JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nyttig å kjenne kvarandre

Samhandlinga mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta kan vere vanskeleg. I Karmøy har dei tilsette opplevd kor viktig det er å møtast og sjå korleis dei andre arbeider.

2007110510222720131216025355

Etter to veker på sjukehuset i Haugesund kunne ho nesten ikkje vente med å kome attende til jobben i heimetenesta på Skudenes.

– Eg var heilt gira og ville fortelje dei andre om alt eg hadde lært, fortel Ellen Karin Steinkjella. Ho er ein av 80 tilsette i Karmøy kommune som til no har fått høve til å hospitere på sjukehuset.

Hospitering

Sjukehuset i Haugesund har inngått fire samarbeidsavtaler med ti kommunar. Karmøy er ein av kommunane, og avtala om hospitering er ei av avtalene. To av avtalene omfattar somatiske pasientar som er blitt handsama på sjukehuset, og som treng hjelp frå kommunehelesetenesta når dei kjem heim igjen.

Steinkjella er utdanna både som hjelpepleiar og omsorgsarbeidar og har vært tilsett i heimetenesta i 17 år. På sjukehuset fekk ho hospitere på to svært ulike avdelingar.

– Fyrste veka var eg på ei avdeling der eg for det meste observerte. I ettertid har eg tenkt at eg kanskje kunne ha gjort meir, seier ho. Den andre veka var Steinkjella på ein annan avdeling. Her var dei godt førebudde på at ho skulle kome, og på at ho både skulle ta del i arbeidet og lære av pleiarane på sjukehuset. Heile tida medan ho hospiterte på sjukehuset, fekk ho også ein eller to timar med teoretisk opplæring saman med hospitantane frå dei andre kommunane.

– Alt i alt var det kjempenyttig, meiner ho.

Steinkjella nemner at ho til dømes lærte om nye prosedyrar og utstyr for kateteriseringer av kvinner.

– Dette har vore til stor nytte spesielt i forhold til ein av brukarane våre i heimetenesta.

Betre forståing

Eit anna resultat av hospiteringa på sjukehuset er at Steinkjella skjønar betre korleis dei har det.

– No er eg glad for at eg er der eg er. Medan dei arbeider med alle rundt seg heile tida, er vi saman med ein og ein brukar, seier ho.

Samarbeidet om samhandling, utarbeiding av avtaler og hospitering har alt saman gjeve dei tilsette i kommunehelsetenesta auka innsikt i arbeidstilhøva ved sjukehuset. Dei tilsette på sjukehuset har også lært mykje om helsearbeidet i kommunane. Ei av dei som har vore med sidan prosjektet starta, er Tove Rosseland, rådgjevar for tenesteyting i Karmøy kommune.

– Det er lett å meine noko om korleis andre skal oppføre seg. Særleg når du ikkje kjenner rammevilkåra til dei andre, seier Rosseland.

– Vi er til dømes samde om at vi ikkje lover noko på vegne av andre. Før risikerte vi at pasientane kom heim og venta seg noko vi ikkje kunne innfri. No får pasientane rettleiing før dei blir skrivne ut frå sjukehuset, men dei får ingen lovnader. Arbeidspresset er stort både på sjukehuset og i primærhelsetenesta. Dette kan i blant gjere samhandlinga krevjande.

Avtalene seier korleis samhandlinga skal gå føre seg. Framleis oppstår det likevel situasjonar der samhandling ikkje er i tråd med det ein var einige om.

– Då sender vi avviksmelding til sjukehuset. Vi arbeider mykje for å få til ein konstruktiv handtering av avvika. Denne innsatsen er verdifull, og vi kjenner oss trygge på at den er nyttig både for dei tilsette og for brukarane, fastslår Rosseland.

Færre overraskingar

For dei tilsette på bestillarkontoret og i heimetenesta har samhandlingsarbeidet vore særs viktig. I dag kan Rosseland og leiaren på bestillarkontoret, Reidun Kvinnsland, le når dei tenkjer på hissige telefonar frå sjukehuset. No som dei har sett kor travelt det er der inne, skjønar dei at folk på sjukehuset også kan bli litt stressa i telefonen.

– No er vi einige om at utskrivingsdato skal fastsettast i dialog mellom sjukehus og kommunehelsetenesta. Dette har medverka til at vi i førevegen kan sjå kven som kjem, og vi kan samordne pasientmottaket, seier Kvinnsland.

Før kunne dei av og til å få ein telefon frå sjukehuset fredag ettermiddag klokka to med melding om at den og den pasienten var på veg heim, og at han trengte oppfølging tre gonger om dagen. Det hender ikkje så ofte no.

Overføring av informasjon

Før var det også eit problem at dokumentasjonen som skulle følgje pasienten, kom seint eller ikkje i det heile.

– Overføring av informasjon er eit sentralt område for forbetring, meiner Rosseland.

– Det er viktig at naudsynt informasjon fylgjer brukaren. Manglande informasjon kan til dømes auke faren for feilmedisinering. Det kan vere kritisk både i høve til nye og gamle brukarar, seier Rosseland. Ho opplyser at samarbeidsutvalet med representantar frå sjukehuset og kommunane arbeider for at dokumentasjonen skal kunne sendast elektronisk.

Hjelp til krevjande pleie

Ein tilleggsavtale sikrar helsetenesta i Karmøy kommune opplæring frå sjukehuset i visse høve.

– Det hender vi tar imot brukarar som av ulike grunnar har behov for spesialiserte tenester. I slike høve kan vi gjere avtale om at sjukehuspersonell kjem ut til oss i primærhelsetenesta, eller vi kan sende vårt personale på opplæring på sjukehuset. Dette er særleg aktuelt ved smertelindring og terminal pleie. Her opplever vi ei spesialisthelseteneste som verkeleg vil yte og hjelper oss på ein god måte, seier Rosseland.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy