Di stemme avgjer
I år er stemmene våre særs avgjerande. Kommuneøkonomien har vorte mykje betre etter to år med ei raudgrøn regjering. Lokalpolitikarane har fått mykje større handlingsrom. Men kva vil dei bruke makta si til? spør Fagbladets redaktør Johnny Daugstad.
Det er vårt val: 10. september vert det avgjort korleis det skal vere å bu i våre heimkommunar dei komande fire åra. Dei politiske skilnadane er klare. Frp og Høgre vil privatisere kommunale tenester. Det er det dei kallar valfridom. I praksis kan denne valfridomen føre til at Oslo Frp kan kvitte seg med fleire tusen tilsette, av det slaget dei kallar papirflyttarar. Kven dette er vil dei ikkje seie noko om. Saman med Høgre har dei allereie privatisert mykje av heimetenestene. No vil dei privatisere alle sjukeheimane. Då vert dei kvitt endå fleire kommunetilsette.
Dei raudgrøne partia har lova det stikk motsette. Dei vil bruke ressursane til å tilsette fleire i eldreomsorga og til å styrkje velferdstenestene. Difor er det eit lett val for mange av oss. Diverre er det likevel mange som ikkje nyttar røysteretten. Det kan i år verte avgjerande. Dersom du let vere å stemme, kan di kommune få eit fleirtal som vil privatisere velferdstenestene, kvitte seg med tilsette og gjere innbyggjarane til kundar.
For tre år sidan gjekk talet på tilsette ned i kommunane, og mange ordførarar klaga over at økonomien var så dårleg at dei ikkje makta å løyse alle oppgåvene. No har regjeringa si styrking av kommuneøkonomien byrja å verke, men framleis er det svært mange uløyste oppgåver – særleg i eldreomsorga.
46 prosent av dei tilsette i eldreomsorga meiner at tilbodet til dei eldre ikkje er godt: «Før kom pasientane til oss med kofferten i handa. Dei som kjem hit no, er mykje dårligare og har eit komplisert sjukdomsbilete, men talet på tilsette er det same.»
Dei raudgrøne partia har lova å samarbeide med dei tilsette og fagrørsla kring i kommunane. Dei tilsette veit kvar skoen trykkjer, og saman med politikarane kan dei utvikle god kvalitet i tenestene – dersom politikarane vil.
I dag er det du som avgjer det.
Bruk stemmeretten!
Godt val.