Dette er dei ti verste landa for arbeidsfolk

Massive brot på streikeretten, retten til kollektive forhandlingar og organisasjonsfridom. Slik er situasjonen for mange arbeidsfolk.

Europa er regionen med best forhold for arbeidsfolk. Likevel er dei kollektive forhandlingane under angrep i samband med kuttpolitikken etter finanskrisa, ifølge ITUC. Her frå ein demonstrasjon i Spania i 2012.
Europa er regionen med best forhold for arbeidsfolk. Likevel er dei kollektive forhandlingane under angrep i samband med kuttpolitikken etter finanskrisa, ifølge ITUC. Her frå ein demonstrasjon i Spania i 2012.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I rapporten Global rights index, har Den internasjonale fagrørsla (ITUC) peika ut dei verste landa for arbeidsfolk i 2018.

Sykehusstreiken trappes opp

p

Dette er dei ti landa der situasjonen for arbeidsfolk er verst, ifølge ITUC:

• Algerie
• Bangladesh
• Kambodsja
• Colombia
• Egypt
• Guatemala
• Kasakhstan
• Fillipinene
• Saudi-Arabia
• Tyrkia

Streikerett og forhandlingar

ITUC har gått rangert 142 land etter i kor stor grad dei har respekt for arbeidarrettar. Det er femte gong fagorganisasjonen publiserer ein slik rapport, basert på dokumenterte brot på arbeidarrettar.

Best ut kjem dei 13 landa med berre sporadiske brot på arbeidsfolks rettar. Her finn vi Norge, i tillegg til Belgia, Danmark, Finland, Tyskland, Island, Irland, Italia, Nederland, Slovakia, Sverige, Uruguay og Østerrike.

Dei vanlegaste brota på arbeidarrettar på verdsbasis, er brot på streikeretten (87 prosent av landa), retten til kollektive forhandlingar (81 prosent) og retten til å bli med i eller starte ei fagforeining (65 prosent).

Pensjonseksperten: – 20-prosenstregelen er diskriminering av unge kvinner

Krig og kuttpolitikk

Midtausten og Nord-Afrika er dei verste regionane for arbeidsfolk, ifølge rapporten. ITUC viser til krigar som har teke frå befolkninga grunnleggande rettar.

I tillegg viser dei til at arrestasjon og fengsling av fagforeiningsaktivistar ikkje er uvanleg i fleire av landa i regionen. Brot på retten til kollektive forhandlingar og streikeretten er regelen framfor unntaket.

Europa er regionen som kjem best ut. Her er ITUC likevel bekymra for nedbygging av kollektive forhandlingar, slik ein såg då fleire land kutta i offentleg utgifter etter krav frå EU og Pengefondet, utan at arbeidsfolk hadde noko dei skulle ha sagt.

Mindre makt til arbeidsfolk

Rapporten konkluderer med at arbeidsfolk si politiske innverknad vart mindre på verdsbasis i fjor, medan private selskap får stadig meir makt.

ITUC trekk fram blant anna desse utviklingstrekka: restriksjonar i ytringsfridom, valdelege angrep på fagforeiningsaktivistar, svekking av arbeidarrettar og aukande forskjellar.

Powered by Labrador CMS