JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nasjonal helseplan: Vil redde lokalsjukehuset

Regjeringa seier i fråsegna frå Soria Moria at inga lokalsjukehus skal leggjast ned. Denne lovnaden blir utfordra fleire stader. Vi har vitja Lærdal kor demonteringa av helsetilbodet er komen langt. Men lokalbefolkninga har også eit håp om at Nasjonal helseplan vil redde deira og andre lokalsjukehus.

2008012615140420131216034521

– Dersom regjeringa ikkje stansar vedtaket, er heile Soria Moria ein stor flopp. Kva tyder det eigentleg at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned dersom dei tillet at lokalsjukehusa vert demonterte bit for bit, spør ordføraren i Lærdal, Knut Aarethun. Ein onsdag i september 2006 reiste ein delegasjon frå Indre Sogn til Oslo for å møte Sylvia Brustad. Dei ville redde ortopediklinikken på lokalsjukehuset i Lærdal. Den einaste som kunne setje foten ned for vedtaket i Helse Førde og Helse Vest om å leggje ned klinikken, var helse- og omsorgsministeren. No ville dei overtyde statsråden om å gripe inn. – Det er ei gåte korleis Helse Førde kan vere trygg på at vi framleis vil ha eit forsvarleg helsetilbod når dei ikkje utgreia konsekvensane før dei vedtok å leggje ned, seier Aarethun. Innbyggjarane er redde for å miste både akuttberedskapen og støttefunksjonane dersom ortopedien blir borte – i ein region med stendige ras langs vegane, for ikkje å gløyme: mykje vêr, høge fjell og vanskelege tilhøve for helikoptertrafikk. – Vedtaket frå Helse Førde er ein skandale, slår Aarethun fast. Og den er i følgje ordføraren total om ikkje nedleggingsprosessen blir stansa på eit eller anna nivå. Bak seg har delegasjonen alle kommunane og dei 28.000 innbyggjarane i Indre Sogn.

Klinikk i særklasse

Alkohol på godt og vondt. Slik presenterer ein sjølvironisk Kjell Bakke seg sjølv. For snart tjue år sidan arbeidde Bakke på ein pub og fekk eit ølfat i kneet. Sidan har han kjent det. Han har levd med smerter og har ikkje lenger håp om å kunne klare seg utan krykkjer. – Men no har eg endeleg fått god hjelp, seier han, lyfter ei krykkje og peiker bort på lokalsjukehuset i Lærdal. – Før det, da. Fekk du inga hjelp? Bakke ser ut i vêret og stønnar oppgitt. – Etter utgreiingar og operasjonar ved fleire sjukehus i Oslo, Bergen og på Voss, var det omtrent like ille, seier han. – Eg ville ha protese, men dei sa eg var for ung. I Lærdal fekk eg protese, og eg har ikkje hatt det betre på alle dei år. Særleg er Bakke nøgd med måten lokalsjukehuset ivaretek han. – Her vart eg undersøkt av same legen frå fyrste oppmøte, gjennom operasjon og rehabilitering og no på alle kontrollane. Servicen og miljøet er heilt makelaust. Det er som å bu på hotell; eg må berre tyggje maten sjølv.

Laks og ortopedi

– Før var det berre laksefiskarar som kjende til Lærdal. No kjem kollegar frå heile landet for å sjå korleis vi driv ortopedien. Truls Jellestad, ortoped og overlege ved ortopediklinikken, er nøgd med det tilbodet han og dei om lag 30 andre tilsette har bygd opp ved lokalsjukehuset. – Vi var dei første her til lands som tok i bruk eit nytt datastyrt navigasjonssystem for innsetting av protesar. Metoden er særs presis, og om lag ti andre sjukehus har no same system, fortel han. Eit grunnleggjande, og her i landet unikt, trekk ved organiseringa av ortopediklinikken i Lærdal er at rehabiliteringa er integrert på klinikken. – Pasienten har kontakt med same lege, fysioterapeut og pleiepersonell frå han kjem inn til han reiser ut. Her får han behandling og rehabilitering utan opphald. Den samla liggjetida er difor lengre enn ved andre sjukehus, men kortare om du ser på behandlingsopphald og opphald for rehabilitering under eitt, seier overlegen.

Vi som er her, reiser

Jellestad fastslår at ingen, heller ikkje styret i Helse Førde, nektar for at dei driv godt og kostnadseffektivt. Han tykkjer det er bittert at ortopediklinikken kan bli lagd ned. – Når vi har vist at vi har lukkast, så skal han leggjast ned. Og eg trur ikkje helseføretaket vil spare på det. Til innvendinga om at styret i Helse Førde og Helse Vest ikkje vil leggje ned, men leggje om, svarer han: – Ja, dei seier så, men vi som arbeider her, reiser.

Mange omsyn

Det er lettare for ortopedipasientar å stå fram enn det er for pasientar med prostatasjukdommar. Prostatapasientane i indre Sogn har til no ikkje hatt eit godt behandlingstilbod. No får dei det, lover styreleiar i Helse Førde. – Når vi vert pålagd å spare 60 millionar, må vi kutte der vi har overkapasitet, seier Clara Øberg, styreleiar i Helse Førde. – I følgje nettsida til Fritt sykehusvalg er ventetida på utgreiing for operasjon i Sogn og Fjordane minst 10 veker. Er det då overkapasitet? – Dersom vi ser på innbyggjartalet og talet på senger, ligg fylket vårt godt an. Og ventelistene har minka. – Men dersom ortopediklinikken i Lærdal blir lagd ned, vil ikkje ventetida auke? – Det veit vi ikkje. Vi kan ikkje vite kor mange skader og ulukker som vil skje. – Og dette er ikkje ei nedlegging, men ei omstilling på bakgrunn av 60 millionar kroner i minus, legg ho til. – Når vi må kutte, må vi ta der vi har rikeleg. Øberg understrekar at fylket manglar plassar for å behandle personar med rusproblem, at pasientar frå Indre Sogn har måtta reise heilt til Førde for å få dialyse, og at pasientar med prostataproblem ikkje har hatt eit tilstrekkeleg godt tilbod i området. – Desse pasientgruppene skal no få eit tilbod. Vi må og ta omsyn til gamle menn med prostatasjukdommar sjølv om det ikkje er nokon i denne gruppa som står fram i pressa og etterlyser eit tilbod, meiner Øberg.

Nasjonal helseplan

Dei fem regionale helseføretaka har eit oppsamla underskot på 7,5 milliardar kroner, og styrer mot eit underskot på om lag 1,5 milliardar i år. Medan Fagbladet gjekk i trykken (september 2006), la regjeringa fram to sentrale dokument som peiker ut vegen vidare for sjukehusnoreg: Nasjonal helseplan strekar opp rammer for utviklinga av helsesektoren fram mot 2010, medan statsbudsjettet syner om regjeringa vil løyve pengar for å bøte på det stendig veksande underskotet i helseføretaka. For Lærdal og andre lokalsjukehus som er truga av innsparingar og nedleggingar, kan desse dokumenta bli eit vere eller ikkje vere.

Folkeaksjonen Forsvar Lærdal sjukehus:

«... fleire ambulansar gjev diverre ikkje kortare veg, færre fjordar og fjell, sjeldnare ras eller betre vêr.»

Korleis demontere eit lokalsjukehus

2003: Lærdal har eit fullverdig lokalsjukehus med fødeavdeling, kirurgisk avd., medisinsk avd., overvakingsavd., akuttberedskap, anestesi, laboratorium og røntgen. 2003: Styret i Helse Førde vedtek å gjere fødeavdelinga om til fødestove. Statsråd Dagfinn Høybråten grip inn. Resultat: Lærdal får ei forsterka fødestove med gynekolog og jordmor. September, 2004: Helse Førde legg ned avdeling for blautdelskirurgi og for ortopedi. Desember 2004: Helse Førde opprettar ortopediklinikken som skal ta imot pasientar frå heile Helse Vest for å redusere ventetida. 2004: Talet på fødslar ved sjukehuset i Lærdal er gått ned frå 232 i 2003 til 134. September 2005: Soria Moria: Dei raudgrøne partia vert einige om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. 2005: Talet på fødslar er igjen redusert. Dette året var det berre 115 kvinner som fødte ved fødestova. 2005: Ortopediklinikken tek imot om lag 1000 døgnpasientar og 500 dagpasientar. Køen i Helse Vest er ikkje lengre enn i andre helseregionar, og folk i Sogn og Fjordane må ikkje vente lenger enn andre på inngrep. Oktober 2005: Adm.dir. Jon Bolstad i Helse Førde og klinikkdirektør Anne Margrete Øvsthus instruerer klinikken til å prioritere pasientar utanfor helseregionen. Av omsyn til innteninga skal 70 prosent av pasientane hentes utanfrå. Januar 2006: Helsetilsynet i Sogn og Fjordane meiner instruksen frå administrasjonen i Helse Førde er i strid med pasientrettigheitslova. Mai 2006: Regjeringa løyver 60 ekstra millionar til Helse Vest på grunn av tidlegare skeivfordeling samanlikna med andre helseføretak. Helse Vest og Helse Førde nyttar ikkje dei ekstra midlane til drift, men til å slette gjeld. Juni 2006: Regjeringa legg fram utkast til Nasjonal Helseplan: Inga lokalsjukehus skal leggjast ned, og det skal være nærleik til akuttberedskap og fødetilbod. Fyrste halvår 2006: Det ligg an til at talet på fødslar blir langt under 100 i år. Juli 2006: Helse Førde vil leggje ned ortopediklinikken for å spare om lag 10 millionar. Seks senger på medisinsk avd. skal delast mellom ortopedi, urologi og øyre/nase/hals. Pasientar kan heretter berre komme inn for små operasjonar og i akutte tilfelle. Representantane for dei tilsette stemte for nedlegging. (Kjell Nygård frå Fagforbundet var ikkje til stades.) 2006: Helse Førde vil etablere desentralisert dialyse med tre senger. 6. september 2006: Helse Vest stadfester vedtaket frå Helse Førde. To representantar stemmer mot, men tilsetterepresentantane stemte med fleirtalet for nedlegging. Forventa innsparing er no redusert til om lag 3 millionar. 29. september 2006: Fagbladet har gått i trykken, men Sylvia Brustad har innkalla til føretaksmøte med Helse Vest. 6. oktober 2006: Statsbudsjettet blir lagd fram, og vi får vite om det følgjer pengar med lovnadene om å oppretthalde lokalsjukehusa.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy