-nett, får du nødvarsel om det skjer noko. Norske myndigheiter har bestemt at det ikkje er råd å skru av varslinga for alvorlege hendingar.

Privat

Umogleg å skru av

Henriette Magnussen er seniorrådgjevar i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Nødvarslinga greier å lage ein sireneliknande lyd, sjølv om telefonen står på lydlaus. Varslinga er basert på internasjonale standarar og er ganske lik i forskjellige land. Og det er ikkje mogleg å skru av varslinga når det skjer noko alvorleg:

– Når det kjem eit nødvarsel vil telefonen vibrere og lage ein høg sireneaktig lyd. Samtidig legg det seg ein tekst framme på mobilen. Nødvarsling har fleire varslingsnivå. Det er ikkje nødvendig å gjere noko aktivt for å få nødvarsel på det øvste farenivået. Det er heller ikkje råd å skru av varselet på dette nivået, seier Magnussen. Det er norske myndigheiter som har bestemt at det ikkje skal vere mogleg å skru av sirena og nødvarslinga på mobilane våre.

Foto: Stian Olberg/DSB

Kan myndigheitene ta over telefonen din?

Er det noko meir enn å få telefonen din til å ule myndigheitene kan få til med varslingssystemet? Nei, svarar Magnussen i DSB:

– Varslinga fungerer slik at telefonen blir som ein radio som får inn ei radiosending. Funksjonen brukar ingen opplysningar om deg som person eller om telefonen din. Det er politiet som trykker på knappen for å sende ut meldingane. Dei får heller ikkje noko svar på om nødvarselet er motteke, seier seniorrådgjevaren og legg til:

– Om det eksempelvis er ein brann med giftig røyk kor det er stor eksplosjonsfare, markerer politiet området dei ønsker å varsle i eit kart. Etter det sender dei eit nødvarsel i dette området. Alle kompatible telefonar som er i området eller som reiser inn medan varselet er gjeldande, vil få opp varslinga. 

 – Når fleire

Thomas Bekkenes er leiar av faggruppe IKT i Fagforbundet. Han seier den nye varslinga er eit solid steg framover:

– Eg er glad for det nye systemet. Samtidig må me passe oss og bruke det på ein vis måte, slik at det ikkje blir ein ulv-ulv-situasjon, seier Bekkenes og viser til mange i Oslo som fekk nødvarsel. Utan at det var flaum eller kritisk situasjon i hovudstaden. 

Vil ha tilbakemelding

Seniorrådgjevar Magnussen fortel at du kan lese meir om varslingssystemet på www.nødvarsel.no. Ein del i Oslo som fekk nødvarsel under uveret «Hans» stussa:

– Vi har fått ein del tilbakemeldingar i samband med ekstremvêret, då nødvarsel blei brukt i fleire politidistrikt. Fleire i publikum trudde det var ein feil at dei fekk varsel ettersom dei var utanfor det røde området på farevarsla frå NVE. Det er ikkje ein heilt unaturleg logikk. Det er likevel ikkje direkte samsvar mellom det røde farekartet og området nødvarsel blei sendt ut i. Det var fleire statsforvaltar som oppmoda politiet om varsling i sitt område i samband med ekstremvêret. Dermed blei det eit ganske stort område som fekk nødvarsel, seier Magnussen. 

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy